Gå til innhold
  • Bli medlem

FU

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Innlegg skrevet av FU

  1. Eg går nok for Helsport Dividal eg også. Merker skepsisen er litt for stor når produsenten av lavvoen ikkje er oppgitt og forhandlaren har alt frå baderomsinnredning til spisebord og heimekinoanlegg i sitt sortiment...Ikkje akkurat ein friluftsspesialist! Greit med 5 års garanti, men det er jo ein fordel at forhandlar/produsent (kven no det er) framleis finst om to månader.

    I tillegg har Helsport myggnetting framfor opninga, og det kan jo kome godt med...

    Takk for tilbakemeldingar!

  2. Eit anna alterantiv enn alle dei gode forslaga over er å ta toget til Finse. Gå Krækkja-Kjeldebu-Rembesdalsseter-Hallingskeid-Geiteryggen-Finse. Evt. korte ned på antal dagar ved å gå Finse-Kjeldebu/Rembesdalsseter-Finse. Eller forlenge ved å gå Geiteryggen-Raggsteindalen-Finse. Elles har eg stor sans for forslaget om å ende opp i Kinsarvik, fantastiske naturovergangar frå den flate austvidda over det meir kuperte vestvidda og ned langs dei ville fossane.

  3. Breheimen blir for varm til sen vår, sommer og tidlig høst.

    Smaken er som baken. Sjølv har eg brukt Breheimen sommar som vinter i mange år, og liker den godt om sommaren også. Det er ikkje alltid 20 grader og sol i fjellet om sommaren...for ikkje å snakke om sein vår og haust. Er det for varmt for Breheimen-buksa bruker eg heller shorts.

  4. Det pleier å ligge snø lenge på sjølve Gulfjellet, altså langs varderekka. Men oppover Ronamanen blir det normalt tidleg bart på ryggen, slik som her 17. april i fjor:

    http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbilete.asp?filnamn=DSC00565

    Her er same dagen tatt innover mot Gulfjellsområdet, litt over der biletet ovanfor er teke:

    http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbilete.asp?filnamn=DSC00566

    Det er mao ofte valfritt å gå til fots eller på ski opp til toppen (må rekne med å gå på noko snø mot slutten på denne tida).

  5. Eg har ikkje vore til fots på Gulfjellstoppen i år, men hadde nok tatt turen denne helga om eg ikkje skulle til Jotunheimen...Vegen opp Ronamanen er min favoritt på denne tida, her er det tidleg bart på ryggen oppover, men du må rekne med snø frå rundt 800 meter og til topps. Men som sagt, eg har ikkje gått i år og veit ikkje korleis det er no. Ruta ser du her:

    http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/viskart.asp?fil=gulfjellet2&farge=blue&zoom=14&senterpunkt=60.385,5.58

    Retur om Tjørnane er nok kanskje litt for tidleg enno, i alle fall må du rekne med meir snø den vegen.

  6. Eg har Trek 7.5 og deltar i det daglege Tour de Fjøsangerløpet...Sykkelen er god, men bremsene er noko drit. Slitasjen i bergensveret er formidabel og bremseklossane blir utslitt før du veit ordet av det. Og med dårlege klossar og drit på felgane er du plutseleg meir eller mindre utan bremsekraft ein regndag. Bremsene er også kronglete å justere om du skifter klossar sjølv.

    Neste gong går eg definitivt for sykkel med skivebremser!

  7. Rosendalsalpane? Fonnabu? Evt. Holmaskjer om de køyrer Sørfjorden RV13.

    Hondalsnuten like før Voss langs RV13.

    Ein kort liten sak er Grøndalsfjellet/Skjelinganosi på Vikafjellet (RV13) med flott utsikt mot Stølsheimen.

    Skålatårnet er jo også flott.

    Ta ein kikk i dei to Oppturbøkene om Hordaland og Sogn og Fjordane (og Geirangerfjorden), så finn du veldig mange flotte turforslag.

  8. Lurte å ta en tur på Gullfjellet nærmere sommeren, og sånn ca, hvor lang tid bør man beregne? Gitt at jeg og personen jeg går med er i ganske god form og liker å ha godt tempo på tur. En 3-4 timer? Mindre? :wink:

    Det blir jo litt avhengig av kor du starter og kva løype du tar og kva du legg i tempo. Raskaste vegen er opp Ronamanen får Osavatnet, og det tar vel ein god halvannan time opp i passe tempo. Sjølv har eg gått/småjogga oppover den ruta på litt over timen.

  9. Gulfjellet er fint, også i mai. Men som nemnt over kan det framleis vere ein del snø i dei øvre delane på denne tida.

    Om du vil sjå litt korleis tilhøva har vore på Gulfjellet dei seinare åra i mai, kan du klikke her:

    http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/index.asp?sok=Bergen og omland&felt=omraade&sortering=dato&fil=fjelltur

    (URL-funksjonen fungerer ikkje i Fjellforum (når det er mellomrom i url-en), så du må klyppe og lime inn heile adressa...)

  10. Det er brøyta fram til Mjølfjell ungdomsherberge litt forbi Ljosanbotn. Reknar med det er greit å køyre, det er mange hytter i området eigd av bergensarar, så altfor vanskelege køyreforhold kan det ikkje vere...:)

    Påsken er i månadsskiftet mars/april, så kvistinga skjer i alle fall i tida før. Snakk med Bergen Turlag, dei veit sikkert meir. Midten av mars er sikkert ei fin tid å gå på, bileta er frå 27. mars for fem år sidan.

  11. Bortsett frå heilt øverst (Vardebrekkune), er nedkøyringa ikkje særleg bratt. Det bratte partiet er heller ikkje så langt og vanlegvis veldig greit å skri:

    http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbilete.asp?filnamn=CRW_1137_RJ

    http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbileteneste.asp?autoid=21801

    Nedkøyringa vidare til Fyre er helst slak og veldig fin, men kan bli litt skavlete og hard tidleg på vinteren og seint på dagen.

    Pulk går veldig greit Ljosanbotn-Grindafletane og heilt fram til nedskriinga, avhengig av veret sjølvsagt. Om våren, når det er blaut snø bør det gå greit også ned til Fyre.

    Bilete frå ein skitur frå Ljosanbotn-Grindafletane-Fyre finn du her:

    http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/index.asp?Kriterie=2&sok=Grindafletane%2027-03-05&alt=AND&Kriterie2=2&sok2=&felt=tur&fil=fjellbiletevis&sortering=biletid&nyttsok=ja

  12. Var ivei en tur i dag og sjekket ut t Trollhetta sekken. Prøvde den på med litt vekt i også, og kjente stoooor forskjell fra Bora`en. Uten tvil en mye mindre behagelig sekk. Hoftebeltene virket helt rare da de var relativt korte og buet alt for mye innover. Tusen takk for hjelpen folkens, det hersker ingen tvil, Bora 95 blir min neste sekk nå. ;)

    Eg har begge sekkane. Trollhetta-sekken syntes eg var ubehageleg å bære når sekken var litt tung, hoftebeltet pressa såpass hardt at det gjorde vondt. Måtte av og til opne hoftebeltet og berre bruke selane. Boraen fungerte betre for min del.

    Men den vetle sekken på Trollhetta-sekken har eg brukt ein del, den fungerer fint som liten transport-sekk når eg sykler til og frå jobben :)

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.