Gå til innhold
  • Bli medlem

NH

Passivt medlem
  • Innlegg

    5
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral
  1. Full støtte til bomulls-folket. Kombinasjonen kulde og slit krev ull, helst netting innerst og bomull ytterst. Og om vinden ikkje bles for mykje eller det er nedbør, så putt jakka i sekken. Var i Reinheimen nyleg. Minus 17. Goretex-folket var betydeleg våtare under skalet enn bomullsjakka.
  2. Nå har eg snakka med lokalfolk både i Rondane, Huldreheimen og Hardangervidda aust. Skjønar at det er svært lite å legge under ski mange stader i fjellheimen i år. Det stemmer godt med Humrik si erfaring. Langtur neste veke bør nok leggast vest i fjella. Då spørs det om vestaværet friste. Kan hende feriedagar og skisålar skal sparast til betre tider. Får drøyme om Danskehytta i februar, sjå bilde under.
  3. Er det nokon som kjenner til snøforholda no i desse fjellområda? Vi er to karar som har ei veke til rådighet no før påske. Eit alternativ er å gå frå Hjerkinn og sørover Rondane og f.eks ta seg ned i Gudbrandsdalen ved Ringebu. Eit anna er å gå inn i Huldreheimen f.eks. frå Valdresflya (Heimdalen), eller frå austsida f.eks. frå Espedalen. Det skal vere lite snø aust i fjella i år, men er det for lite til å gå på ski?
  4. Midt i februar kom sjangsen. Gode meldingar og Danskehytta frista. Storfjellet i enden av Fetegga nord for hytta har fått ligge der og friste alt for lenge. Let snømask og jordmørkt gjorde at turen inn gjekk seint. Men natta kom med gode saker. Alt over oss klarna av og fredag og laurdag blei skyfrie dagar med 10 cm lett, lett snøfjon å gå i og flott temeperatur. Fetegga nordover frå Danskehytta er knudrete. Med lite snø vart det hardt for skisålen. Kvite flata opp mot Storfjellet var heilt suveren, og toppen gav utsikt til heile Tafjordfjella. Strålande. Går du på Fetegga sommarstid, skal du forresten sjå nøye etter spor etter fordums jaktfolk. Fleire stader bortover egga er det registrert gamle bogastelle. Dette er ei så gamal jaktform at enkelte tyr til isfylte dalar for å forklare kvifor dei er plassert slik dei er. Vil du vite meir om desse teoriane bør du kontakte Astor Furseth i Valldal, som mellom anna arbeider med registrering av gamle fangstanlegg i desse fjellstroka. Ver og føre var perfekt. Men det var kaldt å vente ute på bussen på Grotli i 20 minus på
  5. Er det nokon som er lokalkjent på Røldalsfjellet/Seljestadjuvet? Eg har planar om å gå over Hardangervidda mot Sauda før påske. Ruta er tenkt frå Middalsbu i Valldalen vestover Budalsheia og over Kvamsnuten. Ein stad mellom Kvitenuten og Killestadnuten må eg ned i dalen. Kryssinga for å kome opp mot Elvershei kan imidlertid sjå ut til å vere ei utfordring. Er nokon så godt kjent i området at dei kan seie om det er greit å ta seg ned i dalbotnen ved Eskjeflota eller ved Ullshaug mot Elversvatnet?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.