Hei.
Ja denne står vel for oppdatering
Ja eg synes denne posen lever opp til forventningane, særskilt med tanke på pris. Den held seg bra, alle saumar og stoff inntakte og framleis god spenst (har vore lagra korrekt). Han står ikkje tilbake for ein del dyrare posar. Om yttertyet kan anast å ha litt lettare for å trekke fukt enn anna ytterty, synes eg at den også er ditto hakket lettare å tørke ved ein solglytt. Dette er dog på "flisespikkerinivå". Noko eg kanskje hadde vektlagt ved ein pose til adskillig høgare pris, men som her jevnt over vert nokså uvesentleg.
I kombinasjon med tynn syntet utanpå, downmat 9 med thermarest ridgerest classic oppå, heldt han over Grønland for meg ned til minus 30, men då byrja det gå på marginane. Kaldare enn 30 minus så vert det noko hustrig, og litt fleire vendingar i posen ila natta. Har ikkje nøyaktige data her, då må eg ned i notata mine.
No er eg meir frossen enn i 2017. Eg er dårlegare trent og har mindre muskelmasse, samt litt større overflate å tape varme frå (utruleg kva som kan skje på 3 år). Held likevel varmen i adskillige kaldare temperaturar enn angitt for posen.