Gå til innhold
  • Bli medlem

FU

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Innlegg skrevet av FU

  1. Dømet over har vist at det å stole på media er risikoprosjekt, men det var også ein annan redningsaksjon i helga som for meg virkar temmeleg aktlaust. To tyske kvinner la ut frå Flåm i tretida om ettermiddagen for å gå til Grindaflethytta, ein tur som vel er oppgitt til 7 timar DNT-tid (altså utan pausar). Sola gjekk ned rundt kvart på åtte og halv ni, eller 5 1/2 time etter at dei la ut, var det mørkt.

    Kanskje hadde dei planlagt dette med hovudlykter, kva veit eg, men dei frann i alle fall ikkje fram og måtte flygast ut våte og kalde med helikopter morgonen, etter at Røde kors, Sivilforsvaret, Hovudredningssentralen i Sør Norge og politiet var mobilisert...

    http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article4595205.ece

  2. Morsomt!

    En eller annen tålmodig person er faktisk undertegnede som sammen med Anders Dunker jobbet på Spiterstulen sommeren 92. Vi tok Semmeltind som en laang dagstur og på toppen overrasket Anders med toppils og karamellpudding. Nå er jeg litt usikker på hva som gjorde at vi begynte å bygge der oppe, men det var sikkert litt surt, så vi begynte nok å bygge en levegg som vi etterhvert gjorde større. Mye vil ha mer, så det ble det verste prosjektet ut av det hele. Sannsynligvis hadde vi ambisjon om å komme tilbake og overnatte senere på sommeren. Jeg har dessverre ikke vært der siden, og det kan godt hende andre som har besøkt toppen har bygd på den litt i god stil.

    Her er eit bilete av teltplassen, tatt i fjor:

    http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbilete.asp?filnamn=IMG_3906

  3. Hvis det stemmer, som en debattant skrev over, at 90 % av inntektene fra hyttene går til sentraladministrasjonen, vitner det om en topptung og byråkratisk organisasjon som høyst sannsynlig er mer opptatt av seg selv enn av sine medlemmer.

    Eg har ingen ide om korleis inntektene blir fordelt/brukt, men det som haraldn skriv over er at 90 prosent går til DNT og at det skal dekke driften. Kva som ligg i det, veit eg heller ikkje, men kanskje at 10 prosent går til å lønne vertskapet?

    No er det litt forskjellig korleis belegget er, nokre hytter har mange, andre mindre. Men med 50 personar kvar natt i 3 månader som kvar legg att 1000 kroner pr døgn, så blir det brutto 450 000 kroner på vertskapet, før skatt...fordelt på to som oftast...(har ikkje rekna på moms etc.)

    Når realkapital som hyttene representerer skal vedlikehaldast, betjenting avlønnast, mat innkjøpast og transporterast etc etc, så ruller utgiftene.

    Synes det er snodig at det blir forventa å skulle få full pensjon langt til fjells til "telt-prisar".

  4. Tydeligvis mange som er flinke til og regne her på forumet, men som ikke vil ta stilling til det som egentlig var spørsmålet: er det for dyrt på DNT hytter?

    Mitt svar er i alle fall JA, fordi at de kommersialiserer og ødelegger norsk natur for og tjene store penger på det, men påstår samtidig at de er naturvernere. Hyklere er min mening.

    Meiner du alle DNT sine hytter (ubetjente, sjølvbetjente, betjente), eller dei betjente? Trur ikkje det er så mykje profitt å hente akkurat når det gjeld alle dei sjølvbetjente og ubetjente hyttene, og dei er jo i det store fleirtalet. Kor mykje profitt det er å hente på dei betjente veit eg ikkje. Trur ikkje alle skjønner kva det kostar å drifte slike hytter, STORE pengar blir det vel knapt. For dyrt er det ikkje etter mi meining.

    Ein annan sak er om det bør vere slike hytter i fjellet, men det er eit heilt anna spørsmål og har ikkje noko med pris å gjere.

  5. Det står at : Prislisten og betingelsene gjelder for DNT Oslo og Omegns hytter. Stranddalen er i Rogaland.

    OK, ser at Stavanger turistforening skiller seg ut som ekstremt dyre samanlikna med andre turistforeningar for ikkje-medlemar:

    http://www.turistforeningen.no/files/Stavanger_Turistforening/Priser/Prisliste%20losji%2009.%20.pdf

    Du får finne deg andre turområde enn Stavanger sitt område då kanskje? Eller kjøpe telt... :lol:

  6. Hvor står det at det koster 180 kroner pr barn ?

    Det står i prislistene, som denne:

    http://www.turistforeningen.no/sandhaug/article.php?fo_id=5390&ar_id=9667

    Losji på 4-6-mannsrom kostar 125,- for barn (og de var vel fire?), frukost kostar 55,- Det blir 180,-

    SJølv synes eg ikkje det er spesielt dyrt. Når du vel å hyre deg inn med full pensjon inkludert 3 rettars middag, mange stader langt til fjells, så er det ganske billeg. Alternativet er jo som fleire nemner telt eller også sjølvbetjente hytter.

  7. Moderator si haldning til gamle "Tom" skjønner eg...men Tom er blitt eldre han også visst (og meir opptatt av fjellturar som er fokus i på fjellforum.net)...I alle fall har eg hatt stor glede av rapportane som er lagt ut, og duellen med poenggiving er morsom og interessant! Veldig gode turrapportar frå område utanfor Jotunheimen!mI Jotunheimen er vel snart kvar stein omtalt her...? :D

  8. Eg kjøpte eit Craft-sett til ein veldig billig penge, trur det var nedsett frå rundt 1000 til ca 300 kroner for eit års tid sidan. Eg trengte ei regnbukse til sykling, og den buksa er veldig bra og blir brukt elles når det regner. Jakka har eg aldri brukt, men den er sikkert ok den også....

  9. Alt dette er jo litt avhengig av terrenget. Her på Vestlandet går det ofte i (lang)feller opp, og gliderpreparerte ski ned igjen...Med rett snø bruker eg gjerne smørefrie ski når terrenget er meir variert/kupert, elles smører eg. Smørefrie ski bråker litt meir og glir dårlegare, men med mindre griseri...Alt til sitt bruk... :D

  10. Preparerte skispor over Folgefonnene? Nei.

    For å sitere Bjørn Eidsvåg:

    [...]

    Du må gå de sjøl

    men eg vil gå de med deg

    Eg vil gå de med deg

    Eg prøvde nemleg å gå Folgefonna på langs for eit par år sidan, men måtte avbryte turen ved Fonnabu pga kraftig uver. (http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/index.asp?Kriterie=2&sok=Nordre%20Folgefonna-Holmaskjer%2029.%20april%202006&alt=AND&Kriterie2=2&sok2=&felt=tur&fil=fjellbiletevis&sortering=biletid&nyttsok=ja)

    Skulle gjerne gått turen igjen heile vegen, men det blir nok ikkje i år er eg redd :) Ein fantastisk flott tur er det i alle fall!

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.