Hei
Eg er på jakt etter ny bukse, og vurderar forskjellege alternativ. Planen var å kjøpe meg ei regntett men pustande bukse som eg kan bruke til det meste. Hovudbruksområdet er turar i fjell og fjøre, gjerne med overnatting i telt (3 sesongs bruk primært). Eg har fram til idag brukt jaktbuksa mi; av typen Norrøna Finnskogen, som eg er veldig godt fornøgd med. Denne er derimot "pusete" utvendig for å hindre lyd på snikjakt, og soleis ikkje verken hurtigtørkande eller spesiellt egna til sommarbruk (varm). Eg har til no gått i den lette fleecebuksa mi eller shorts når denne har vorte for varm. Eg har lagt igjen regnbuksa heime, då vekta på sekken er avgjernade for kosen på turen, spesiellt i sopass bratt terreng som eg går mest i. Fleecebuksa kjem forøvrig godt med som under bukse på kalde dager eller som kompensasjon for manglade isolasjon i soveposen på nettene med frost, so denne vert nok med i sekken uansett.
Eg er av typa som gjerne kjøper produkta som får prisane "mest for pengane", so prisklassa eg ser for meg er 1000-2000 kr. Eg har lest mykje på nettet rundt forskjellege alternativ, men ikkje funne ut verken kva type eller modell som passar mitt bruk best.
Fruen har kjøpt seg Bergans Breheimen til same bruk med har ikkje fått testa denne nemneverdig endå. Eg har også lest litt om Bergans Rask som virkar som eit greitt alternativ.
Alternativa til goretex/derimax kan vere ei tynn bommuls/polyester som ikkje er vanntett, då med ei regnbukse i sekken. Det eg tenkjer som det meste irriterandes med ei slik bukse er å verte våt på rumpa når ein tek pauser etc. Eg vurderar også softshell, feks Norrøna Svalbard Flex1 somkjentest god på, men kanskje vert noko varm på dei varmaste dagane (som det ikkje er mange av). Om eg har fortstått rett krev denne ei regnbukse i tillegg.
Er slitestyrken i buksene som reknast som nærmast vantett bra? Korleis kjem softshell ut? Reknar med her kanskje er mange med same bruksmønster som meg, men med mykje meir erfaring.