Gå til innhold
  • Bli medlem

Vinnerliste

Populært innhold

Viser innholdet med mest poeng fra 30. april 2016 i Artikkel-kommentarer

  1. Det du påpeikar der @qwer993 er vel eit evig "dilemma" og ei problemstilling. Er kanskje ein grunn til at ein ved enkelte type lange turar og ekspedisonar brukar vassavvisande/vasstett ytterstoff, pluss dampsperrepose inni soveposen. Eg har ikkje noko fasittsvar, og problemstillinga minner meg litt om den evige diskusjonen goretex ikkje goretex, våt utanfrå eller våt innanfrå osv. Forskjellen er at her gjeld det soveposen, eit viktig ledd i tryggleikskjeda. Når ein mann då slepp ut omlag 750 ml fukt i løpet av ei natt, og ei kvinne omlag 500 ml, kan ein spørje seg om det ikkje er like greit med eit skikkeleg pustande ytterstoff. Sølv tenkjer eg at det handlar om balansen, altså at val av materiale og løysingar TOTALT sett gjer at ein kan hanskast med problemet fukt. Over litt tid er det vel det akkumulerte nivå av fukt som gir utslag. Å då ha vassavisande stoff som gjer at fukt ikkje har fri bane inn til duna i kombinasjon med eit pustande innerstoff som ein kan nytte når ein skal tørke fukt ut, tenkjer eg er eit godt oppsett for dei fleste vinterturar i norsk høgfjell. Dette siste er i alle fall det som funkar best for meg. Dette av di eg stort sett, med få unntak, ferdast i norske fjell. Sjølv om me har hyppige væromslag, og her i vest periodevis nokså høg luftfuktigheit, er det oftast slik at ein får ein halv dag, eit par timar eller nokre augneblinkar med litt vind utan nedbør og/eller nokre solglyttar. Er ein då flink å nytte desse til å dandere posen på pulken eller på sekken, evt utanfor teltet, greier ein stort sett halde fuktnivået totalt sett nede på eit vis som gjer at posen funkar fint. Eg er også nokså nøye med å lufte ut av posen ved føttene om morgonen, medan eg framleis ligg i posen, og varmen frå kroppen min hjelper fukta å fordampe. Ei kjapp runde på do utan mneir kle på (dersom det let seg gjere) er også ofte effektivt for å lufta fukta som sitt i "pysjen" ut, før ein legg seg i posen att for morgonkaffe . Eg er ikkje nokon "soveposeteknikar", men har ved fleire høve sett at mine posar med vassavvisande stoff rett og slett held seg fluffy lenger under krevjande tilhøve, enn fleire eg kjenner som har "ultralette" posar med supertynt ytterstoff som pustar. Fukta frå kroppen må uansett passere duna på vegen ut, og det kan verke på meg som at det totale nivået av fukt vert større i posen når ein får belastninga med fukt utanfrå i tillegg. Altså tenkjer eg at det er ok å kunne førebyggje oppbygging av fukt frå kroppen gjennom dei skisserte tiltak, utan i tillegg å skulle bli hysterisk om posen kjem i kontakt med duk/golv/vassflaske/skalljakke osv osv. På tur med slike får eg ein trang til å flytte ut Nokre gonger veit ein at ein skal ut på veldig fuktige greier. Då vil eg nok heller velje tresesongsposen/ein tynn dunpose med ein syntet sommarpose utanpå. Syntetposen tørkar fort anten det er ved hjelp av sol eller frysetørking, tek det meste av kondensen og gir meg eit ekstra luftlag. Då treng eg berre syte for å få lufte ut fukta eg har slept frå kroppen gjennom natta, så har eg ein tørr og påliteleg dunpose i lang tid uavhengig av tilhøve. Vinterpadling er eit slikt døme. Også enkelte breturar.
    4 poeng
Vinnerlisten er satt til Oslo/GMT+02:00
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.