Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Etter den 8. mai er eg ferdig med 3 av mine 5 eksamenar, og då er det heldigvis langt fram til neste, so då tenkte eg at eg kunne nytte sjansen til å kome meg ut litt. Er litt lei av å sitje her i Trondheim og råtne, vil ut på tur!

Tenkte difor ein liten tur, men har ikkje peiling på kor. Planen er å finne ei DNT-hytte av noko slag, sjølvbetjent, der eg kan vere ein dag eller to og traske litt turar og berre slappe av. Det idéelle hadde vore ei hytte slik som Reinheim på Dovrefjell, men kanskje litt mindre.

Har bil, men vil helst ikkje køyre meir enn to timar kvar veg. Folk har jo nemnd Trollheimen og Sylane for meg, men ingen som veit om hytter til mitt formål.

Eg har heller ikkje skia mine her i Trondheim, so det må nesten vere mogeleg å gå til fots til hytta og i området rundt.

Har nokon tips til hytte for meg?

På forhand takk!

Annonse
Skrevet

Det såg eigentleg veldig interessant ut. Er du kjend med denne ruta? Ei spesiell etappe du vil foreslå? 15 mil blir ein litt lang tur for meg no mellom eksamenane. Står på kntur.no at alle hyttene er lett tilgjengelege frå vegen, so då kan eg vel berre velge å vrake då. 8)

Skrevet

Etter innlegget ditt å dømme så er du muligens student og da har du sikkert tilgang til NTNUI´s koienett. En av idrettslagets mange koselige koier er Lynhøgen i Brungmarka. Fin både som dagstur og tur m/ overnatting. 1/2 times biltur inn til Brøttem ved sørenden av Selbusjøen, deretter 11/2 times sykkeltur til veis ende ved Tangvollelva, og så er det 1-11/2 times fottur inn til selve koia. Det er muligens litt mye snø der enda, men om ei ukes tid skulle det være farbart med sykkel/til fots.

Skrevet
Det såg eigentleg veldig interessant ut. Er du kjend med denne ruta? Ei spesiell etappe du vil foreslå? 15 mil blir ein litt lang tur for meg no mellom eksamenane. Står på kntur.no at alle hyttene er lett tilgjengelege frå vegen, so då kan eg vel berre velge å vrake då. :D

Har aldri vært der selv.... 8)

Skrevet
Etter innlegget ditt å dømme så er du muligens student og da har du sikkert tilgang til NTNUI´s koienett. En av idrettslagets mange koselige koier er Lynhøgen i Brungmarka. Fin både som dagstur og tur m/ overnatting. 1/2 times biltur inn til Brøttem ved sørenden av Selbusjøen, deretter 11/2 times sykkeltur til veis ende ved Tangvollelva, og så er det 1-11/2 times fottur inn til selve koia. Det er muligens litt mye snø der enda, men om ei ukes tid skulle det være farbart med sykkel/til fots.

Njaa... Er student i Trondheim ja, men går på TØH (Trondheim Økonomiske Høgskole), som ligg under Høgskolen i Sør-Trøndelag, so har nok ikkje noko adgang til NTNUI-hytter :D

Skrevet

Yay! Då har eg snakka med Kristiansund og Nordmøre Turistforening, dei skulle sende meg eit kart over Fjordruta med turforslag og greier og greier. Vedkomande sa at det ikkje var noko særleg med snø i området heller, so det skulle gå fint å gå tur der. Då ser det ut som om eg kjem meg ut ein tur! :D

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.