fjellulven Skrevet 19. juli 2006 Skrevet 19. juli 2006 ohoy! Åssen er det med mat/proviant på Turistforeningenes hytter i juli/august?
Ragnar Skrevet 19. juli 2006 Skrevet 19. juli 2006 Reknar med at du tenker på sjølvbetjente turisthytter, då det er desse som har proviant. Ubetjente hytter har ikkje proviant. Kva for hytter som faktisk har proviant kan du sjå på turistforeningen.no. Husk også at nokre hytter er låst, vanlegvis kun med standardlås. Du treng då ein DNT-standardnøkkel som koster 100kr og du må vera medlem for å få kjøpt denne. På turistforeningen.no er også sessongen/opningstidene oppgitt. Veldig mange hytter er opne (evt låst med standardlås) heile året sjølv utanfor desse tidene, men det varierer. Sjekk alltid om hyttene er opne og ring den lokale turistforeningen å spør om dette viss du ferdes utanfor oppgitt sessong. Det same gjeld forsåvidt betjente hytter, dei har ofte ulik opningstider. Viss du for eksemple skulle ta ein tur inn til Olavsbu i Jotunheimen i januar, vil det f.eks. ikkje bli ein hyttetur; den er låst med anna type lås utanfor sessongen. I Ryfylkeheiane og setesdalsheiane er dei fleste hyttene opne heile året, forutan Flørli. Nokre er også stengt i jakt tida Alle hyttene i Norge er drifta av dei lokale medlemsforeningane og har gjerne ulike rutinar og ulikt utval av proviant. Normalt skal det vera eit greit utval av proviant på hyttene i sessongen. Levering av provianten skjer fortrinnsvis kun ein gong pr år og eg trur ikkje det er normalt å supplere for manglande varer ut over dette. På mykje besøkte hytter hender det at det blir litt manko på dei mest populære matvarene ut på hausten, det er min erfaring. Likevel har eg knapt nok opplevd at det ikkje har vore ein god del proviant igjen, gjerne i form av boksmat. Prisane på provianten er ofte ikkje særleg rimeleg. Tar ein med i betrakninga høge transportkostnader, samt at det er eit visst svinn, så er det meir fornuftig prising. Basismat som havregryn, ris og pasta er prisa lågt. Boksmat er som regel dyrt. Svært få hytter har sjokolade i sitt sortiment. Proviant på hyttene er eit svært godt tilbod og det er ikkje gitt at turistforeningane i all framtid kjem til å tilby dette. Det er difor viktig å støtte opp om ordninge og passe på at svinnet blir lågt - ganske enkelt ved å betale - noko dei fleste gjer.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå