Gå til innhold
  • Bli medlem

Ingvar Åberge

Aktiv medlem
  • Innlegg

    7
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

3 Neutral

Om Ingvar Åberge

  1. Han siterer jo berre Magnus Olsen, utan snev av eigne vurderingar. Men han er inne på dette med Vallers, med e framfor r, som han rett nok ikkje likar. Skulle gjerne ha visst noko om korleis det er skrive i dei eldste kjeldene.
  2. Det som folk her ser bort frå er at namnet i alle fall i periodar har vore skrive Valders. Andre gamle skrivemåtar finst sikkert også, for eit namn som dette dukkar sikkert ofte opp i gamle kjelder. Vazelina bilopphøggers har med e før r når dei syng "fisketur i Vallers". Va(i)llers trur eg elles er ei nokså utbreidd dialektform på Austlandet, og det indikerer i så fall at dette er meir opphaveleg enn Valdres. Dette tykkjer eg peikar imot Olsen si teori om at siste delen av namnet skulle vera eit -les. Om det derimot er rett at fyrste delen kan vera eit Wald er ei anna sak. Skog finst det og har lenge funnest rikeleg av i Valdres. Dersom siste delen opphaveleg var -ders og ikkje -dres går det også imot Vågslid si tolking om at siste delen skulle vera dres, kløvje- eller rideveg. Derimot kan sikkert tolkinga voll vera like bra som Wald, for vollar finst det også mykje av i Valdres. Elles vil eg nemna ei tolking eg har høyrt på Island, nemleg at Valdres kan koma av Valdarás. Mi tolking av dette namnet er at siste delen tyder ein ås, og heile namnet kanskje ein mektig ås. Eller ein skogkledd ås, om Olsen har rett når det gjeld fyrste delen av ordet. Kva slags ås skulle det i så fall visa til? Den mest karakteristiske åsen i Valdres er vel den mellom Øystre og Vestre Slidre. Så kanskje dalføret har fått namn etter denne åsen? Åsen er så stor at ein godt kan kalla han ein mektig ås. Han er så skogkledd at det passar godt å kalla han skogås. Og der er vel også så mange vollar at det ville passa å kalla han vollås. I grunnen er det snodig kor lite ein finn om opphavet til namnet Valdres på nettet. Der mange stadnamn har vore tolka i det vide og breie har nammet Valdres i stor grad berre vorte teke for gitt. Kanskje fordi det ikkje ligg noka enkel tolking i dagen, og fordi Olsen sitt forslag, som er det mest akspterte, verkar litt vel eksotisk? Men det burde i alle fall ha vore lettare å finna informasjon om historiske skrivemåtar av namnet, slik at ne kunne ha eit betre grunnlag for ein diskusjon. Ingvar Åberge
  3. Den 14. oktober lova eg å leggja ut nokre bilete frå Stølsheimen. Det skal eg no endeleg gjera. Bileta frå Stølsheimen er frå ein tur i fjor sommar (i underkant av eit år sidan), medan biletet frå Tindevegen Årdal-Turtagrø er frå 2010. 1: Dammen ved Kvilesteinsvatnet, ca. 900 moh: Landskap under klimatisk skoggrense. 2: Kvanndalsleitet eller Hundseggi, på grensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, ca. 1100 moh: Landskap over klimatisk skoggrense. 3: Forkrøpla fjellbjørk, tyngd ned av snøen. Frå terrenget ned mot Askjelldalsvatnet. Biletet er teke ein stad rundt 900-1000 moh. 4-5: Selhamarvatnet, vassoverflata ligg på nær 880 moh. Døme på bjørker som kan få mange etterkomarar dei næraste åra. 6: Sel på ein støl, truleg Valsvikstølen. 900 moh. Skjult av bjørkeskogen i framtida? Eller ei idyllisk skogkoie? 7: Bjørk på 1300 moh Årdal-Turtagrø. Fann henne i vegkanten, tilsynelatande sjølvsådd. Klimaet i Jotunheimen er mindre snørikt enn i Stølsheimen. Det gjer at skogen kan gå høgare opp.
  4. Standpunktet er ikkje ukontroversielt - men eg trur ein får dei finaste naturopplevingane med å ha den innstillinga.
  5. Det er to miljøendringar som har noko å seia for tilgroing i tillegg til beitepress og temperatur: Aukande CO2-konsentrasjon i atmosfæren og meir nitrat i nedbøren. Begge delar stimulerer planteveksten. CO2 har vore nemnt før i denne tråden. Nitrogen i form av nitrat er også viktig, for nitrogen er ofte det plantenæringsstoffet som det er størst mangel på i naturen, og nitrat er den mest plantetilgjengelege forma for nitrogen som finst. Desse to tinga til saman har utan tvil også noko å seia.
  6. Her er mange gode innspel. Sjølv har eg alltid (dvs. etter at eg sette meg litt inn i sakene) meint at hovudårsaka til stigande skoggrense og attgroing er redusert beite, slått og liknande. Eit godt døme på dette er at stader der ein framleis driv med tradisjonell arealbruk gror det heller ikkje att, sjølv om område rundt med liknande klima er dekka av tett skog. Eg har også etter kvart forstått at den klimatiske skoggrensa mange stader ligg vesentleg høgre oppe enn der skogen sluttar i dag. Det vil seia at dersom utviklinga held fram med stadig færre beitedyr og mindre utnytting av utmarka, så vil også skoggrensa kunna klatra mykje oppover enno. I mitt heimområde, Midtre Sogn, reknar eg med at klimatisk skoggrense ligg på rundt 1000 meter. I Langfjella sikkert endå eit par hundre meter høgre, slik rundt 1200 moh. Ut mot kysten kanskje ned mot ein 800 meter? Lenger nord veit eg ikkje så nøye. Det hadde vore artig å sjå eit kart over Noreg der ein hadde teikna inn alle potensielle skogområde og rekna ut kor stor del av landarealet som ligg under/over klimatisk skoggrense. I vår tid med datateknologi burde det vera enkelt. Men det er sikkert også eit faktum at den klimatiske skoggrensa går oppover. Eg køyrde for få år sidan fjellvegen Årdal-Turtagrø, der toppen ligg på 1300 moh. På toppen der stod det ei lita bjørk i vegkanten. Då er ein så høgt over havet at klimaoppvarming kanskje må inn for å forklara fenomenet. Sameleis er det interessant å sjå ei furu frå 1200 moh på Hardangervidda. (Dessutan er Hardangervidda eit område som framleis vert beita nokså hardt, slik at det er generelt dårlege forhold til attgroing der.) Så høgt som 1200 meter skulle i teorien berre bjørk trivast. Når den meir varmekjære furua likevel er i ferd med å etablera seg, tyder det på at det er ein effekt av varmare klima, og at den klimatiske skoggrensa for bjørk i Langfjella kanskje er oppe i 1300 meter, jamfør dømet frå Årdal-Turtagrø. Eg skal ta å leggja inn nokre bilete for å illustrera eigne observasjonar av dette om ikkje så lenge. Tok mellom anna nokre i Stølsheimen i haust.
  7. Dette var ei trist sak. Ja, eg tykkjer DNT bør stansa sjølvbetjeninga på hytter med stort svinn. Det seier i grunnen seg sjølv. Dette er også naturleg å setja i samband med prisar. Når nesten halvparten er svinn, så vil det seia at dei som faktisk betaler må betala dobbel pris for dei varene dei tek ut. Dette er jo eit interessant perspektiv: Dersom alle betalte kunne prisane haldast lægre enn dei er no. Det ville igjen gjera det meir motiverande å betala for seg... Sjølv om det finst mange dårlege haldningar ute i samfunnet, så finst det også mange gode haldningar, heldigvis. Det er hyggeleg å sjå at det i alle fall her i denne tråden er folk som faktisk vil stå for gode og ærlege turhaldningar. Men, og det er eit viktig men, det spørst i kva grad ein bør leggja fjellet opp som eit mål for masseturisme. Kan utmarka verta for godt tilrettelagt? Bør DNT gå høgt ut og annonsera mat tilgjengerleg i opne hytter på fjellet? Kanskje burde det vera ein viss "terskel" for det å gå på tur på fjellet, ein burde vera så pass interessert at ein på eiga hand sette seg inn i sakene og helst fekk med seg ein dose turkultur på kjøpet. Det ville sikkert ikkje løysa alle problem, men kanskje kunne det ha luka ut ein del av "snyltarane", slik at dei ganske enkelt aldri la ut på tur.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.