Gå til innhold
  • Bli medlem

Interbond

Passivt medlem
  • Innlegg

    208
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Interbond

  1. Therm A Rest Haven er ingen vanlig sovepose . Her kan du sjå korleis den fungerer klikk på filmen http://cascadedesigns.com/therm-a-rest/sleep-systems/insulation/haven/product
  2. Her er er ein anna test av underlag http://www.outdoorgearlab.com/Sleeping-Pad-Reviews
  3. Ta ein kikk her på Mont-Bells ulike modellar http://www.montbell.us/products/index.php?cat_id=1 Her finn du aktuelle modellar som kjem fint under vektgrensa di. Den lettaste serien heiter Spiral Down 800, nr 3 har ifølge produsenten komfortemp på -1 . Super Spiral serien som har meir stretch er litt tyngre og litt dyrare har to aktuelle modellar nr 3 til -1 og nr 5 til +4 grader. Desse soveposane har fått veldig bra kritikk i USA og vunne ulike prisar. Eg kjøpte ein Spiral Down nr 1 til -9 (3-sesongs pose) og er veldig fornøgd med den,sjølv om eg ikkje har fått testa den ned mot minimumstemperaturen. Det einaste eg kan kritisere er hetta som kjem litt langt ned i augene og at nakkekragen sin stramming ikkje har strikk, berre vanlig snor. Etter det som produsenten skriv og brukarane seier så har den veldig bra vannavstøtande ytterstoff. Dette har eg ikkje fått testa. www.campsaver.com har bra utvalg i Mont-Bell. Eg kjøpte min på tilbud ca 25% billegare enn noverande pris så det er vel verdt å vente på tilbud som brukar å komme med ujamne mellomrom. Prisen eg betalte totalt inkl. moms blei på 2243 kr. (ved handel over 400dollar er det fri frakt frå Campsaver) Sommarposane er billegare enn dette sjølv til ordinær pris. Spiral Down 800 nr 3 ned til -1, personlengde 178cm 539 gram, opp til 193cm 567 gram Super Spiral Down 800 nr 3 ned til -1 personlengde 183cm 596 gram , opp till 198cm 681 gram Super Spiral Down 800 nr 5 til +4 pl 183cm 454gram , 198cm 511gram Her finn du ein test av 3 sesongs posar mellom anna Super Spiral nr 1 som gir deg ein viss peikepinn på Mont-Bell sine ulike sider, noko som og bør gjelde på sommarposane som er ellers like utenom mindre dun og at dei ikkje har nakkekrage. Mangel på nakkekrage gjeld for øvrig og dei fleste merka sine sommarmodellar http://www.outdoorgearlab.com/Sleeping-Bag-Down-3-Season-Reviews Her er forresten ein test av dun sommersoveposar http://www.outdoorgearlab.com/Summer-Weight-Down-Sleeping-Bag-Reviews
  4. Med denne er du godt utrusta om det skulle bli forholdsvis kjølig. Marmot Plasma 30 http://marmot.com/products/plasma_30?p=117
  5. Tatt frå røvertilbudtråden:"25% julerabatt på alle ordinære varer hos Oslo Sportslager. Skriv inn rabattkode "julehandel2011" i kommentarfeltet." Viss dette tilbudet gjeld også for denne posen så får du ein knall sovepose til knall pris http://www.oslosportslager.no/produkt/ajungilak-altitude-winter-dunsovepose-5517.aspx Også uten rabatten er prisen rimelig for ein slik kvalitetspose. Dette er ein del mer enn ditt budsjett,men til gjengjeld har du ein slik pose i mange år framover. Og den skulle tåle ein del fuktigheit. Her kan du sjå ein test http://www.friluftsliv.no/files/image/pdf/000028.pdf Ellers kan du som sagt gjere gode kjøp i USA, sjølv med frakt og moms. Her er ei side med ein del bra tilbud på kvalitets dun vintersoveposar (+2 syntet modellar) http://www.moontrail.com/home.php?cat=328ka . Legg berre merke til at komforttemperaturane her er oppgitt i Fahrenheit . Ved omrekning til celsius bruk denne http://www.wbuf.noaa.gov/tempfc.htm Bergans Senja Ice har for ørvig ein komforttemp ifølge EN standarden på -7C og -14C etter Bergans gamle skala.
  6. Ulik stanglengde er ingen problem når dei er fargekoda.
  7. Her har du eit meget bra telt som nesten er totalt ukjent for nordmenn . Og det til halv pris http://www.webtogs.co.uk/Lightwave_t2_Arctic_2P_Mountain_Tent_102357.html Her ser du mål og vekt http://www.lightwave.uk.com/en/tent_t2arctic.php Einaste forskjellen til det som er på tilbud er at det grøne teltet ikkje ha stormmatter, ellers er det samme teltet. Ser ein på måla så er det eit romslig telt med bra stort fortelt. Då eg handla der så var det fraktfritt ved kjøp over 375 pund og eg fekk VAT 20% refundert. Dermed blir dette eit svært rimeleg kvalitets heilårstelt. Her er ein liten anmeldelse av den røde T3 modellen http://www.alexhibbert.com/reviews/ Dette er eit telt der ein set opp innerteltet først og yttertelt etterpå. Mange nordmenn er veldig skeptiske til dette,men slike telt har vore brukt på mange ekspedisjonar rundt om så sjølv om det er litt meir tungvint å sette opp så er dette systemet velutprøvd.
  8. http://www.webtogs.co.uk/Lightwave/ 50% på Lightwave ryggsekker og Arctic T2 telt som då kostar 247.5 pund. Dette er Lightwaves ekstremtelt og er eit romslig 2 mannstelt på 3250gram. sist eg bestillte var det gartis frakt ved bestilling over 375 pund.
  9. For eksempel her http://www.fntpost.com/Categories/Fur+Home+D+cor/Fur+Products/F+T+Northern+Classics+Fur+Creations/Fur+Hats/Trooper+Style+Fur+Hats/ her er det ingen fuskepels. Kunne godt tenkt meg ei lue derfrå.
  10. Interbond

    Vinterlue

    Ja eg og lurer på kor du har kjøpt skinnlua. Her er forresten ein amerikansk nettbutikk som selger mellom anna skinnluer av viltskinn http://www.fntpost.com/Categories/Fur+Home+D+cor/Fur+Products/F+T+Northern+Classics+Fur+Creations/Fur+Hats/Trooper+Style+Fur+Hats/ Billig er det jo ikkje ,men sikkert langt rimelegare enn i Norge. Har sjølv handla ein del andre produkt der og har kun gode erfaringar med butikken.
  11. http://www.campsaver.com/nitro-15-sleeping-bag-800-down kanskje denne kan vere noko?LIM på -9 og berre 1kg Bestiller du for 400 dollar er det fraktfritt og om eg ikkje tar feil er det ein god del rabatt å hente om du er ny kunde. Du treng berre å legge til moms 25% på prisen så ser du kva du må betale.
  12. Kva slags soveposar har best isolasjonsklaff mot glidelåsen? Eg har merka at eg er temmeleg ømfintlig mot trekk gjennom glidelåsen og opplever at mange posar etter mi meining har for dårlig isolasjonsklaff . Eg har fått for meg at Marmot sine vintersoveposar har godt fyllt dunklaff, og at dette også gjeld Western Mountaineering . Stemmer dette ? Har prøvd nokre RAB modellar, dei virkar jo ellers svært bra,men iskolasjonsklaffen kunne nok vore meir fyllt av dun på dei modelane eg har sett.
  13. Når ein produsent oppgir berre ein temperatur slik som WM sin Lynx på -23 så er dette som oftast det som tilsvarer LIM altså komforttemperatur for menn. Da blir det i såfall meir riktig å samanlikne med LIM komforten for Rab posen som er på -23. Når det for Rab posen står Comfort -15 så er dette altså for kvinner.
  14. Eg lurer på å kjøpe ein syntetisk pose for å bruke om sommar og haust samtidig som den skal vere romslig nok til å kunne bruke ein dunpose inni om vinteren. kva er det som er romsligast av Ajungilak Kompakt 3-sesong, Ajungilak Tundra 3-sesong og Mountain Hardwear Lamina 20 Long? Eg veit Kompakt fås som lang utgave for personar opptil 215cm ,men eg kan ikkje sjå at den er breiare enn 195 cm utgåva. Er MH posen romsligare enn Ajungilak posane? Etter det eg trur er litt ekstra breidde viktigare enn ekstra lengde. Posen eg er ute etter bør helst også kunne brukast ved nokre få kuldegrader.
  15. Tilbudet på Helly Hansen Lifa undertøy varte dessverre berre ein dag.Hadde eg visst det så hadde eg bestillt samme dag Dei har ulike dagstilbud for tida ser det ut til.
  16. Det er fleire bra tilbud hos XXL http://questbackcommunicator.com/IN/QXv3rtAgNM7hwtRa03FfVYg6PJRazyIFvMMH0VWmmi8/WebView.aspx I tillegg hos XXL fås no Helly Hansen Lifa undertøy for 79kr per plagg og det må vel seiast å vera kjempetilbud.Obs max 4 plagg per pers.
  17. Etter det eg har minnes så anbefales det at vaskemaskina har ein kapasitet på minimum 7kg. Og det anbefales ikkje å bruke toppmata maskin. Eg vaska posen min som eg spurte om i første innlegget etter den metoden eg skisserte. Eg vaska den på vanlig syntetprogram på 40gradermed Milo og ein omgang på ullprogram uten vaskemiddel for å få skyllt ut vaskemiddelet grundig. Dette vart poengert av mange produsentar å vere viktig. Det einaste negative var at eg fekk ei 7cm lang rift oppe på innsida av innetrekket. Det kan eg sy igjen eller dekke med for eksempel gorilla tape. Kanskje eg skulle ha køyrt den på eit kortare program først? Hang og la den opp på toppen av dusjkabinettet og badekaret til drypptørking,men det tok faktisk mange dagar før den var tørr sjølv om eg etter vask rulla den sammen mens eg skvisa mest mogeleg vatn før eg hang den opp.
  18. Balle No kan det godt hende at Jan Mayen hadde hatt ein mykje lågare komforttemp enn Kvitbreen om dei hadde blitt testa likt. Etter det eg forstår så gjeld berre EN standarden ned til -20 sjølv om mange produsentar oppgir EN tall på under dette. Korleis ein dunpose hadde klart seg under Monsens forhold i Canada har eg ingen forutsetning for å kunne svare på,men no er det vel ikkje uvanlig at dunposar har blitt brukt og blir brukt under polarekspedisjonar.
  19. Phaser Testmetodane til Helsport og Isbjørn er ikkje like. Isbjørn har oppgitt -22 for Jan Mayen som komforttemp.Om dette er for menn eller kvinner veit eg ikkje,men skal eg tippe vil eg tru menn. Da blir det i såfall meir naturleg å samanlikne LIM temperaturen(som er komfortempen for menn ifølge EN standarden) for Helsportposen og den er på -21. T komf på -13 oppgitt for Kvitbreen er for kvinner. Sidan dei har brukt ulike testmetodar så veit eg ikkje om ei slik samanlikning blir korrekt. Kanskje nokon som har erfaring med ein eller begge soveposane kan hjelpe trådstartar?
  20. logrus Nei eg veit dessverre ikkje noko meir om dette.
  21. Ein del bra tilbud hos Beveren Sport http://www.beverensport.no/files/SALG2011-5.pdf
  22. Ajungilak dunpose kjøpt i 1981. Farge mørkegrøn utvendig. Ganske tjukt ytterstoff,men det var nok vanlig på den tiden. Innvendig oransje som vel var typisk Ajungilak på 80 tallet.Det kan sjå ut som stoffet innvendig er bomull,men eg er ikkje sikker. Soveposen har nakkekrage og ingen glidelås. Er det nokon som har peiling kva den modellen heiter? Kanskje nokon har gamle brosjyrer eller katalogar liggande.Dette er ein vinterpose.Mulig eg er på villspor,men kan Ajungilak hatt ein modell som heitte Nanok? Er det forresten nokon som har EN temp på Ajungilak Goose Bay Winter? På posen står det comf temp +15 til -20 ekstrem-30 Eg vil anta at dette ikkje er EN målingar og at denne ligg noko lågare. . Gul utvendig,svart innvendig og ein 90cm lang glidelås. Fyllet er gåsedun 90/10 1000gram og antakelig 700 kvalitet. Erfaringar med denne?
  23. Sjekk og britiske butikkar dei har av og til svært gode tilbud. Eg har sjølv handla hos http://www.webtogs.co.uk/ Der får du refundert 20%VAT . Ved ankomst Norge trekk dei frå 20% før dei legg til 25% moms som du må betale. Ved henvendelse til butikken får du da refundert 20% som du betalte da du bestillte vara. Over 375pund er det fri frakt. Det finnes mange andre britiske nettbutikkar som selger til Norge , det er berre å leite til du finn akkurat dit produkt på tilbud. Ingen er billegast på alt.
  24. Fann litt om dei militære syntetiske soveposane som fekk veldig mykje skryt på det svenske forumet Utsidan. Dei norske prisane var veldig låge når eg samanliknar med utenlandske prisar, faktisk så låge at eg lurer på om dei er feil. Vel vel ein skal kanskje ikkje klage på låge prisar...
  25. Ja den såg eg ikkje i farten. Den såg interessant ut. Både Explorer og Survival som begge er dunposer på 1.8 og 1.85kg har comf lim på-30. Hadde vore interessant å visst prisen på dei.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.