Gå til innhold
  • Bli medlem

Bergteken

Aktiv medlem
  • Innlegg

    8
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Bergteken

  1. Hei! Er det nokon her som har vore på Snota eller i Trollheimen elles i det siste og veit om dette er mogleg?
  2. Eg har sett at det har vore eit tema tidlegare, men det kan vere nokon har fersk erfaring eller nye idear om det å studere friluftsliv. Sjølv vil eg slutte på ei lektorutdanning ved NTNU etter eitt år og halde på med noko eg verkeleg likar: friluftsliv. No ser eg på friluftsliv, kultur- og naturveiledning i Bø. Er det noko som har gått/går der? Viss du har, kva sitt du att med? Er ein avhengig av anna utdanning i tillegg for å få seg jobb? Korleis er studiet (har sjølvsagt lese om det, men vil gjerne høyre frå praksis)? Andre innspill? På førehand takk!
  3. Ah, hadde vore stas med ein tur dit att no. Riktig god tur til dykk!
  4. Eg har vore på Grøssete i Sogndalsdalen; moglegheit til å bestige mellom anna Torstadnakken. Fin, ganske ny, liten og koseleg turistforeningshytte. Elles har eg vore på Fivla og Vigdalstølen (to hytter i nærleiken av kvarandre) i Jostedalen: fantastisk område. Fivlenosi, Kattøyro og Vangsen er berre nokre få av toppane. Dette er også turistforeningshytter. Elles er det jo campinghytter.
  5. Eg har vore i samtale med bestemor mi, ei kjelde til lokal snørapport. I Espedalen (740 moh) i Gausdal er det 1,40 m med snø. Det har lengje vore berre puddersnø. Men i det siste har det vore rundt 0 og opp til 2-3 gradar. Difor er snøen noko fastare. Likevel, det har ikkje vore vind, så han har halde seg på plass. Bestemor har ikkje vore inne på snaufjellet, men hadde sett det om det hadde blese der. Ser imidlertid at det er spådd vind og nedbør i form av snø i morgon og på fredag. Til helga skal det liggje rundt null i fjellet. Yr kan seie kva som helst, men opplevinga kan like gjerne vere ei anna når ein faktisk er der. Trur det er særs gode skitilhøve. Gler meg stort til vinterferie!
  6. Frå Espedalen er det maskinoppkøyrde løyper som går eit stykke innover fjellet. Det er flott både ved Dalseter (her kan ein gå heilt til Skeikampen eller Kvitfjell, om ein vil) og Strand. I fylgje DNT, vert det oppkøyrd og kvista noko i helga (15. feb.) : Oskampen - Finnbøle - Storhølisæter - Skriurusten. I tillegg: Roasætra - Storkvelvbu - Synstegardsætra. Begge desse løypene kan jo ha utgangspunkt i Espedalen; eg veit ikkje kor de har tenkt dykk? Eg skal sjølv heim på vinterferie i Espedalen til helga. Har difor sendt melding til bestemor mi (som bur der) for å høyre kor mykje snø det er, kor mykje det eigentleg har blese og korleis ho trur det er inne på fjellet. Ventar på svar, men eg kan seie frå når eg høyrer frå ho, viss du vil?
  7. Har innsett at eg får vente litt; har bestemt meg for å ta ein skikkeleg vinterferie heime i Gausdal om eit par veker. Der veit eg det er godt over ein meter. Prøver istaden ein fottur på Nordmøre til helga!
  8. Eg sit i Trondheim og vil ut for å gå opp på eit fjell og køyre ned att. Er det nokon som kan fortelje meg: kvar er den nærmaste plassen med snø som ikkje er hard som is? Nord, sør, aust, vest?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.