Gå til innhold

Gunn Evensen

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    18
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Gunn Evensen vant dagen sist Januar 17

Gunn Evensen hadde mest likt innhold!

Om Gunn Evensen

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Tusen takk til dykk som har kome med saklege innspel! 😊 Eg forlèt denne tråden no, då eg synest han sporar av med ukvalifisert synsing og gjetting, svar på andre ting enn det eg spør om, insinuering kring min eventuelle folkeskikk og argumentasjon mot mine val, på sviktande grunnlag. Eg ynskte berre svar på eit nokså enkelt spørsmål, og har diverre ikkje tid til – eller ynske om – å diskutere andre ting eller grunngje kvifor eg gjer det eg gjer. Men eg lèt tråden stå og leve sitt eige liv vidare, i tilfelle han kan vere til nytte for andre!
  2. Ja, det er det eg i utgangspunktet tenkjer òg. Men dersom dette var heilt alminneleg å gjere og derav akseptert i praksis, ville eg vurdert det annleis. (Men eg smør ikkje niste på førehand før ein tur på opptil 8 dagar )
  3. Ja, det veit eg, og eg har heller ikkje nemnt noko om — eller vurdert — å nyte medbrakt inne på hyttene. Og den nista eg lagar sjølv kostar mykje mindre enn 15 kroner per skive. Uansett: Det ville vore fint om me kunne halde oss til det spørsmålet eg stiller, innanfor dei premissa eg har sett opp.
  4. He he, ja, no veit eg kva eg gjer! 😂 No er ikkje dette ein middagstråd, men den lagar eg på stormkjøken ute. Med mindre eg er på ei hytte der middag er obligatorisk.
  5. Ja, det kan hende det er rart. Men det kunne òg hende at "alle" gjorde det, at det var helt vanleg ...? I så fall blei det ein ting mindre å lure på 😊 Kanskje det er greiast å leggje opp til nistesmøring på rommet for sikkerheits skuld.
  6. Takk for innspel, men dette er ei anna problemstilling enn den eg ynskte tilbakemelding på i denne tråden 😊
  7. Når det gjeld niste på lange turar, har eg erfaring med kva matvarer som funkar bra for min kropp, min smak, mi oppakning og min trivnad, og dette trur eg ikkje at eg finn på hyttebuffet. Buffeten kan sjølvsagt likevel vere overdådig bra. Det er absolutt ikkje dét det handlar om. Og merk at eg nemner økonomi. Skulle eg ha fylgt ditt resonnement og bruka tilbodet fullt ut ... Ja, då burde eg òg kjøpt middag med øl og/eller vin. Men eg har ikkje høve til dette. Og heller ikkje ynskje om det. Eg kan diverre ikkje ta omsyn til at nokon har lagt mykje arbeid i tenester eg ikkje treng. Så: Premisset for spørsmålet mitt er altså at eg betalar for overnatting og frukost. Å kjøpe niste er ikkje eit alternativ. Det eg ynskjer å vete meir om er altså: Kva/korleis folk faktisk gjer, når dei skal smørje niste av medbrakt mat. Kva er vanleg? (Og det er sjølvsagt ikkje noko problem å gjere det på rommet. Dersom det altså er dét folk brukar å gjere.)
  8. Kanskje eit rart spørsmål, men eg spør likevel! Eg skal på ein vekelang vintertur på Hardangervidda, der eg stort sett skal bu på betjente, privateigde turisthytter. Eg skal kjøpe frukost på hyttene, men ynskjer ikkje å kjøpe matpakke der. Eg vil lage niste av medbrakt mat, både av økonomiske årsaker og fordi eg føretrekk mitt eige "nistekonsept" framfor maten dei har på hyttene. Spørsmålet er om det er frekt å ha med eigen fjøl, pålegg, emballasje osb. og smørje nista si ved bordet i matsalen på ei slik hytte? Eller gjer folk dette over ein låg sko? (Det går jo sikkert an å finne ein annan, meir diskret stad å gjere dette òg, altså, men helst ikkje ute ) Eg har aldri budd på privateigd turisthytte før, så eg treng litt innføring i skikk og bruk! 🤣
  9. Såg ikkje svaret ditt før no, eg, HannKatta! Takk for tipset! Hadde ikkje tenkt på å bruke kjøkenpapir som underlag! Skal prøve meg fram litt!
  10. Ja, det er kjekt å vete! Skal sjå etter Nido neste gong eg er i ein asiabutikk! Det er kanskje rimelegare enn Viking melk òg.
  11. Ja, fleire har skrive om Nido i denne tråden. Og det er vel og bra at dette produktet finst! Men ein god del av oss har ikkje asiabutikkar i nærleiken. Eg må t.d. køyre 140 km for å kome til min næraste. Og dei har diverre ikkje det heilt store vareutvalet. Så eg synes det ville vore fint om me kunne få eit standardprodukt som tørrmjølk i vanleg daglegvaredistribusjon.
  12. Hurra! Ja, eg har litt tru på dette, Marihøna! Det er uansett verdt eit forsøk! Og om ein ikkje seier ifrå skjer det i alle fall ingen ting!
  13. Veldig bra! Men NB: Så vidt eg veit har ikkje Tine levert desse produkta til forbrukarar før. Det var Nestlé som hadde tørrmjølka av merket Viking. Så det blir ikkje snakk om noko "gjenopptak" av produksjon for Tine sin del, i så tilfelle. Berre at dei eventuelt startar å selje i små pakningar, og ikkje berre i store som no. Altså old milk, new wrapping, he he …
  14. Ja, det er flott om dei som bur i nærleiken av kvarandre og har vakuumpakkemaskin kan bestille i stort. Og Espen kom med eit raust tilbod her! Det finst alltid løysingar om ein er kreativ og samarbeider! Men det beste og enklaste for alle, og ikkje minst på sikt, må vel vere å få tørrmjølk tilgjengeleg for forbrukarar i butikkane igjen? Det er latterleg at me får alskens unødvendige døgnflugelatskapstulleprodukt kasta etter oss i små porsjonspakningar, medan ærleg og reieleg tørrmjølk ligg i sekkevis på store lager og ikkje er tilgjengeleg for oss. Så eg oppmodar folk til å nytte forbrukarmakta her! 🤩
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.