Gå til innhold
  • Bli medlem

vslatten

Passivt medlem
  • Innlegg

    2
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral
  1. Takk for svar, alle saman! Det verkar som eg bør omformulere frå "Ally eller Alpacka?" til "Ally eller Alpacka FØRST?" I den samanheng slo det meg at eg sparar litt på å kjøpe Alpacka i USA. Er det nokon som veit om det er lett å få solgt slike på t.d. finn.no? Eg ser Ally-ar går fort unna der, men desse båtane er kanskje for lite kjent til at dei er like lettsolgte? Dersom eg kan vere rimeleg sikker på å få solgt dei, vil det jo vere rimeleg risikofritt å kjøpe to Alpacka no og så heller selge dei til sommaren igjen, dersom dei ikkje svarar til forventningane. Takk til Skee for generøst tilbud om utlån! Ringer deg på torsdag og avtalar henting, så eg får prøvd ein i praksis.
  2. Hei, Har nokon gode argument i retning Alpacka raft eller Ally-kano for eit sambuarpar som ønsker å utvide friluftslivet med ein del padling? Bakgrunn: I fjor var vi med på ein kanotur frå Synnervika nord i Femunden til Røros og synest dette var veldig artig. Fin blanding av å nyte den stille naturen og litt action i elv og tømmerrenner Her brukte vi stive Hasle-kanoar, noko vi ikkje har plass til i boda i kjellaren på borettslaget... Planen var derfor å kjøpe ein Ally-kano. I vår kjøpte eg meg ein Flytepacker frå Flyweightdesigns.com. Denne er topp til å ta med på fjelltur for å kunne fiske litt på vatn ein kjem fram til. Men den er ikkje noko å satse på som eit transportmiddel over lenger avstand, etter mi erfaring. Men eg merkar at eg set veldig pris på kor lett den er å hive med i sekken og at det går fort å blåse den opp (spes. med Instaflator) når ein kjem fram. Eg tenker derfor at det kan vere at ein Ally ikkje i same grad vert med på tur som ein Alpacka raft, då denne har meir til felles med Flytepacker-en mtp. vekt og "monteringstid". Eg ser for meg at det for det meste vert helgeturar framover, sjølv om vi (i alle fall eg) drømmer om å ta vekesturar også. Pris kjem ut på ca. det same, då eg skal ein tur til USA med jobben i slutten av Oktober og kan få ta i Alpacka raft då. Konkrete spm.: Kva hastigheit held ein typisk med to stk. som padlar ein Ally over flatvatn? Ditto for ein stk. som padlar åleine. Eg har funne folk som skriv 3,5 km/t og 4 km/t for Alpacka, så eg lurer på kor stor skilnaden er. Har folk erfaring med korleis det er å vere på tur som par med to stk. packraft? Ser ein stor fordel med kano i at ein padlar i lag og at eg dermed kan ta i litt ekstra når ho er sliten t.d. Men det går kanskje fint å taue ein packraft etter ein annan? I elv ser eg for meg at ein Alpacka er suveren mtp. kor mykje vatn ein treng i elva. Vil den også vere tryggare mtp kor lett det er å velte? Vi bur i Trondheim. Er det noko her som eig ein Ally eller Alpacka som ville vere villeg til å la meg/oss prøve dei? Lånar deg gjerne Flytepacker-en, om du vil teste den Er det nokon som har andre argument i den eine eller andre retninga? Edit: leif
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.