Gå til innhold
  • Bli medlem

FU

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Innlegg skrevet av FU

  1. Det er ikkje heilt tilfeldig at hyttene ikkje er opna i slutten av juni. Aust på vidda er det sikkert greie forhold utan snø, men vestover på vidda er slutten av juni alt for tidleg. Frå Hadlaskar og vidare vestover må de rekne med å gå veldig mykje på snø. Men når det er sagt, vil ruta Mogen-Lågaros-Sandhaug/Besså-Hadlaskar-Stavali-Kinsarvik vere ei veldig flott rute når forholdene tillater det i vest, med dramatiske endringar i naturen.

  2. Her er det vel på plass med ein referanse til kor det står at det skal "forskast" fram ei ny nasjonalkjensle. Elles kan det like godt diskuterast om det er bra at staten bruker 40 millionar på å bygge eit fjell på 8860 meter i Frognerparken. Like hypotetisk.

  3. Dersom det er kun er to gode tilbud i katalogen, som inneholder flere hundre produkter/priser, så får jeg assossiasjoner til spam eller reklame. Dette er en vanlig produktkatalog, såvidt jeg kan bedømme. Skriv gjerne ut de gode tilbudene i klartekst.

    Ein Rab Infinity til 2499,-, som andre sel til 3200,- Etc. etc. Dette er ein messekatalog og prisane gjeld under messa. Elles kan du lese sjølv og vurdere kva som er gode tilbod eller ikkje.

  4. Nei. Kun røverkjøp og gode tilbud i denne tråden. Posten din kvalifiserer ikke til dette, såvidt jeg kan bedømme.

    Neivel, kvar set du grensa for eit godt tilbod? Skibalubaprisane er ein del redusert. Crispi Sydpolen til 2200 som Ute og Sportsnett til dømes sel til mellom 2800 og 2900. Det siste er også Crispi sin rettleiande utsalspris. Men rundt 25 prosent avslag er kanskje ikkje så bra tilbod?

  5. Hei!

    Har plutselig fått en helg til rådighet, og ønsker å komme meg ut på tur:)

    Noen som har forslag til en helgetur i bergensområdet? Har tilgang på en slags bil( bør ikke måtte kjøre mer enn 4-5 mil hver vei;))

    Fiske; ja takk:)

    *har prøvd søkefunksjonen*

    4-5 mil kvar veg betyr at du kjem deg til Vaksdal/Herfendalen, evt. til Kvamskogen/Kvitingen om du lurer bilen din ei mil til kvar veg.

    Herfendalen er eit fint utgangspunkt for å gå mot Høgabu, det er også ein del vatn innover der. Men du må tilbake same staden, evt. gå til Dale og ta togen tilbake:

    http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/geokoding2.asp?b=60.483&l=5.799&z=12&info=Herfendalen

    Du kan også køyre til Boge rett før Vaksdal og gå oppover mot Krosstjørnane og Gråfjellet. Det er eit flott område med mange vatn:

    http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/geokoding2.asp?b=60.463&l=5.799&z=12&info=Krosstjørnane

    For å få tatt ein litt lengre tur ville eg kanskje anbefalt å køyre til Kvitingen i Samnanger. Her kan du gå mot Høgabu (evt. overnatte der) og så dag to gå mot Dukavatna og tilbake om Elvakrokane, eller om Vestre Trongasmog og ned Sotbotnen til Kvitingen.

    http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/geokoding2.asp?b=60.494&l=5.961&z=12&info=Dukavatna

  6. Jeg var på en veldig fin fjelltur ved Voss en helg. Fredag etter jobb tok jeg buss nesten til Vinje, litt forbi Voss. Gikk oppover mot Engjaland, videre til Reppabotn og inn til Torvedalshytta. Lørdag gikk turen til Volahytta. Søndag fra Volahytta til Voss, hvor vi tok toget hjem igjen. En veldig fin tur med fine dagsetapper og mange fiskevann!

    God tur!!

    Turen kan gjerast endå finare ved å ta bussen opp til Sendedalen og går den til du treffer t-stien frå Selhamar og vidare til Torvedalen. Då startar du litt høgare, går rett på sti og slepp den lange og litt kjedelege vegen opp til Reppabotn. Her er nokre bilete frå etappen Sendedalen-Torvedalen: http://tinyurl.com/36r4lm3

  7. Du nemner ikkje kva slags terreng du ønsker, men her er nokre forslag (klikk på pilene):

    http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/fjellrute_2.asp?farge=blue&zoom=9&senterpunkt=60.57125,6.27442

    Det eine er Sendedalen. Du køyrer til Vikafjellet, litt over hårnålssvingane og går inn ein dal vestover. Her kan det vere litt folk, men det er ein veldig fin dal. Eit alternativ er å stoppe rett før hårnålssvingane og så gå mot Grungane/Dueskaret og evt. vidare innover mot Yttredalsvatnet.

    Det er også veldig fint inn mot Grindafletane. Då kan du starte i Ljosanbotn, her stoppar også toget, og gå innover mot Borgarebuvatnet og Soleiefletene.

    Det siste forslaget er området rundt Storavatnet. Då køyrer du oppover Bordalen eit stykke og går opp forbi ein støl som heiter Kullset.

    Alle forslaga inneber (relativt) kort gåtid før du er i området.

  8. Kva med å køyre til Bjergane på Vikafjellet, gå inn til Rappen og telte der. Fint fiskevatn der. Høve til å gå turar i fleire retningar, ikkje så mykje toppturar kanskje, men fint område. Eit alternativ er å gå inn Sendedalen frå Vikafjellet og slå leir ved eitt av vatna der. Då går det også an å køyre til enden av Eksingedalen og gå opp den vegen.

    De kan også køyre til starten av Vikafjellet (Holo), gå inn om Dueskarsvatnet til Ytredalsvatnet og slå leir der. Her er det veldig mange fine toppar i nærleiken. Men eg veit ikkje heilt korleis fisket er det.

    Det går også an å køyre til Mjølfjelltraktene og gå innover mot Grindafletane. Dette er eit veldig flott terreng med vatn her og der og høve til enkelte fine toppar.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.