Gå til innhold
  • Bli medlem

Interbond

Aktiv medlem
  • Innlegg

    216
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Interbond

  1. Balle No kan det godt hende at Jan Mayen hadde hatt ein mykje lågare komforttemp enn Kvitbreen om dei hadde blitt testa likt. Etter det eg forstår så gjeld berre EN standarden ned til -20 sjølv om mange produsentar oppgir EN tall på under dette. Korleis ein dunpose hadde klart seg under Monsens forhold i Canada har eg ingen forutsetning for å kunne svare på,men no er det vel ikkje uvanlig at dunposar har blitt brukt og blir brukt under polarekspedisjonar.
  2. Phaser Testmetodane til Helsport og Isbjørn er ikkje like. Isbjørn har oppgitt -22 for Jan Mayen som komforttemp.Om dette er for menn eller kvinner veit eg ikkje,men skal eg tippe vil eg tru menn. Da blir det i såfall meir naturleg å samanlikne LIM temperaturen(som er komfortempen for menn ifølge EN standarden) for Helsportposen og den er på -21. T komf på -13 oppgitt for Kvitbreen er for kvinner. Sidan dei har brukt ulike testmetodar så veit eg ikkje om ei slik samanlikning blir korrekt. Kanskje nokon som har erfaring med ein eller begge soveposane kan hjelpe trådstartar?
  3. logrus Nei eg veit dessverre ikkje noko meir om dette.
  4. Ein del bra tilbud hos Beveren Sport http://www.beverensport.no/files/SALG2011-5.pdf
  5. Ajungilak dunpose kjøpt i 1981. Farge mørkegrøn utvendig. Ganske tjukt ytterstoff,men det var nok vanlig på den tiden. Innvendig oransje som vel var typisk Ajungilak på 80 tallet.Det kan sjå ut som stoffet innvendig er bomull,men eg er ikkje sikker. Soveposen har nakkekrage og ingen glidelås. Er det nokon som har peiling kva den modellen heiter? Kanskje nokon har gamle brosjyrer eller katalogar liggande.Dette er ein vinterpose.Mulig eg er på villspor,men kan Ajungilak hatt ein modell som heitte Nanok? Er det forresten nokon som har EN temp på Ajungilak Goose Bay Winter? På posen står det comf temp +15 til -20 ekstrem-30 Eg vil anta at dette ikkje er EN målingar og at denne ligg noko lågare. . Gul utvendig,svart innvendig og ein 90cm lang glidelås. Fyllet er gåsedun 90/10 1000gram og antakelig 700 kvalitet. Erfaringar med denne?
  6. Sjekk og britiske butikkar dei har av og til svært gode tilbud. Eg har sjølv handla hos http://www.webtogs.co.uk/ Der får du refundert 20%VAT . Ved ankomst Norge trekk dei frå 20% før dei legg til 25% moms som du må betale. Ved henvendelse til butikken får du da refundert 20% som du betalte da du bestillte vara. Over 375pund er det fri frakt. Det finnes mange andre britiske nettbutikkar som selger til Norge , det er berre å leite til du finn akkurat dit produkt på tilbud. Ingen er billegast på alt.
  7. Fann litt om dei militære syntetiske soveposane som fekk veldig mykje skryt på det svenske forumet Utsidan. Dei norske prisane var veldig låge når eg samanliknar med utenlandske prisar, faktisk så låge at eg lurer på om dei er feil. Vel vel ein skal kanskje ikkje klage på låge prisar...
  8. Ja den såg eg ikkje i farten. Den såg interessant ut. Både Explorer og Survival som begge er dunposer på 1.8 og 1.85kg har comf lim på-30. Hadde vore interessant å visst prisen på dei.
  9. Eg ser til salgs Carinthia miltærsoveposar her i landet. Prisen på dei er mykje lågare enn sivile soveposar med tilsvarande tempereturskala. No veit eg ikke om dei er testa etter EN standarden ,men likevel så er forskjellen i pris påfallande stor. Dette er syntetiske posar som ikkje akkurat er lettvektarar,men det er jo ikkje dei sivile heller berekna for samme kalde forhold. Er det nokon som har prøvd desse? Ser ut som dei er vasstette uten at eg er sikker. Og sidan dei er berekna på det militære markeder er dei kanskje veldig slitesterke? http://equipnorshop.no/products.aspx?cId=49 Defence 6 har ein komforttemp lim på -25 , Sommer Troopen +5 og 3 sesong Defence 4 -15 Dei to siste er berekna på å kunne brukast sammen og systemet gir då ein komfort lim på -35 http://www.military-sleeping-bags.com/pdf/carinthia-katalog-download.pdf
  10. No er det sikkert mange ulike vaskemiddel som er brukande,men her er eit alternativ eg fann http://www.mieleshop.no/shop.cfm?path=142,186 Dun varianten utfører jo det eg etterspør angåande Milo tøymjuknar, altså tilfører feitt til duna. Sport burde kunne vera passande til kunstfibersoveposer. Ellers var det jo en del interessante Miele vaske og impregneringsmiddel for friluftsentusiasten. Kor bra og kor rimeleg det er i bruk samanlikna med for eksempel Milo eller Nikwax kunne vore interessant å visst. Kanskje nokon har erfaring med dette?
  11. Er det nokon som har erfaring med vask av soveposar som vil komme med sin framgangsmåte her? Tenkte både for syntet og dun posar. Det ligg ein del framgangsmåtar på nettet,med ulike variasjonar. Korleis gjer du det? Hånd eller maskinvask? Vaskemiddel? Korleis tørke? Alle har for eksempel ikkje tørketrommel korleis tørker de då posen? Har de merka redusert varmeeffekt etter vask? Reduserer vask effekten meir på syntetposar enn dun forutsatt rett vaskemetode? Etter det eg har lest så mister duna etter gjentatte vask sin vannavstøytande evne, altså feitt/oljelaget i duna blir borte .(Skjer dette også ved rens?) Går det an å gjennopprette dette ved bruk av for eksempel dette produktet http://www.lilleborg.no/eway/default.aspx?pid=232&trg=MainPage_6464&MainPage_6464=7479:27945::1:7643:3:::0:0 Milo tøymjukner? Samtidig har eg lest at ein IKKJE skal bruke tøymjuknar ved vask av sovepose. Milo tøymjuknar innheld lanolin som jo finns naturlig i ull og gjer ulla vassavstøytande. Kan dette gi duna tilbake sin vassavstøytande effekt? Eller er lanolin så forskjellige får dun/fjær sitt oljeinnhold at det ikkje går? Ein anna ting er vel at lanolinen på denne måte også kjem til over alt på soveposen og at dette igjen kanskje har negativ effekt på yttertrekk og inntrekk. Bruk av Milo tøymjuknar kunne kanskje vore eit eksperiment verdt for dei som har ein gammal dunposen som har sett sine beste dagar? PS;Då eg sjekka Nikwax si heimeside om dei hadde dunvaskemiddel for soveposar så anbefaler dei kun dette til 1-2 seongers dunposer. For resten seier dei:**3-4 season down sleeping bags should be professionally cleaned and waterproofed.
  12. Om du ikkje har det veldig travelt så kan kanskje denne vere verdt å vente på http://media.cascadedesigns.com/pdf/MSR%202012%20Stoves%20Release%20NA.pdf redesigna MSR Whisperlite International som og går på gass og har nye kjelestøtter. For min eigen del har eg nettopp kjøpt gameltypen,men eg har gassbrennar får før av og ser egentlig ikkje behov for enda ein til som brukar gass. Denne er for turar der eg vil ha lett oppakning. Ellers har eg ein tidleg Optimus Nova nr 80 som eg kjøpte i 2000 eller kanskje litt før, hugsar ikkje heilt årstalet. Modellen er så gammal at rensesytemet virkar ved at ein ristar på det slik at eit nål bevegar seg. Omtrent som på MSR.Den har eg innebygd i eit Trangia sett. Om Nova fortsatt er like bra i dag veit eg ikkje. Eg er i alle fall fornøgd. Saknar ikkje gassmuligheiten.
  13. For meg er min Jerven Hunter ein uunnværlig del av jaktutstyret. Enten høgt til fjells på reinsjakt eller seinhaustes ikkje full så høgt til fjells på hjortejakt. Føler eg har stor nytte av den i dårlig vær eller når det er kaldt. Trur ikkje eg hadde klart å sitte på post så lenge uten den. Den har nok auka antalet jakttimar ute i felten kraftig for jaktlaget mitt i dårlig og kaldt vær. Det er svært sjelden eg har den heilt lukka så kondens er ikkje nokon problem for meg. Det er kun når det er veldig kaldt eg har den heilt igjen. Det er jo ikkje så veldig praktisk å sitte med heilt lukka jervenduk når dyra dukkar opp
  14. Hei mitt første innlegg her! Dette er ikkje ein salgsannonse ,men eg vil berre lufte interessen. Har nettopp bestillt meg eit Lightwave T0 Ultra XT altså eit einmanns telt med bra stort fortelt. De finn spesifikasjonar for alle Lightwave telta her http://lightwave.uk.com/lightwave_brochure.pdf Kjøpte også med eit passande underlag tilå ha under sjølve teltet, ikkje forteltet. Prisen var sett ned frå 375 pund til 200. Sjølv om eg ikkje har prøvd teltet så er dette eit bra kjøp etter det eg kan skjønne. Og da er det ikkje så nøye at innerteltet må settast opp først. Sidan det er gratis frakt om ein bestiller for over 375 så kjøpte eg like godt eit Arctic T3 for 320 pund nedsatt med 46%. Utifrå spesifikasjonane som eg samanlikna med Hilleberg så ser desse telta bra ut. Om kvaliteten er like bra som Hilleberg gjenstår no å sjå, men litt dårlegare er heller ikkje å forakte, spesiellt til den summen. Arctic T3 er eit ekspedisjons/ vintertelt med stormmatte og raud farge, berekna på 3 personar og berre 4 kg. Størrelsen ser bra ut, sjekk spesifikasjonane. Einaste bakdelen eg ser i farten er at innerteltet blir satt opp først,men på den andre sida så er det vel mange bra vintertelt med nettopp denne patenten. No er eg ikkje akkurat så mykje på vintertur så eg veit ikkje heilt om eg har bruk for det. Eg har eit større telt enn einmanns teltet som eg bestillte om eg treng større ,men det er jo ikkje akkurat eit vintertelt heller eit bra 3 seongstelt. Ein Hagløfs Twin Peak som har fungert heilt utmerka til mitt bruk. Så eg berre lurte på om noko kan vera interessert om eg bestemmer meg for å selge Arctic T3. Eg har ikkje tenkt å ta noko fortjeneste vil berre ha dekka mine utgifter . Kanskje litt spennande å prøve noko nytt? Er det forresten nokon her som har prøvd Lightwave telt?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.