Gå til innhold
  • Bli medlem

Agnar

Aktiv medlem
  • Innlegg

    245
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Agnar

  1. Så då skal du til M&R med andre ord. Det kan jo ikkje vere Sunnmørsalpane, men kanskje litt lenger aust, rundt Geirangerfjorden?
  2. Så da, i det hissige hjørnet i dag igjen. Kvar du får fjellfølelse er din oppfatning, og kvar eg får den er mi oppfatning. Så det å kåre den flottaste 2000 m toppen, eller det finaste fjellområdet vert veldig individuelt. Ellers er det jo litt tamt på forumet for tida, etter som det ser ut som dei fleste har avslutta sesongen, så eg tenkte ein liten provokoasjon kunne få opp temperaturen, og det verka jo bra? Primærnæringsskrulling - går det an å få ein definisjon av det ordet???
  3. Slik snakkar nok berre ein Asker-gutt som ikkje i sitt relativt korte liv ikkje har opplevd Vestlandet på sitt beste. Ingen ting kan vel måle seg med å starte turen i ei grøn bygd, med blomstrande frukttrær ein maidag, for så å ta på skia på vei mot toppen, få med utsikta mot havet i vest, og dei høge tindane i aust, for så å sjå sola gå ned i havet og sette sin farge på det heile. Nei Tom, du må nok komme deg meir ut, oppleve naturen utenom Asker og Jotunheimen, så får du eit meir nyansert syn på tilværelsen.
  4. Ikkje i Fjordane, .......men i Sogn kanskje? Har lurt på om det er nær Gaularfjellet.
  5. Her va da lite respons, Krekling. Er bildet frå Fjordafylket, eller lenger sør??
  6. Heilt rett, så du må ha gått turen frå Fonn til Tungastølen?
  7. Her tenkjer eg han ikkje har vore. Kva heiter toppen i bakgrunnen, og kvar er bilete teke?
  8. Endeleg kom boka fram til Vestlandet også, så då er det berre å slutte seg til gratulantane. Synest det var fint med det matte papiret, Morten. Bedre enn glansa papir som gir genskin i bilda. Det er ikkje så lett å sjå at det er debutantar som har skrive denne boka. Den er skikkeleg gjennomarbeida, lettlest, og veldig oversiktleg. Masse flotte bilder, og veldig oversiktlege og informative kart. Her er det berre å synke ned i godstolen utover høsten, mens Morten og Julia stressar enda ei stund. Så det er berre for Tom og andre som ikkje har forhåndsbestilt, og løpe til nermeste bokhandel.
  9. Det er vel ikkje så mange på Fjellforum som har gått i desse traktene, så sjølv Nils kunne fått problem her. Området du ser i bakgrunnen vert nordvestover mot Florø, og det mest markerte fjellet er Håsteinen.
  10. Ny flott helg på Vestlandet. Fekk med meg to turar i helga, kanskje den siste før snøen legg seg i fjellet. No ligg det eit dryss over ca 850 m. Lørdag var utgangspunktet Kvanndalen, ca 20 min køyring frå Førde. I dag gjekk turen til Rundenova (904 moh), med start frå Rørvikfjellet, der riksveg 5 går over på sin vei mot Gaularfjellet. Etter ei veke med frost var det fine forhold med frosne myrar, men likevel lite is og glatte parti. Herlig å sitte i sola på toppen, med vindstille og blå himmel.
  11. Rask reaksjon frå den nye miljøvernministeren. Då er dette prosjektet lagt på is ein gong for alle, og folket i Veitastrond kan konsentrere seg om noko meir positivt for bygda. http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article1790739.ece
  12. Er det Store Ringstind som ligg i bakgrunnen? Då er vel personen på vei opp Ringsbreen.
  13. Dei som har kryssa Jostedalsbreen frå Flatbrehytta til Befringstølen har passert Snoadvarden på nedstigninga til Kvannebakknova og Strupen. Her er historia om korleis ein engelskmann fekk namnet sitt på eit offisielt norsk kart. http://www.istur.no/article.php?fo_id=1133&ar_id=6008
  14. Det minnar om Lifjellet/Lihesten, men stemmer vel ikkje heilt?
  15. Ikkje fønvind i dag, men varmluft frå sør som dekkar heile Vestlandet. Førde hadde 18 kl 6 i dag tidleg, og Bergen har sett ny oktoberrekord. http://www.bt.no/vaer/article213131.ece
  16. Bildet vart teke 19.juli. Det var berre frå vasskillet(ca 1250 moh) og ned til Yste Leirvatnet, som vises på bildet, at det var litt snø å trakke i. No er det meste som synest på bildet sørvendt, så det var nok langt meir snø på nordsida av Skridulaupen.
  17. Det stemmer gi. Bildet er teke frå vasskillet då eg gjekk opp Sunndalen og over mot Pollfoss i sommar.
  18. Då er det nok Raudberget, som du har skrive om før i dine omtalar av Stølsheimen. Forslaget ditt er ikkje så langt av lei, du er innom rett kommune. Har forresten problem med heimesida di. Får ikkje opp alt, men veit ikkje kva som er problemet.
  19. Beklager, såg ikkje at du hadde lagt inn eit bilde. Ikkje så klart i bakgrunnen, men kan det vere Lønahorgi?
  20. I dette tilfellet er det vel pga dårlege kommunikasjonar, med dårleg mobildekning, som er grunnen til at det kjem ut få opplysningar. Ellers er det vel slik at jo lenger tid det går, jo mindre interessant er det for mediene. Dessuten har ikkje journalistar generelt alt for mykje kunnskap om geografien utanfor redaksjonen, eller aktivitetar som føregår i norsk natur. Einig i at det er nyttig at slike opplysningar kjem fram etter ei slik ulykke. Det kan vere med å auke forståinga for at det vi driv med slett ikkje er ufarleg.
  21. BT melder no at ho er funnen omkommen. http://www.bt.no/lokalt/sf/article212697.ece
  22. Satsar på at gi har rett svar på den forrige, så då prøver eg meg med eit nytt bilde. Toppen til venstre er det nok mange som har sett, men få frå dette punktet vil eg tru. Nermar seg 2000 m.
  23. Ser vel ikkje alt for lovande ut, men litt motstridande opplysningar. http://www.firda.no/nyhende/lokalenyhende/article1774975.ece http://www.bt.no/lokalt/sf/article212653.ece
  24. Var mest meint som ein spøk Arnt, ikkje noko stor sak. Det er vanleg å gå akkurat der du gjekk, så det er elva frå Opptaksbreen eg meiner. Men dersom brua no ligg på motsett side når ein kjem opp Langedalen, er den vanskeleg å få tak i. Det er vanlegvis folk frå Veitastrond som legg ut denne brua tidleg på sommaren, og tek den på land om hausten.
  25. Eg meinte berre den provisoriske brua dere brukte over elva, stien som vi seier, eller stigen som du kanskje seier. På bildet kan det sjå ut som dere har tatt den med og plassert den på vestsida av elva.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.