Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 061
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Innlegg skrevet av Gal Krokfot

  1. Kortfeller: Dekker smøresona.

    Langfeller: Dekker heile skilengda.

     

    35, 45 og 60 millimeter er bredda på skifella.

    Nylon er syntetisk. Alternativt er selskinn, mohair og eventuelt andre naturstoff.

    Om du kan svare på kor/korleis du skal gå på ski er det enklare å gje råd om kva feller du treng.

  2. Angåande Fuglehundmannens kommentar: Sjølv om vi småkjekklar om rekylkonsekvensane tidlegare i tråden vil du

    sjå vi alle er einige om at ein bør finne ei hagle som sitt godt. Fyrste og beste hagle på eit kampanjesal kan fort resultere

    i ei hagle som sitt dårleg med påfølgande låg treffprosent og minkande jaktlyst.

    • Liker 2
  3. Eit kjapt googelsøk på lindlandnatur vil bekrefte cornix's teori. Berre eit halvreligiøst par som har

    slått seg litt laus. Ymse tragedieteoriar og liknande må nok forkastast.

    Skulle gjerne lagt inn linken direkte men datamaskina nektar meg både å sitere, klippe og lime

    på fjellforum om dagen. Data er noko %#£@§ !!!

    • Liker 1
  4. Da skal eg forsøke å gjere entropy's eksempel litt meir forståeleg sidan han har rett.

    Om du køyrar ein bil på 1000 kilo i 100 kilometer i timen inn i ei 1000 kilos betongblokk

    vil blokka flytte seg litt. Om du gjentek forsøket men aukar vekta på betongblokka til

    1200 kilo vil litt meir av energien frå bilen bli absorbert og betongblokka flytte seg litt

    mindre.

    For å ta fram teskeia, bilen er patronen og betongblokka er hagla.

  5. Nyst avslutta Eidslotts bok om Besseggen. Noko skuffa da den bragte lite nytt til torgs for meg, men no

    er vel kanskje ikkje eg heilt i målgruppa heller. Vil tru den passar betre for nokon som er mindre kjent

    i området, ikkje kjenner det historiske stoffet og berre skal gå Besseggen ein gong for å ha gjort det.
    Ein del fine bilete dog.

     

    Men, meir interessant: Kvar kveld tek eg eit kapittel av "Norway The Northern Playground" av William

    Cecil Slingsby. Den bør være pensum for dei fleste som har litt over gjennomsnitt interesse av fjell.

    Diverre syng det på siste verset no, men når eg er ferdig med den ligg "Mountaineering in the land of

    the midnight sun" av Aubrey Le Blond klar. Det går i historie om dagen...

    • Liker 1
  6. Vel, det er same rekyl krafta som slår på både ei lett og tung hagle, men på ei tung hagle er det meir vekt som

    må flyttast bakover. At du kallar det kjapp rekyl og andre seier den slår hardare er vel to sider av same sak? 

    Men sjølvsagt, er ikkje hagla på plass i skuldergropa slår den uansett vekt.

  7. @Tovekrøll Ei tyngre hagle vil "ta opp" meir av rekylen.
    Spørsmålet er kva du skal bruke hagla til? Om det stort sett er berre til rypejakt som du skriv, gå for ei lett hagle, men

    rekn med blå skulder ved dags ende. Ved meir leirdueskoting gå for ei litt tyngre hagle som dimed vil bli litt tyngre å

    drasse rundt på jakt.

    Sideligger er finare å sjå på men to avtrekkarar kan være litt pludder. Sikkert vanesak det også.

    Men fyrst og fremst, som Lompa poengterer, finn ein våpenhandlar med litt peil og prøv forskjellige til du finn ei som

    sitt godt.

     

    Sjølv har eg to (vel eigentleg tre), ei Beretta som brukast på bane og ei Remington 870 til jakt. Båe sitt godt og er behagelege

    å skote med. Men berettaen er tung å dra med på lange jaktdagar og 870'en vert fort varm om ein har ein intensiv dag på bana.

    I tillegg er det mange som ikkje likar å sjå 870'en på bane da det er ei pumphagle og det kan være litt vanskeleg å sjå om

    våpen er tømt på pumpe og automathagler.
    Generelt sitt pumpehagler og automathagler godt til mange men veit ikkje korleis det artar seg for ei på 1,63. Den type hagler

    er ofte lange. 

  8. Flora & Fauna er alltid interessant.

    Geitilblom, eller mogop som den gemene hop kallar den (eventuelt Pulsatilla vernalis for dei intellektuelle) er alltid like

    triveleg å treffe i fjellet så fort den fyrste snøen forsvinn. Ballblom (Trollius europaeus) og Issoleie (Ranunculus glacialis)

    er også fine representantar for floraen. Issoleie er i tillegg den høgast dokumenterte blomsta i Norge med 2370 meters

    høgde oppunder Glittertinden.

    Lufta av Linnea (Linnaèa boreàlis) er også ein blomsteroppleving verdt eit forsøk.

     

    Om røsslyng eller bergfrue skal være einsleg nasjonalblom i Norge er eit subjektivt spørsmål. Også Røsslyng har lang

    og tung tradisjon i Norge og er ein god representant sjølv om NBF er einig med REJOHN.

    • Liker 2
  9. Skal ikkje uttale meg om T4 men Scarpa T2 er iallefall svært gode og varme.  
    Lærstøvlar er sjølvsagt betre å gå med over lange avstandar men her, som på dei fleste andre punkt må du finne kompromissa

    mellom oppover, bortover og nedover.

    Eg har brukt Gipron teleskopstavar i snart ti år og er svært godt fornøgd med dei. Til topptur ville det ikkje falt meg inn å

    vald ujusterbare stavar i staden. Dog, i dei seinare år har det kome nokre stavar med fleire grep på marknaden.

     

    Oppbyggingsplate er for å løfte bindinga litt.Om du skal gå i skispor hindrar det at bindinga bremsar i sporkanten men

    enda viktigare er det at det hindrar bindinga i å skrense snøen når du kantar skia for å svinge.

    Hælløftar er ei oppbygging under hælen når du går oppover for at foten skal halde mest mogleg

    vassrett gåstilling. Har Åsnes Ingstad med Voil 3 pin, lærstøvlar og hælløfter og erfaringsmessig brukar eg den sjeldan

    da eg ikkje går så bratt med fjellskia. Med tungt køyreutstyr derimot er dei stadig i bruk.
     

  10. Trollelgen og Fortellingen om slagbjønnen Rugg av Mikkjel Fønhus.

    Den tredje mann av Ragnar Kvam jr.

    Kon-Tiki av Thor Heyerdahl.

    Lakse-enka av Ingrid Bjørnov (ikkje lest)

    Ulveslaget av Jacob Breda Bull (ikkje lest)

    Lille Tre av Forrest Carter (sjå bort frå forfattarens "litt grumsate" fortid, heller ikkje norsk...)

     

    Ei og anna lydbok med villmarkstema finn du nok om du leitar litt.

    • Liker 1
  11. Norske lydbøker er det ikke så mange av. Særlig ikke omhandlende friluftsliv. (.......) En del av Ingstads er tilgjengelige på ulovlig vis for den som driver denslags.

     

     

    Feil, feil og feil. :)

     

    http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=4394592&rom=MP

    http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=4394590&rom=MP

    http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=4394591&rom=MP

    http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=2708935&rom=MP

     

    Det er også ein del andre lydbøk innafor natur og friluftsliv tilgjengeleg men så vidt eg kan sjå har ingen av nettbokhandlane søkefelt for natur og friluftsliv som lydbok så ein må inn å søke på kvar enkelt bok og sjå kva som kjem opp.

    Biblioteka er i så måte greie for der står alle oppstilt så ein kan bla seg kjapt gjennom (i tillegg til å låne dei gratis).

     

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.