Gå til innhold
  • Bli medlem

Atle Romøren

Passivt medlem
  • Innlegg

    3
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Atle Romøren

  1. Eg har skrive om dette ein annan stad i dette forumet, men eg tek det likevel oppatt her. For det første: Store Skagastølstind er godt synleg frå busetnaden på Lægreidssida på Årdalstangen. Eg bur sjølv her. Oppe i Langvollvegen på ca 70 moh stikk toppen opp over fjella i framgrunnen. For det andre: Storen er godt synleg frå sjøen, men då må ein forlata den vanlege leia inn Årdalsfjorden. Det gjorde nok ikkje Slingsby på sine ferder, dei fylgde nok roleia/rutebåtleia og gjekk glipp av observasjonen. Du ser Storen frå sjøen dersom du gjer fylgjande: Inne i fjordbotnen fer du mot sørsida, forbi kaianlagga til Hydro og bort mot den fossen som kjem ut midt oppe i lia frå ein tappetunell. Ute på fjorden nær der denne fossen når sjøen, ser du Storen som ein stabbe som stikk opp i skardet som dannar seg mellom Hitaneset og Botnanosi. Andrews renne er ofte lett å sjå når det ligg ein snøstrek i ho så observasjonen skulle vera udiskutabel. Eg har og hatt innlegg i Fjell og vidde om denne observasjonen, samt hatt ein liten artikkel med bilete i Årdal Sogelag sitt medlemsblad der me på same bilete ser både robåten me sit og Storen i bakgrunnen. Dette til underhaldning og vederkvegelse, og det var visst nokon i innlegga ovanfor som snakka om ein vinnar quod erat demonstrandum.
  2. Det undrar meg sterkt kor mange det er som undrar og lurer og tror at, eller ikke vil tro osv, at dei og dei toppane er synlege eller ikkje synlege frå her eller der. Svara på det meste av dei innlegga eg har sett på dette forumet, finn ein ved å skaffa seg boka "Kremen av topper 2" av Erik W. Thommessen (Topografisk forlag). Boka handlar om siktelinjer og utsiktspunkt. Les og bli vis, mellom anna står det om Jotunheimen sett frå Oppkuven og Rondane sett frå Skreia. Einaste mangel ved boka eg har merka, er at forfattaren ikkje har fått med at Store Skagastølstind er synleg frå Årdalsfjorden.
  3. Slingsby skriv at av Jotunheimen sine 2000-meter toppar, er det berre Fanaråken og Austabottind som er synlige frå havnivå (=fjorden). Men her tek den gode Slingsby feil. Årsaka er nok at han har fylgt den vanlege båtleia inn Årdalsfjorden. Skal ein sjå Store Skagastølstind (som forresten er synleg frå mange kjøkkenvindaugo på Årdalstangen) frå fjorden, må ein oppsøkja sørsida av fjorden på Årdalstangen. Der kjem det ut ein foss frå ein tappetunell oppe i fjellsida. Held ein seg i nærleiken av der denne fossen når sjøen, vil ein sjå Store Skagastølstind stikka opp som ein stabbe i skardet som lagar seg mellom fjellryggane på Hitaneset og Botnanosi. Dette har eg hatt på trykk i Fjell og Vidde, og hatt ein liten artikkel om det same i medlemsbladet for Årdal Sogelag, her også med bilete. Dermed vonar eg at det er trengt inn i minnet på dei som les dette at Store Skagastølstind er synleg frå båt i saltvatn, og det utan å klatra opp i ei mast.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.