Eg kjøpte meg Åsnes Ingstad m/ fellelås 200cm på Platou på torsdag. For på Kvamskogen på fredag med hjelpekorpset. Resten av oppsettet er:
Rottefella Chili
Scarpa T4
Erfaringar eg gjorde meg etter ein tur på Såta (802 moh)på laurdagen, som gjekk heilt flott med kortfell. Ein forholdsvis bratt bakke (komediebakken) går ein opp diagonalt, og det same skal gå fint om ein er på veg til til dømes Tveitakvittingen, og skal opp Stoveveggen (bratt!). Eg erfarte at chili-bindingen er ganske stiv, og i kombinasjon med T4-skoa såg eg at ved vanleg bortetter-gåing kjenner ein forskjellen på dette oppsettet og eitt som er lettare, spesielt om ein skal gå langt. (Merk: Her tek eg atterhald, skoa mine var heilt nye og soleis ikkje tilpassa foten min, og ein kan ikkje bedømme skoa etter ein tur, men heller ti turar...) Eg fekk ikkje noko særleg gnagsår av skoa (som regel eit godt teikn ), men kjente at dei klemte godt på foten. Skal du ha deg lette, bortoverski utan sterke krav til stabilitet eller nedovereigenskapar, kan ein like godt kjøpe BC-oppsett.
I og med at eg kjøpte dette oppsettet for variert bruk, mellom anna snørekøyring etter scooter, oppover fjell og nedover att, samt at dei skal vere mogleg å bruke sjølv om ein har på seg ein relativt tung sekk, gjekk eg for 75-mm binding. BC frys berre til, er eg blitt fortald, og har erfart det på vanlege turski som har omlag same pantentet. 75-mm er low-tech samanlikna med BC, og eit svært godt døme på at det enkle ofte er det beste.
På søndagen, (i dag), tok eg meg ein tur i alpintbakken for å teste nedovereigenskapane til herlegheita, og eg må seie at eg vart herleg overraska. Eg hadde kjøpt meg fjellski, men dei oppførte seg delvis som alpint-ski nedover, dog meir fleksibelt. Er sjølv berre vant med å køyre alpint, og køyrer enno stort sett berre parallellsvingar, noko som bindingen og skoa er stive nok til å gjere. Planlegger dog å lære meg og tillegge meg Telemark-teknikkar etter kvart. Eg tykkjer alt i alt at skia oppførte seg eksemplarisk nedover. Hadde eg hatt BC-bindingar hadde nok eg hatt ein litt anna erfaring nedover...
Alt i alt; eg tykkjer så langt at skia er veldig bra, dei gjer som eg vil dei skal gjere. Og treplankar er ikkje noko eg gidd krangle med. Då er det betre at dei gjer som dei får beskjed om.
Sjølv om støvlane og bindingane er noko stive, gir dette ein solid dose med støtte og kontroll når ein skal nedover,
(Eg køyrde med nokre gamle, smørefrie ski med utslitte stålkantar på mitt Vinter-C kurs. Der trakk vi ein del pulk, og både som "pulkesel" og som "ankermann" merkar ein nytten av ski ein har kontroll med. Ingstad-skia mine er ski som, eg vil meine (utan enno å ha prøvd dei med pulk), ein har kontroll med. Hadde eg valgt om att, er det godt mogleg eg hadde gått for Voile 3-pinsbindinga, den var og er fristande, sidan den er ei meir fleksibel løysing, men enn så lenge er eg svært godt nøgd (etter heller få kilometer, riktignok.)