Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Har ein dunpose som eg ikkje er nøgd med. Den har komforttemp på 7+ og er derfor ikkje varm nok for norsk sommar, og eg har frose mykje i den. Den er i tillegg "tung" til å vera så lite varm, 750 gr. Derfor vil eg ha ny pose, men ettersom eg har symaskin og overdrevet stor tru på egne ferdigheter så kanskje eg berre skal kjøpe meir dun og oppgradera posen? I tillegg har eg sett på quilt, pga mindre vekt og volum. Så derfor var målet å sy ein quilt ut av soveposen.

Kjøpte derfor 350 gr 850dun som skal erstatte 270 gr 650dun. Quilten blir ca 130 cm brei oppe, 100 cm nede og ca 180 cm lang (dvs til nasetippen). Syr igjen nederste 50 cm til fotboks. 

Å sette saksa i ein dunpose er interessant oppleving. For å hindre dunragnarok så er det om å gjera å ha kontroll. Eg sydd saum ned langs kanten før eg klypte opp posen slik at duna ikkje føyk rundtomkring.

Hadde nylonstrømpe eller tynn ullsokk framfor støvsugerrøyr for å hindre totalt dunragnarok. Fungerar utmerka.

Under er nokre bilete, er no halveis i å tøme posen for dun. Duna eg tek ut skal inn i ein billegdunjakke som eg då kan bruke som skrotjakke utan å vera redd for glør eller kvister.

 

 

DSC_1625.JPG

DSC_1628.JPG

DSC_1629.JPG

DSC_1630.JPG

DSC_1632.JPG

  • Liker 4
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.