Gå til innhold
  • Bli medlem

RoyK

Passivt medlem
  • Innlegg

    1
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av RoyK

  1. Om du vil sleppe å gå dei stupbratte fjella, er jo Tafjord og Geiranger glimrande. Der finn du dei høgaste toppane på Sunnmøre, samtidig som det er greit å gå opp utan å klyve. Fjella som ligg akkurat rundt Geirangerfjorden er bratte på fjordsida, og meir slakke på andre sida. I Geiranger kan ein jo køyre heilt opp til 1000 meter, før ein f.eks. kan gå inn ved Kolbeinsvatnet og inn mot Vierne. Då har ein jo fjell i alle retningar om ein vil på toppane. På grensa mellom Eidsdal og Geiranger ligg Skårene (1829 m), køyr til Korsmyra og gå opp Gråsteindalen til du kjem innerst i dalen, so er det berre å følgje skråninga oppover på toppen. Ein fantastisk utsikt og nokre fantastiske fjellformasjonar. I Eidsdal ligg Grjotet (ca1530 m), gå opp frå Rønneberg eller Kilsti. Det anbefalast og å gå til Skrenakken når ein først er der. Det er sjølsagt bratt og tungt å gå på desse fjella, men det er ikkje slik at det er ubehaglig bratt, slik at ein må til med klyving eller klatring...ein går heile vegen. Uansett kva du vel, får du ha ein god tur!!!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.