Gå til innhold
  • Bli medlem

duppsko

Medlem
  • Innlegg

    6
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om duppsko

  1. Kjempefint bilete!! Kjenner at eg gledar meg skikkeleg til å kome i gong. Om der er andre tips til ting vi bør få med oss so kom gjerne med det, slik vi får vurderte det når vi sett oss ned å stikk ut ruta Må prøve å få laga ein turrapport ja.
  2. Tusen takk for eit flott svar og mange fine tips! Her må eg fram med kartet og sjekke ut rutene. Eg var derimot kanskje litt uklar når det gjeldt kor mykje vi tenkte å fiske; vi tek med fisketroer og sett stor pris på gode (og fine) fiskeplasser, men hadde ikkje planar om ein rein fisketur, men som noko attåt og avslapping på kvelden i nærheita av teltet. Ang kva del vi ønskjer er å sjå er vi heilt opne, då vi ikkje har vore der før. Vi håper likevell å få med oss litt av dei tinga ein bør sjå.
  3. Hei Eg og sambuaren min heldt på å planlegg ferien og har retta blikket mot Trollheimen som vi synest virkar variert og spennandes. Vi er på utkik etter ein 4-5 dagars tur med telt og fiskestang. Sidan vi ber med oss ein del utstyr og planlegg å fiske litt bør det ikkje ver for lange dagsetapper. Gode teltplassar der ein får vere litt åleine (gjerne nær eit godt fiskevatn) er eit kjempepluss. Det å kunne kome tilbake til bilen ein annan veg enn ein gjekk inn er også ein fordel. Vi har ikkje vore der før, so alt er nytt. Eit lite problem er min djuptstikkande høgdeskrekk, som fort kan øydeleggje både turgleda og i verste fall sikkerheita. Erfaringsmessig er plassar der folk må tenkje seg om før dei kan svare på om det er luftig eit problem. Det å avbryte turen/gå lange omvegar er sjeldan turen sitt høgdepunkt, og heller ikkje alltid mogleg. For dei som er kjent i Tafjordfjella vart turen opp Veltdalen eit problem (Glupen og Smette), mens turen tilbake over fjellet (Rønnebergsråsa) gjekk fint. Om nokon som er kjent i området vil ta utfordringa med å kome med ruteforslag hadde det vore kjempefint! Eg har prøvd å søke og lese ein del, men sidan eg ikkje har same smertegrenser for brattheng vert turbeskrivelsane ofte mangelfulle.
  4. Etter ein travel og noko kald vår ser det ut som at vi kan få tid og vêr til å lufte teltet igjen. Den einaste turen i vår vart avvikla i fjøra, men no til helga fristar fjellet. Tidsplanen vår er avreise fredag (i utgongspunktet etter arbeid) frå Ålesund og heimreise søndag. Sidan eg slit med kronisk høgdeskrekk er turar utan alt for store utfordringar i høgda heilt klar å føretrekke, både for meg, fruen og redningstenesta. Vi tenkjer både på Tafjordfjella og Molladalen, men er usikker på kor høgt vi kjem utan å måtte gå/bu i snø. Er det andre plassar som kan anbefalast i området? Vi vil gjerne overnatte på forskjelleg plass kvar natt med 2-5 timar gange kvar dag. Om der er moglegheiter for fiske er det flott, men det er vell smått med isfrie vatn etter den kalde våren.
  5. Er det stor forskjell på Rask og Breheimen? Og er der andre eg bør sjekke i same prissegment?
  6. Hei Eg er på jakt etter ny bukse, og vurderar forskjellege alternativ. Planen var å kjøpe meg ei regntett men pustande bukse som eg kan bruke til det meste. Hovudbruksområdet er turar i fjell og fjøre, gjerne med overnatting i telt (3 sesongs bruk primært). Eg har fram til idag brukt jaktbuksa mi; av typen Norrøna Finnskogen, som eg er veldig godt fornøgd med. Denne er derimot "pusete" utvendig for å hindre lyd på snikjakt, og soleis ikkje verken hurtigtørkande eller spesiellt egna til sommarbruk (varm). Eg har til no gått i den lette fleecebuksa mi eller shorts når denne har vorte for varm. Eg har lagt igjen regnbuksa heime, då vekta på sekken er avgjernade for kosen på turen, spesiellt i sopass bratt terreng som eg går mest i. Fleecebuksa kjem forøvrig godt med som under bukse på kalde dager eller som kompensasjon for manglade isolasjon i soveposen på nettene med frost, so denne vert nok med i sekken uansett. Eg er av typa som gjerne kjøper produkta som får prisane "mest for pengane", so prisklassa eg ser for meg er 1000-2000 kr. Eg har lest mykje på nettet rundt forskjellege alternativ, men ikkje funne ut verken kva type eller modell som passar mitt bruk best. Fruen har kjøpt seg Bergans Breheimen til same bruk med har ikkje fått testa denne nemneverdig endå. Eg har også lest litt om Bergans Rask som virkar som eit greitt alternativ. Alternativa til goretex/derimax kan vere ei tynn bommuls/polyester som ikkje er vanntett, då med ei regnbukse i sekken. Det eg tenkjer som det meste irriterandes med ei slik bukse er å verte våt på rumpa når ein tek pauser etc. Eg vurderar også softshell, feks Norrøna Svalbard Flex1 somkjentest god på, men kanskje vert noko varm på dei varmaste dagane (som det ikkje er mange av). Om eg har fortstått rett krev denne ei regnbukse i tillegg. Er slitestyrken i buksene som reknast som nærmast vantett bra? Korleis kjem softshell ut? Reknar med her kanskje er mange med same bruksmønster som meg, men med mykje meir erfaring.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.