Eg hadde sommarjobb i ei bedrift på sunnmøre då eg gjekk på vidaregåande. Arbeidstempoet var skrudd ned i fellesferien og i dei mange (og lange) pausene overhøyrde eg mange morsomme diskusjonar. Bl.a denne:
Arve: Kjøpte meg nye ståltermos i går ja, en liter, så eg ska'kje gå tom for kaffi i dag nei.
Bom: Ståltermos? Tosk, stål e'kje gagn i. Ka skal du gjere viss du skal på fjellet for eksempel? Gå rundt med ei store stålflaske på ryggjen og sjå ut som ein dykker? Ikkje held dei på varmen, og tunge er dei og. Nei, glastermos er mykje betre. Termosen min, den er god den. Eg hadde den med på fjellet i september i fjor då vi skulle hente sauene. Eg bruka alltid å setje meg på Storesteinen når eg kjem opp på kanten og ta meg ein kopp, og der gløymde eg jaggu igjen termosen. Eg vart ikkje klar over det før vi var komne ned igjen, og eg gadd vel fan ikkje gå opp att etter den, så den vart liggande til fyrste helga i oktober då vi skulle sjå etter kratura som mangla. Og tru det eller ei, men det var jaggu lunk på kaffien endå, og då hadde det vore nattefrost fleire gongar sidan sist. Ståltermos, nei himmel, hav og helvete, spar meg!
(Eg har endå ikkje begynt å drikke kaffi, men brukar sjølv ståltermos til buljong og te når eg er ute på tur, til tross for den overbevisande argumentasjonen om kvalitetane til glastermosen.)