Gå til innhold
  • Bli medlem

FU

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Innlegg skrevet av FU

  1. Eg gjekk opp til Skålatårnet i sommar og skjønnte ikkje ein drit (for å følge opp saken om Besseggen) då eg høyrde om helikopterflyginga opp mot Skåla av campingvogner og gravemaskiner. Stien er heilt fin, og kva i alle dagar dei skal rette på oppover der skjønner eg absolutt ingenting av. Om det er tilrettelegging på ein eller annan måte for motbakkeløpet er eg i så fall heilt i mot det.

  2. Dette prøvde jeg også nylig, krysset av på "gift", men funker det? Slipper man all toll/moms? Jeg venter fremdeles på pakken med teltet mitt, bestilte i forrige uke..

    Forhåpentlegvis ikkje. Eg er ikkje spesielt interessert i å betale for din toll/moms.

  3. Hmmm, kor god zoom har du? Det har jo vore ein klar dag i dag...

    Eg kjenner heller ikkje att den nuten til venstre, men vinkelen må være lenger vest enn eg var på mitt bilde frå Slettind ettersom det ser ut til at vesle og store skagastølstind går i eitt. No vart eg litt i tvil her...

    Det er ein god del lenger vest enn Slettind. Toppen har også fin utsikt til Fresvikbreen, Syrdalsbreen, Jostedalsbreen, Hardangerjøkulen, Hårteigen, Baksafjell, Folgefonna (litt av den) og Raundalsryggen, Lønahorgi...

  4. FU sitt: Kan det være at St Ringstind er skjult? Hvis så forsøker jeg med Vikafjellet.

    Ellers kunne det vært interessant å få litt tips til RobinM sitt?

    Om St. Ringstind er skjult er eg ikkje sikker på, er ikkje lommekjend i Hurrungane. Men biletet er ikkje tatt frå Vikafjellet.

  5. men så har jeg fått beskjed om at det er alt for mye snø til ikke å ta turen uten ski.

    Kven har du fått beskjed av? Bergen Turlag er jo naturleg å spørje når det gjeld føreforhold i deira område. Eg lurer litt på ein tur til Skåla sjølv på søndag om det er nokolunde ver og tenkte å spørje om føret hjå turlaget når det nærmar seg slutten av veka.

  6. Spørsmålet om informasjonen allereie er "offentleg" (gjennom ei bok på toppen av eit fjell) eller ikkje er her underordna. Det er mangfaldiggjeringa av personinformasjon som er problemet, ved at det blir søkbart gjennom internett.

    Eg veit for eksempel at Datatilsynet har nedlagd forbod mot å gjere den kommunale folketeljinga i Bergen 1912 søkbar på internett (før i 2012), sjølv om denne er allmenn tilgjengeleg og kven som helst kan slå opp i den på statsarkivet.

    No er det vel ikkje så mykje sensitiv informasjon som er notert i ei slik toppbok, men eg trur nok kanskje at Datatilsynet hadde hatt reservasjonar om dei blei spurde. Lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven) har ein paragraf om behandling av personopplysningar, og digitalisering av personopplysningar er behandling av dei opphavlege opplysningane. Skal lovas bokstav følgjast må altså alle som har skrive seg inn i boka kontaktast og gi si godkjenning til prosjektet... :wink: :

    § 8. Vilkår for å behandle personopplysninger

    Personopplysninger (jf. § 2 nr. 1) kan bare behandles dersom den registrerte har samtykket, eller det er fastsatt i lov at det er adgang til slik behandling, eller behandlingen er nødvendig for

    a) å oppfylle en avtale med den registerte, eller for å utføre gjøremål etter den registrertes ønske før en slik avtale inngås,

    :D at den behandlingsansvarlige skal kunne oppfylle en rettslig forpliktelse,

    c) å vareta den registrertes vitale interesser,

    d) å utføre en oppgave av allmenn interesse,

    e) å utøve offentlig myndighet, eller

    f) at den behandlingsansvarlige eller tredjepersoner som opplysningene utleveres til kan vareta en berettiget interesse, og hensynet til den registrertes personvern ikke overstiger denne interessen.

  7. Nokon som har erfaring med impregnering av softshell? Desse er jo gjerne innsatt med eitt eller anna som gjer dei "water resistant" når dei er nye. Men etter nokre vask?

    Har sett til dømes denne impregneringa for softshell, men har nokon prøvd denne eller tilsvarande?

    http://sportsnett.no/wsp/sportsnett/webon.cgi?func=show&table=PRODUCT&func_id=NIX12&var_1=NIX12-W300&categorynu=Z&categorytxt=Impregnering&produkt=Nikwax%20Softshell%20Proof

    I mitt tilfelle er det Arcteryx Gamma MX som etter kvart treng impregnering, tar sjølvsagt særleg imot info om impregnering av akkurat det plagget.

  8. Varmen på Vestlandet dei siste vekene har nok gjort mykje med snøen, også i Bergsdalsfjella. Har ikkje gått i fjella i det siste, men legg ved eit bilete eg tok sist søndag frå Byrkjefjell på Kvamskogen mot Svartavatnet og Bukkafjella (Bergsbukken og Småbrekkebukken som antyder tilstanden då. Elles kan det vere greit å kikke på Senorge sine snøkart: http://www.senorge.no/mapPage.aspx

    Har ikkje telta i området, så teltplassar veit eg ikkje så mykje om, men skulle eg tru var greit å finne?

    post-908-133474549868_thumb.jpg

  9. Har en nok motivasjon kan en klare det mest utrolige skal jeg si deg. Jeg hadde utrolig lyst å gå på Bletoppen, og fjelltopper generelt som lokket. Da gikk jeg på ski fra Liatoppen-Bletoppen-Liatoppen. En blir ikke født med ski eller fjellsko på beina, har en motivasjon og man virkelig brenner for en ting mestrer man det oftest :wink: Men har man ikke motivasjonen, er det ikke sikkert man får med en 6-åring ut av utfartsparkeringen en gang :!:

    No virker det som Croco enno ikkje har så mykje erfaring med å ha sønnen med på tur og difor spør om kva erfaringar andre har hatt. Eg trur at dei aller færraste har erfaringar med at seksåringar går fem mil på ski. Derfor synes eg det ikkje var spesielt relevant informasjon at du har gjort det. Kanskje er sønnen til Croco som deg, men eg trur ikkje han skal planlegge første tur som var han det akkurat...Det får heller bli andre tur...

  10. Det høres sikkert passe langt ut med 3-4 timer. Selv gikk jeg 5 mil på ski som 6-åring.

    Det er vel kanskje 1 av 10 000 seksåringar som går 5 mil på ski, så akkurat det er vel ikkje så relevant informasjon for trådstartar.

    Det høyrest ut som Croco har skjønt det viktigaste, nemleg at motivasjonen for ein seksåring er veldig kontekstuell, ikkje minst er vel andre barn i same alder den aller viktigaste motivasjonen, saman med litt snop etc. Elles kjem det vel an på ver og korleis terrenget elles er og kor mykje spennande det er å oppdage undervegs? 3-4 timar er sikkert passe, om ein bruker heile dagen på det?

  11. Grei og lett tur som kan anbefales er som følger; ta bussen til Sundve på E16, gå til Torvedalshytta via Engjaland og Reppane. Neste dag går dere til Tvinnestølen, gjerne med en tur oppom Kvitanosi. Siste dag er det en fin dagstur til Voss sentrum. Det kan også være muligheter til å overnatte på Engjaland dag 1.

    God tur!

    Når føret tillater det vil eg heller foreslå å ta bussen litt lenger, til starten av Sendedalen på Vikafjellet og følge denne til Torvedalen. Då kan ein gå på sti heile vegen, slepp asfalt og grusveg kilometervis frå Sundve og slepp også den tunge kneika opp til Mykjedalsvatnet. Dessutan er Sendedalen ein flott dal! Sidan de skal ha med telt er det sikkert fordel å sleppe stigninga. Mien som sagt er eg redd juni er litt tidleg i år, det er fortsatt flott skiføre i store delar av området.

  12. I midten av juni vil det i år fortsatt vere mykje snø i Stølsheimen, både i aust mot Vikafjellet og mot vest. Det vil sikkert vere råd å gå dalane frå t.d. Stølsvatnet mot Solrenningen og innover Berdalen mot Åsedalen. Men utover desse dalane bør ein vere førebudd på veldig mykje snø og at elver som seinare på sommaren er lette å passere vil medføre kald vading i midten av juni.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.