Ved førespurnad om målgruppe og tanke bak teltet fekk testarar dei same opplysningar somn det som ligg ute på nett tilgjengeleg for alle.
Eg tenkte teltet var interessant nett med tanke på alpine turar, samt dei høgdemeterprega vårskiturane eg gjerne tek her på Vestlandet, til dømes i tilknyting til Jostedalsbreen. Det testen avslørte for meg var nett det at teltet fell ned mellom to stolar. Mtp kor "asketisk" tilværelsen i dette teltet er, veg det for mykje.
Men, igjen, ein har eit trygt telt om ein kjøper dette, noko som kan være utslagsgivande for den som skal ferdast høgt i områder som er disponerte for store nedbørsmengder på kort tid, i kombinasjon med vind.
Eg må presisere at den gongen det var pressa ein haug med born inni var det ikkje fordi ein tenkte at dette var eit toppers familietelt til ein viddetur.
Det var enkelt og greit fordi ungane som hadde velt andre soveløysingar for ei natt kom krabbande inn i teltet til mor etterkvart. I soveareal imponerte då teltet i så måte, med seksåringen på tvers ved inngangen og mor og to barn til i lengderetning.
Uttale om storleik i testen er altså ikkje gjort utfrå ein ståstad om at teltet skuffa som komfortabelt familietelt