Gå til innhold

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1071
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Isolert sett kan eg faktisk forstå Martin Gjellestad her. Sykling i seg sjølv tippar ikkje noko lass, men totalen av sykling og alle andre aktivitetar gjer det. Og om ein tillater ein aktivitet, korleis skal ein da nekte neste? Kor skal grensa gå? Isolert sett veltar neppe scooterkøyring noko lass heller, men det er ein stein til på "klarar du dette, så klarar du dette" lasset. Hyttebygging og utbygging i randsoner er nok den store stygge ulven for villreinen og det vert toppa med sykling, skiløyper, scooterkøyring og alle andre aktivitetar. Så kan man sjølvsagt seie at det største problemet er fotturistar, men allemannsretten gje visse rettigheitar og etter mitt syn er det ikkje ønskjeleg med ferdsel forbode soner i naturen bortsett frå ved heilt spesielle høve. Villreinjakta derimot begrensar eller fjernar ikkje noko areal, men rett forvalta, hjelp til å halde reinsstammen sunn og frisk. Difor er det ein blindveg å dra inn reinsjakta i denne samanhengen.
  2. Fekk ikkje noko respons på min kommentar som sett spørsmål ved dine samanlikningar med villreinjakt. Tvert imot fortsett du å hakke på villreinjakt. Men det var kanskje ikkje noko "seriøst motargument" frå mi side? ALLE baserar seg på eigne observasjonar (også kalla sure fordommar) i tillegg til forsking og anna input når dei skal vurdere ein sak. Og om du les kommentaren min ser du eg presiserer "mykje myrlendt" noko også den forskingsrapporten du held så høgt er innom. I forskingsrapporten står det at ferdsel i vått terreng krev ekstra tilrettelegging (klopping, drenering) og det er eit faktum at mange stiar rundt omkring har større eller mindre innslag av våtmarksområdar. Så er spørsmålet kor mykje ekstra tilrettelegging bør vi akseptere for å få inn ei ekstra brukargruppe i naturen? Og for min del er nok svaret som du påpeikar at eg ikkje ønskjer å gje litt ein gong.
  3. Beklagar, men samanlikninga di med villreinjakt er totalt skivebom. Å slutte å skote dei var forsøkt etter krigen på blant anna Dovrefjell med påfølgjande fri formering, nedbeiting og svelt ihjel. Bygdefolket tok ansvar å tok ut store andelar av stamma før forvaltninga etter kvart forstod alvoret og kom etter. Slaktevekta på "storbukk" var på det verste nede på omlag 35 kilo. Jakt er ein del av bevaringa for å halde stamma sunn, spesielt i desse tider med stadig bort barbering av leveområda deira. Angåande sykkelspor gjekk eg ein tur inn mot Leirungsdalen i haust. Det var ikkje tvil om kva som syntes best av spora frå minst ti til femten fotturistar og to syklistar (kanskje berre ein, tur/retur). Sykkelspora stakk svært djupt (mykje myrlendt) over lange strekk.
  4. Her er ei (dårleg) litterær utgåve... http://www.fribokhandel.no/bokside?isbn=9788291495477
  5. Lukke til med det valet. Reklamerte sjølv på eit Åsnespar tidlegare i vår med same feil, men utan riper og velbrukt "looken". Fekk bytta å valde da Fischer sjølv om Åsnes lova dyrt å heilagt at dei hadde betre stålkantar no. Det hjelp lite med god kundeservice når ein står langt inne i fjellet med knekt ski. Sikkerheita ved godt utstyr er for viktig til at eg tør satse på Åsnes lengre. Dei har hatt mange år med kvalitetsproblem og at det har teke så lang tid å rydde opp i det (om det faktisk er rydda opp i?) gjer at eg ikkje stolar på Åsnes sine produkt lengre. Det er tross alt ikkje prat om rakettforsking, berre å montere ei stållegering med meir egna kvalitet. Synd, for eg likte tanken på å gli rundt på eit norsk merke (dog produsert i utlandet) med Ingstadnamnet på.
  6. Fyrste paret knakk på flat mark midt under foten. Andre paret knakk rett under hælen i svak oppoverbakke. Tredje paret vart stålkanten på veg ut oppdaga under omlegging av feller. Sjølve knekktidspunktet trur eg er uvesentleg da det berre er dråpen som får begeret til å flyte over. Brukar skia mine på toppturar (som dei er meint for) og difor sjeldan eller aldri i løyper. Køyrestilen er relativt pysete og forsiktig. Skavlar og dumper med påfølgjande fall kan likevel opptre, men mine gamle, lengre, smalare og mjukare fjellski til ein rimelegare pris tola over ti år med same behandling og er fortsatt heile... Forøvrig visar eit kjapt søk på verdsveven at eg ikkje er den einaste som har hatt problem med dette merke.
  7. Årsskifte 2011/2012 kjøpte eg meg nye fjellski. Skia eg kjøpte var dyre og reklamert med å være av dei beste fjellskia for topptur og ekspedisjon på marknaden. Mai 2013 knakk eine skia tvert av langt inne på Strynefjellet midt i vårløysinga. Reklamerte og fekk nye ski. April 1015 var eg på tur opp på Strengen (Surnadal) og dei nye skia knakk. Reklamerte på nytt og fekk nye ski, men denne gongen bytta eg modell og gjekk ned på lengde på grunn av misstru til merke. I går oppdaga eg at stålkanten var knekt på dei også. Spørsmålet er om det er urealistisk å forvente at dei skal ta det på reklamasjon enda ein gong? Det er tross alt fire og eit halvt år sidan eg kjøpte skia så dei har helde meg med ski tilnærma ut reklamasjonstida. Om dei aksepterer reklamasjonen vil eg også tru løysinga er å lime stålkanten. Ei løysing eg er skeptisk til da eg anser problemet for å være kvaliteten generelt på skia og liming truleg berre dekker over problemet midlertidig. Angåande bruken så brukar eg vel truleg skia mine litt meir enn gjennomsnitt, men meiner bruken min ikkje er spesielt hard. Spesielt ikkje med tanke på at det er/var toppmodellane til dette merke og dei marknadsdsførar seg mot både min bruk og meir ekstrem bruk. Har bevist ikkje nemnt kva merke det er prat om da eg ønskjer diskusjonen skal gå på kva ein kan/bør forvente av reklamasjon og ikkje kvaliteten på gjeldane merke (sjølv om deg også er ein interessant og aktuell diskusjon). Så bør eg gå til butikken å klage og om ja, dersom klaga vert akseptert skal eg være fornøgd med liming eller forlange nye ski?
  8. Interessant. Mogleg eg har heilt feil sjølvoppfatning, men eg vil tru svært få av dei som kjennar meg vil bruke karakteristikkane "høg hatt og tynn hud". Tips fire: dropp personangrep/karakteristikkar til fordel for tidlegare nemnte saklege argument for å sette folk sjakk matt.
  9. To tips: For det fyrste, om du skal avslutte ein diskusjon fungerer saklege argument som sett meiningsmotstandar sjakk matt betre enn eit "case closed". For det andre, når du fyrst har sagt "case closed", ikkje følg opp med eit spørsmål. Kva spørsmålet ditt angår. Eg synast ikkje Geihar var off topic og i den grad eg var/er det er du med å dreg det ut. Forumtråder som held seg strengt til topic er svært sjeldan vare både her på fjellforum og andre fora. Digresjonane kan også være like interessante som tema i seg sjølv. Så svaret på spørsmålet ditt denne gongen er ja, det må du tole. Bonustips: Ikkje ta alt så personleg.
  10. Forsåvidt ikkje, men du stillar spørsmål på verdsveven og da bør du også tole svara. Du syntes GeiHar's svar var ufint, eg er uenig. Forum som dette brukast like mykje til å informere andre som ts, så når du som ts argumenterer for eit tema må du rekne med nokon vil argumentere mot. Lik det eller mislik det, men du vil få store problem på verdsveven (og i livet elles) om du ikkje kan taklar det. Hilsen værturisten. (Haha! VÆRTURIST! Fjellet er for alle, og det er det som er så bra. Du kan få bli med du og, og så kan jeg minne deg på at du kan dø på turen, i tilfelle tanken ikke streifet deg da du pakket pulken!) Om du les mitt innlegg ein gong til vil du sjå eg presiserer min manglande kunnskap til å "dømme" deg. Om du derimot følar tittelen passar står du fritt til å titulere deg akkurat som du følar. Så vidt eg kan sjå står det heller ikkje noko i mitt innlegg om kven fjellet er for og ikkje. Derimot har eg ein kommentar om erfaringsnivået til ein del fjellfolk. Noko Røde Kors, politi og fjellredningstenesta også poengterer i diverse avisoppslag med jamne mellomrom. Og surprise surprise... Også dei åtvarar om at folk kan døy ved å referere til tidlegare dødsulykker. Forøvrig går ikkje eg med pulk.
  11. Er det ikkje litt vel hårsårt å reagere på åtvaringar om at fjella potensielt kan ta liv? Kjennar ikkje ts turkompetansenivå, men på generell basis sitt eg med eit inntrykk av at mange fjellfolk no til dags er værturistar med lite erfaring med dårleg vær og den dagen metrologane bommar alvorleg kan det nok fort ligge strødd med "lettpakkarar" rundt omkring i etterkant. Er det da feil å påpeike at nemnte fjellområde kan være spesielt vind/værhardt og konsekvensane kan være døden i ekstreme tilfeller? Merk at dei tre studentane var erfarne. Nokre Karolinere hadde også ei noko uheldig utflukt i nærleiken i sin tid...
  12. Elva i Memurudalen heitar også Muru. Eg dreg litt på e'en i uttala, men so er eg midtdøl og ikkje norddøl. Opphavet til namnet er vel so interessant. Lars Ekre brukar fem sider på å drøfte det i "Stadnamn frå Midt-Jotunheimen". Alternativa er blant anna; Midt på vatnet/midtre dalen, midt på morgon(?), hest (merr), marr (sjø) og mara (som i skubbe eller grave). Sjølv kan eg føye til muru (mare) som i mareritt (vanskeleg elv) og murre (onomatopoetikon). Held ein knapp på enten hest eller mareritt (som forsåvidt også har hest som utgangspunkt).
  13. Ein kan like eller mislike utviklinga, men å forsøke å forby seg bort frå den er nok ei relativt håplaus affære. Som Per Fredrik har eg verken GPS, SPOT, PLB (kva er det?) Inreach og ser heller ikkje noko behov for det. Har dog ein mobil som ofte manglar dekning. Det får greie seg for meg, andre får skjønne på for seg sjølve. Å forby alternativa derimot er ein blindveg. PS: Er det nokon som har ein link til hendinga?
  14. Vel, da har du Dovrefjell med mange enkle teltplasser og enda fleir toppar. Nemnte Gråhø brukar å ha ein stor vinterbrøyta parkeringsplass ved Skårålia der ein kan campe. Vegen inn Øldalen er brøyta nesten til Skjedalen om du vil forsøke Saukampen. Mukampen kan vitjast frå Murudalssida. Vegen er brøyta forbi Bjørnstad og Stulen med ein grei parkeringsplass å campe på ved oppkøyringa til Musætrin. Dreg du opp Bulia ved baksia sør for Otta kan du køyre inn til Busætrin og campe der før du vitjar Søre Svartkampen. I fjorvinter var det brøyta inn til Horgesætrin, reknar med det er brøyta i år også. Frå Horgesætrin er Jetta lett tilgjengeleg.
  15. Kvifor ikkje leggje leirplassen på ein topp? Mange fine, kjappe toppar å velje blant oppover dalen. Svangkampen, Mukampen, Saukampen, Gråhøa (Nord Fron), Torgeirkampen, Søre Svartkampen, Storkuva, kolla og plenty andre.
  16. Spørsmålet da er kva er poenget med å verne områder om vernet berre kan fjernast med eit pennestrøk? Energibransja tenkjar vel heller at det er best å bygge ut mest mogleg mens dei enda får lov og så kan dei modernisere dei gamle seinare.
  17. Kva med Korsika? Både bading og turmoglegheiter. Å tvinge/lure/mase med nokon som ikkje er turinteressert på ein vekestur til Pasvik vil nok neppe auke turmotivasjonen til seinare...
  18. For vurdering av brattheit: http://skredkart.ngi.no/ Merk at sjølv om skredkartet visar brattare sider på vestsida kan vær og vindforhold gjere den mindre bratte sida meir skredfarleg. Om dei hadde blanda aust og vest på Eidsbugardsida ville nok ikkje Mjølkedalen vært nemnt.
  19. Abonnerar på Fri Flyt utan at eg skal skryte alt for mykje av innhaldet. Abonnementet står vel fortsatt mest på grunn av gamal (u)vane. Har vurdert å bytte til Ute men av det eg har lest i det ikkje funnet det bryet verdt. Som DNT medlem har eg også Fjell & Vidde. Kan ikkje seie eg står ved postkassa og ventar i spaning på det heller. Generelt synast eg frifluftlivsmagasina er prega av alt for mykje reklame, inkludert utstyrstestar som eg er begrensa interessert i, overflatiske og gjentakande artiklar. Det abonnementet eg har mest glede av er Pondus, men det er vel kanskje litt på kanten av kva ts spør etter...
  20. Ukvalifisert synsing på gang no, men... Massa framfor er vel morenemasse. Om det da er den lagt opp av breen eller restar frå ei dødisgrop vitas ikkje. Ras frå fjellsidene rundt kan også være årsaken. Sidan den ifølgje kartet er over 20 meter djup må det være svært "luftig" masse sidan det ikkje er ein dam der. Angåande steinbrot er det innteikna taggar på kurvane på mine Uglandkart frå 1999 mens 2010 kartet frå Ugland ikkje har det. Taggane er vel for å symbolisere grop og ikkje høgde(?) sjølv om eg også tenkte gruve når eg såg dei. Forøvrig er det store områdar med steinbrot rundt Skjerrelhøa, Skjerellfjellet og Steinbudalshøa litt lengre sør i Rondane. Skjerrel er det gamle uttrykket på skiferhelle i dalen og det er da sjølvsagt også skiferbrot ein finn i det området. Kjøremsbua var vistnok bygd som overnattingsbu for skiferarbeidarane.
  21. Så om ein ulveflokk som er stor nok til å jakte elg kjem over ein saueflokk vil den berre trave vidare i håp om å finne ein passande elgsteik i staden?
  22. I den grad nokon har teke seg bryet er det kanskje større sjanse for å få eit svar ved å kontakte administrator på dette forumet: http://peakbook.org/peakbook-element/39/N%C3%B8rdre+Maradalstinden.html
  23. Intersport har byrja med utleige av topptur utstyr ved ein del butikkar. Eksempelvis Beitostølen, Lillehammer, Sogndal og Åndalsnes.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.