Grovabreen ligg innafor Jostedalsbreen Nasjonalpark, men heng ikkje saman med hovedbreen.
Den ligg på grensa mellom Jølster og Førde, og er høgste toppen i Førde kommune.
Værmeldinga sa enkelte byger ut på dagen, så vi skulle egentlig ha komme oss avgårde grytidleg,
men først kl 9.00 kunne vi gå ut av bilen på Dvergsdalstølen, etter ein fin biltur langs eit
blikkstille Jølstravatten. Og på stølen var det også stille, og sola strålte frå blå himmel. Etter å
ha kryssa elva, og gått nokre få hundre meter var det berre å spenne på skia. Snøen var hard
etter den kalde natta, så det var lett å ta seg innover Fagredalen. I bjørkeskogen skremte vi
opp eit par ryper, som likte lite å bli forstyrra i beitinga tidleg på morningen.
I botnen lengst inne var det å ta fatt på 500 høgdemeter opp til sjølve breplatået. Frå 1200 m
gjekk det over til nysnø, men skiene sakk berre 5 cm ned i snøen. Etter ein kort matpause på
dei siste steinane på 1500 m, bar det innover breen, og no begynte dei varsla skyene å legge
seg ned på fjella rundt oss. Så det var berre å traske innover og håpe på det beste. Og sjølv
om utsikta vart dårlegare etter kvart, hadde vi blå himmel over oss heilt til topps. På toppen var
det like stille som då vi starta frå bilen, så det var verkeleg ei flott oppleving.
For ikkje å snakke om returen, med 5 cm pudder, så sjølv ein amatør kunne sette telemarksvingar.
Så returen gjekk rekordraskt, og heile turen var unnagjort på 5 timar. Tilbake på stølen gjekk dei
første bygene på nordsida av Jølster, men kva gjorde det når vi hadde sol på heile turen.