Hei, har sett på telt til ein familie på fire med to unger på 1 og 3 år, og trur eg har funne det teltet eg ynskjer meg - eit Hilleberg Kaitum 4GT. Desverre lagar ikkje Hilleberg Kaitum i firepersonsutgåve, og har ikkje umiddelbare planar om det heller i følge svar på epost.
Andre alternativ då er Nallo 4GT, Keron 4GT eller eit Kaitum 3GT - men er bekymra for våte føtter i det første, vekta i det andre og for plassen på sikt i det siste. Stort fortelt er i alle fall et must.
Har nokon tips til andre alternativ, eller erfaringar med nokre av desse telta til familiebruk? Har Hilleberg-telt frå før som eg er svært godt nøgd med, og har difor vanskar med å innstille meg med at eg kanskje må finne ein annan produsent.
Takkar for svar!
Erik