Gå til innhold
  • Bli medlem

Turgutten

Aktiv medlem
  • Innlegg

    5
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Turgutten

  1. 52 netter i telt her. Utelivet er herlig, sjølv om sommarveret i år var så som så!
  2. Sjølvsagt skal ein ikkje ta lett på flåttbårne sjukdommar i Noreg. Er klar over at det er mange nordmenn som har fått livet heilt/delvis øydelagd av borrelia. I mange område av landet er også husdyra totalt avhengige av dyre "flåttmiddel" for å overleve. Eg sikta først og fremst til media då eg skreiv at flåttfaren er oppskrytt. VG og Dagbladet tener fett på slike overskrifter: "Dødsflåtten", "Fikk livet ødelagt av denne flåtten" osv.. (At det dør fleire barn i minuttet av malaria, er tydeligvis ikkje kvalifisert til framsidestoff). Dette skaper hysteri og ubegrunna frykt hos mange. Fleire eg kjenner tør rett og slett ikkje å gå i skog og mark, pga flått. Langt nedi artikkelen, etter alt skremselsstoffet, kjem setninga: "Fjerner du flåtten innen 24 timer er du relativt trygg selv om din flått skulle ha hatt bakterien i seg" eller noko i den duren. Dette er dei fleste forskarar/ekspertar einige om. Men ein liten risiko er der nok uansett, sjølv om flåtten blir fjerna med ein gong. Det er bra med fokus på flåtten, men det er viktig å gi eit riktig bilete av situasjonen i staden for å skremma vatnet ut av lettskremte sjeler. Flåtten har komme for å bli, og han bør ikkje vere eit hinder for nordmenn sitt friluftsliv. Det er svært viktig å sjekka sin eigen, og evt barn sin kropp etter ein tur i skog og mark. Satt på spissen er det er ikkje sjølve flåttbittet som er skummelt, men tida flåtten får henge på kroppen. (Men når det gjeld TBE-flåtten, går det visstnok fortare.) Eg bur på ein stad med svært høg flått-tettleik (på Vestlandet), og etter ein tur i skog og mark er ikkje spørsmålet OM eg har flått, men kor mange. Kjenner ofte svak kløe ganske kort tid etter flåttbittet. Flåttfjerning blir nærmast eit ritual etter kvar tur. Dette meinte eg med det forrige, upresise innlegget mitt, og eg beklager dersom nokon tok dette ille opp.
  3. Faren for å bli sjuk av flåttbitt er svært oppskrytt! Dersom du får flåtten av innan 24 timar, er risikoen liten for å bli sjuk. Eg har ca 500-600 flått på meg kvar sommar, men er alltid nøye med å ta dei vekk så snart som mulig, og har dermed aldri blitt sjuk.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.