Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Stuttjukken

  1. Eaa og Agnar har spurt etter bilete frå turen. Dei er ikkje klar i skrivande stund, men no har eg endeleg funne ut ein måte å leggja bileta ut. Eg fekk dette endeleg til i eit anna forum, men dette dreiar seg om eit format på 800x600 eller der omkring. Greitt nok det, men eg ser at dei fleste bilete her er lagt ut som "thumbnails", så tips meg nokon. Eit av bileta eg hadde tenkt å leggja ut er frå Steinbotnbreen, ein bre kan henda kun FU her på forumet har sett utanom meg, den gongen han tusla over Rambera.

    Helsing Stuttjukken.

  2. Forutan at det har vore litt tørrare enn normalt, og noko varmare enn normalt, fortel ikkje lista over ytterlegheitene (mest/minst) noko særleg nytt. Som vanleg er Takle i Ytre Sogn nr. 1 og Modalen nr. 2 når det er snakk om nedbørsmengder. Dette gjer at vestre del av Stølsheimen, saman med Ålfotbreen-området litt lenger nord forblir dei våtaste fjellområda i Norge. Svartisen er kanskje på 3. plass når det gjeld nedbørsmengder.

    Helsing Stuttjukken.

  3. Det er mangt mellom himmel og jord som me ikkje forstår, som enkelte av oss likevel får sjå og oppleva. Greitt nok at mangt har sin naturlege forklaring, men det hender at den naturlege forklaringa aldri kjem, rett og slett fordi den ikkje kan det.

    Eg tenkte på det hin dagen. Då påska tok slutt i 2004, var det ein kar som skulle ta seg ein kjapp ettermiddagsskitur på vestsida av Vikjafjellet (Voss - Vik). Dette viste seg å vera broren til ein som eg hadde gått i klasse med på gymnaset i Balestrand ein gong i tida (1982-85). Dette er ein sprek kar i god form, og han skulle ta seg ein liten (?) runde vestover frå Sendedalen på sørsida av høgda. Han hadde gått over Finnbufjellet ein stad og var truleg komen ned i Grøndalen, som er forlenginga av Sendedalen bortanfor vasskiljet, og dalføret trekkjer nedover mot Gullbrå i Eksingedalen (for lokalkjende). Dagen etter kom meldingane om at han var sakna. Ei dame hadde møtt han i Grøndalen, og fekk fortalt frå han at han var på ein runde, og skulle dreia mot venstre (nordvest) og koma seg attende til Vikjafjellsvegen lenger nord. Det var kome uvêr innover utpå kvelden, og det skulle setjast i gong leiteaksjon dagen etter. Det vart prøvd, men uvêret gjorde leitinga nærast umogleg. Det vart brukt snøscutarar, men helikopteret kunne ikkje brukast pga. sikta.

    No nådde desse nyhenda meg óg. Det som var var at ingen forstod kvar han kunne ha gått hen, og teoriane var mange. Fleire stadnamn vart nemnt, men framleis var det ingen som visste kvar han var. Uvêret stod på i fleire dagar, før den første pausen i uvêret kom. Av ein eller annan grunn tenkte eg ganske umiddelbart på etter at meldinga om den sakna var kome ut, var at han hadde gått over Kvanndalsleitet og låg vêrfast der. Kvanndalsleitet ligg på vasskiljet mellom Kvanndalen innanfor Trefall i Eksingedalen, Grøndalen innanfor Gullbrå og Kvilesteinsvatnet i Vik kommune på Sognesida (Framfjordfjelli). Eg gjekk over der i august i 1997.

    1-2 dagar etterpå vart Kvanndalsleitet nemnt i nyhenda, med tanke på leiting der. Så kom dagen dei fann han, nettopp på Kvanndalsleitet. Han var nedkjølt og utmatta, men var elles i god form. Han hadde overlevd på snøvatn og appesinskal, men vêret gjorde at han måtte halda seg der oppe på den vêrharde fjellryggen i 1000-1100 meters høgde, med Tindafjellet litt innanfor. Han kom til hektene etter ei tid, og kom i full vigør att. Dette enda godt, men moralen i dette er a ein må vera utrusta for at turen kan verta varig, sjølv om ein planlegg ein kort tur. Det var no det. Sjølv vart eg overraska over at det viste seg at han var akkurat der eg hadde tenkt at han var. Ingen hadde nemnt staden då eg tenkte på at han var på Kvanndalsleitet, men det var nettopp der han var. Nei, eg har ingen forklaring på kvifor eg visste det. Denne historien har eg ikkje fortald til fleire enn nokre få, men broren hans som eg kjenner fekk vita det. Det hadde ingen betydning for leiteaksjonen dette, og dessutan trudde eg ikkje på det heller før eg var nøydd til det då dei fann han. Sjølv synest eg dette verkar både merkeleg og skremande, og dette er berre ein av fleire merkelege ting eg har opplevd som har med fjellet og gjera. (Tida vil visa om eg tør koma med fleire historiar, og eg tvilar ikkje eit sekund på at eaa og Tore har sett noko, sjølv om det ikkje treng vera snakk om ekte huldrer).

    Helsing Stuttjukken.

  4. Eg har sett gamle bilete frå Bøyabreen i Fjærland frå 1890-åra. I dag er det som kjent kun ein liten isklump att nede ved vatnet inst i dalføret under berget. Lenger oppe ligg brefallet litt skrått nedover, og det vert mindre for kvart år. Supphellebreen nede i dalen ved sida av minkar den óg. Det gamle biletet viste at Bøyabreen gjekk heilt ned i dalen og utover mot Fjærlandsstølen eit stykke, dvs. 1-2 km. lenger ned enn den gjer i dag. Den gongen gjekk dei opp Bøyabreen som ein i dei siste 30 åra har gått opp Briksdalsbreen. Kanskje var området der tunnelopningen og inste enden av vegen inne i dalføret godt under Bøyabreen den gongen.

    Vil me finna dei 7 (eller var det 10) kyrkjesoknene under breen framme i dagen om 100 år? Vert det berre varmare og varmare, og kun det heilt utan eit einaste kuldeframstøyt, vert kanskje Jostedalsbreen mindre enn Ålfotbreen, og kanskje endåtil mindre enn Fresvikbreen er i dag. Det kan godt henda at det har kome fram eit fjellplatå som ein har oppe ved Rambera og Nummestolane aust for Vik i Sogn, der det kun ligg smale striper med blåis att, og bretjukna kan ha minka frå 3-400 meter tjukk til kun 3-4 meter tjukne. Vert det berre varmare og ingenting anna er nok Jostedalsbreen kan henda borte før år 2100. Eg tenkjer på Bjørnabreen i Balestrand, som eg hugsar som den store fonna ovanfor Esebotnen, mellom Gulleplet og Keipen. No er den delt i 2, og det er berre 2 mindre klattar att. Når blåisen er borte og fjellet har kome fram, vert det ikkje ny bredanning att der så lenge det vert stadig varmare. Då m det koma ein kuldeperiode. Kjem den ikkje, nei, så må ein ta farvel med breane. Då kjem dei kanskje aldri attende. Forsvinn Grønlandsisen og Antarktisisen, er kjølemotorane på jorda borte.

    Helsing Stuttjukken.

  5. No anar eg ikkje kor biletet er i frå. Derimot har eg sett sokalla pyramidetoppar ein stad nord i Stølsheimen, nemleg i Vestrebotn midt mellom Vardadalsbu og Norddalen mellom Modalen og Sognefjorden. Der er det ganske mange små pyramidetoppar i eit lite område, men dei er mindre enn det som er på biletet her.

    Helsing Stuttjukken.

  6. Tru ikkje at vêret øydela for turen innover der. Om eg ikkje skulle på fottur, var eg ofte ut av bilen, med både regn og vind i fjeset. Inne ved Fiskevollen fann eg det eg kom for, sjølv om skodda skjulte alt av fjell i Sølen. Eg skulle kikka på Norges største innlands fiskevær, og regnet understreka stemninga der inne i staden for å øydeleggja den. Eg traska mellom dei gamle buene der i mykje av ein time, og var søkk våt då eg var tilbake i bilen. Linsene dogga og måtte turkast på varmeapparatet i bilen. Det var eindel trafikk der inne, men dette regnvêret var så kraftig at det anar meg at jegarane vart skremt attende til bilane og heim. Visst er tek fjellet seg finare ut i sol og finevêr, men regnvêret fekk fram korleis fjellet verkeleg er, sjølv om det er aldri så sjeldan det er slikt regnvêr på desse kantar. Det vart visst sagt at det i somme område på dei kantar ikkje hadde regna så voldsomt på årevis, om eg skal tru på det då. Som vestlandsvêr var dette kun ein tanke over middels styrke på regnet. Det som var annleis med regnet på indre Austlandet denne dagen var at dette varte og varte og varte utan stopp, over 1 døgn utan pause, og det nestan overalt mellom Mjøsa og Trondhjemsfjorden. Var det nokon som fekk hundreårs-regnet den dagen der inne, tru? (Eg trur ikkje det, men dette er sjeldan i dette området).

    Eaa nemnte at om handbrekket rauk, trilla han kan henda ned frå Kjølen og vestover. Hjelper det? For meg er Kjølen det same som grensetraktene mot Sverige, eit område eg var innom på turen då eg køyrde innover frå Stjørdal, gjennom Selbu og Tydal (ikkje langt frå Sylane) til Aursunden, Brekken og Rørøs. For meg er Kjølen der inne. Det finns andre langt mindre Kjølar, men etter mine begrep inngår verken Jotunheimen og Langfjella vidare sørover for nokon Kjøl. Vestover frå Kjølen er for meg som frå t.d. Femunden til Rendalen.

    Kjem Eaa ein tur til "min" del av Vestlandet, bør han trekkja innover til dei mest storslagne delane av Stølsheimen som er i områda rundt Finnafjorden vest for Vik i Sogn. Ein aktuell tur for Eaa er t.d. Ortnevik - båt til Sylvarnes - over Kleivfjellet til Solrenningen - innover mot Finnabottsgavlen og over Urdeggi til Vatnane - dagstur til utsynet over Finnafjorden/Fagerdalsnipa/utsynet mot Sogne- og Arna-fjorden/utsynet mot Jotunheimen/attende til Vatnane - over Hestfjellet og forbi Raudberget til Selhamar - via Askjellsdalsvatnet/Lonevågdalen/Trolladalen til Fjellanger midt i Eksingedalen. Denne turen går utanfor allfarveg over store strekk, men overnattinga skjer i hytter. Ein annan tur for han i "min" vestlege del av Stølsheimen er Straume i Modalen - "Seljestigen" til Vardadalsbu - dagstur i området nordvest for Vardadalsbu med bortgøymde stader ut mot høge stup mot Årsdalen i Bjordal i Sogn - sørover delvis stilaust vest for Smalavatnet til Skavlabu - ned til Mo i Modalen, med fjordutsyn mot Mofjorden. Dette er óg noko for Agnar, når han er sør for Sognefjorden.

    Helsing Stuttjukken.

  7. Eg var innom Sunndalsøra tidleg i september. Fjella bak til venstre for midten minnar faktisk om Store Kalkinn ved Øra, 1880 m.o.h., med den spisse toppen bak berget framfor. Kaldfonna kjem i såfall til venstre for det att. Dette eg skriv har ingenting med fasiten og gjera, då det er mange fjell på begge sider av Sunndalen som minnar om kvarandre på avstand. Det er vanskeleg å vita om dei fjella de tenkjer på er nord eller sør for Sunndalsøra. Skal det ikkje vera råd å sjå toppane eg nemnte på sørsida, må det vera noko anna. Køyrer ein gamlevegen frå Sunndalsøra mot Viklandet (merk gjennomkøyring forbode vidare mot Øksendalen, der det i dag er tunnel), ser fjella de nemner slik ut. Sjølv køyrde eg vidare over Aursjøen til Eikesdalen onsdag 6. september. Det var ein fin dag å oppleva Torbudalen på dette. Tidlegare har eg vore fleire gonger i Innerdalen, så det var kjekt å sjå att fjellandskapet i området der nok ein gong.

    Helsing Stuttjukken.

  8. Svadfjellet i Gulen kan ein like gjerne gå til frå Indre Oppedal. Det er veg langt innover dalføret der, men om den er open for fri ferdsle anar eg ikkje. Går ein så opp til Inngardsstølen, er det ikkje langt innover til Svadfjellet. Sjølv gjekk eg opp frå Asseim og over Synnlikletten til Asseimsstølen (særmerkt samling med stølshus) ein oktoberdag for nokre år sidan. Eg fekk vita at ein kuinne gå vidare over Portevarde mot Sætrestølen, der Svadfjellet er litt lenger inne. Frå Kringla er det ein god del opp og ned trur eg, men det går no eit dalføre innover der óg. De veit sikkert om den merka stien lenger sør, frå Kringla til Stordalen. Ein kan til og med gå frå Stølsvatnet i Ikjefjordfjella (sideveg frå Stordalsstølen), trekkja vestover mot Myrestølen, vidare gjennom dalføret til Årnesstølen, og vidare mot Svadfjellet.

    Sånn går det Eaa, når a og s er ved sida av kvarandre på tastaturet. Når det er sagt, var kanskje ikkje denne skriveleifen så hakkande galen likevel, trur eg. Var det nokon som hadde fortent dette (Ess), var det deg, Eaa. Forumet hadde ikkje vore heilt det same utan deg og dine turrapportar, Eaa. Det same kan seiast om fleire på forumet.

    Eg trur de får setja av nokre dagar eller veker vestpå neste år, Eaa. Etter mange år i Jotunheimen er det på tide å ta turen til fjellområda som dirra i disen langt der ute, som de såg utover mot og "ned" på frå diverse 2k-ar i Jotunheimen. Elles var eg faktisk austpå i dine heimtrakter i ferien, Eaa. Det vart ikkje fotturar, men eg drog blant anna over frå Ringebu på Friisvegen til Atna (Østerdalen), og vidare over Hanestadkjølen til Øvre Rendalen, og endåtil vidare austover mot Fiskevollen ved Sølensjøen. Vêret, nei det var realt styrtregn det, såpass at Østerdalen vart stengd ei tid då. Eg kom meg vidare sidan eg drog over Unset og Brydalen til Tynset. Høyrest dette kjent ut, Eaa?. Kjekt å sjå anna type fjellandskap óg, med breie flyer og vide reinlavsheiar, og toppar her og der. Kor de skal gå til fjells i vest, får de vita frå forumistane her vest. Mellom Sogn og Nordfjord er Agnar svært aktuell, om de dreg der til. Sør for Sognefjorden finn de fleire. (FU, Jarle, g-arnt, kjellinge, osv.).

    Helsing Stuttjukken.

  9. Ein vert ikkje automatisk ein god jegar om ein får trent seg opp til å verta ein god skyttar. Derimot vert ein iallfall ingen god jegar om ein er ein dårleg skyttar, og det føreheld eg meg til. Det stemmer óg at ein ikkje treng skyteprøve for å skyta rådyr med HAGLE, men så er det unnataket då. Skal ein verta ein god jegar, er det mange eigenskapar som må fyllast, men skytinga er iallfall ein av dei. Kontroll over seg sjølv, og det å ferdast i naturen slik at ein kjem innpå viltet utan å skrema det bort er andre eigenskapar. Er ein i eit jaktlag, må ein kunna samarbeida ordentleg. (Lista kan gjerast lang).

    Helsing Stuttjukken.

  10. Konehornet, Kvistadkjerringane, Kjerringkjeftane...........

    Cohkka, oaivve/oaivvit og varre er ulike ord-variantar av fjell, saman med cerru, gaisse, m.fl. Njargga er nes. Visste de at halvvøya mellom Balsfjorden og Ullsfjorden i Troms heiter Stuorra Njargga, og betyr Storneset? Velframme i Tromsdalen går så brua over til Tromsø/Romsa. Også dette området har rikeleg med samiske namn, og det finn ein sørover til Engerdalen i Hedmark (Femundstraktene/Drevsjø).

    Helsing Stuttjukken.

  11. Eg såg at det var ei stor steinurd oppover frå Svartavatnet mot vatn 1364, men det verka som at det går an å gå opp der, og vidare sørover mot Fresvik-Jordalen. Det var kun ein liten snøklatt med blåis der no, og den kan ein passera på avstand. Kart for området heiter "Leikanger".

    Jau, skal Eaa på tur til fjellområda her vest ved Sognefjorden må han forbi mange 2k, ja. Då trur eg det er ein god erstatning med dei lange og høge fjellsidene og liane her vest, som stundom går rett ned i fjorden. Det skal ikkje mangla på at Ess finn kjensla med å vera ovanpå, der det er temmeleg langt ned i botn. Skålatårnet i Loen er blant Norges beste døme på dette, men i Stølsheimen og vidare austover er det store stup mot Finnafjorden, Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden, og mange stader er det utsyn til både Jostedalsbreen og Jotunheimen, men i tillegg vert det utsyn mot Folgefonna og anna høgfjellsområde i Hardanger og Sunnhordland, Stølsheimen, fjellområda rundt Sogn, og vidare mot Sunnfjord og Nordfjord. Eg tenkjer Eaa finn nokre perler her borte.

    Ser at Agnar nemnte at han gjekk frå Romarheimsdalen (Dyrkolbotn reknar eg med) til Skavlabu. Det er ein lang og grei dagsmarsj i svært kuppert terreng. Kor gjekk turen vidare, Agnar? Ein annan gong får de ta turen Straume i Modalen - "Seljestigen" til Vardadalsbu - Norddalen - Ortnevik i Sogn, eller vidare Solrenningen (frå Norddalen) - Vatnane (min favoritt) - Åsedalen - Vikjafjellet, eller vidare Selhamar (Raudberget) - Torvedalen - Volahytta/Tvinnestølen - Voss. I juli tok eg turen frå Stussdal i Romarheimsdalen og vestover mot Kalvedalen i Fjonfjella (mot Masfjorden vestover).

    Bilete kjem når eg klarar å få til dette med bilete på datamaskinen og nettet. Digitalkamera (Canon speilrefleks) skaffa eg meg tidleg i sommar. For tida er dei lasta ned på fotosida mi hjå Foto Knudsen. Elles nemner eg turen sist laurdag då eg skada meg litt, kjem i ein annan tråd seinare. Fjellområdet denne turen gjekk i er eit bortgøymt paradis, som er tung og krevjande å koma til, men vakrare område skal ein leita lenge etter. Det er lettare å gå frå Turtagrø til Fannaråki, enn opp i desse bortgøymde botnane, sjølv om stigninga oppover er kun rundt det halve. Og går ein heilt opp på toppen, og held fram til neste topp, kan ein sjå til både Fannaråki og Hurrungane, og ifølgje ods siktelinjer skulle Galdhøpiggen vera i sikte óg. Dette er på vestsida av Steinslandsvatnet i Modalen. Så kan Agnar og Eaa berre finna fram eigna kart på nettet og kikka. Kartet heiter "Eksingadalen". Botnane heiter Tverrabotnen og Sæterbotnen, og er mellom Gråsida 1165 og topp 1191 og topp 1211, sistnemnde med utsyn mot Jotunheimen.

    Helsing Stuttjukken.

  12. Ser at Tiri fekk oppklart litt i skilnaden på skyteprøven og jegerprøven. Jegerprøven er det teoretiske kurs-grunnlaget. Med det får ein lov til å gå på jakt åleine og skaffa seg eige våpen. Skyteprøven derimot er ein skytetest ein må bestå, for å få lov til å skyta storvilt (elg, hjort, rein, rådyr). Medan jegerprøven er noko ein kun tek ein gong, så sant ein skikkar seg vel vidare, skal skyteprøven for storvilt gjennomførast kvart år før jakta. Kun dei som har bestått kan skyta storvilt. Det er ikkje skyteprøve for å skyta småvilt (rev, hare, m.m.) og fugl. Både hagle og rifle kan brukast på småvilt. Heller ikkje småviltjakt er aktuelt for meg før eg kan skyta ordentleg, sjølv om det ikkje er krav om skyteprøve her. Eg har lov til å gå på jakt, men eg ventar med det til skytinga er tilfredsstillande og sikker nok. Jakt for meg handlar iallfall ikkje om lyst-drap, for det er ikkje aktuelt å hausta meir enn strengt naudsamt. T.d. hjort, for treng eg kun 1 hjort, skyt eg kun 1 hjort og let det vera med det. For meg er jakt å hausta av naturen kun til eige bruk, og når det er gjort skal det ikkje jaktast ytterlegare kun fordi det er moro. Det handlar om frie dyr, så lyst-jakt utover behovet er uaktuelt for meg.

    Helsing Stuttjukken.

  13. Det er overstrødd med slike turistvardar på Dalsnibba ved Geiranger óg. Uvettig varding er både tull og uakseptabelt. Vel, det kan no vera artig å setja opp ei steinrøys der ein ferdast, og det har hendt nokre gonger at eg har sett opp 2-4 steinar, med tanke på å kunna ha dei for seinare vandring i lite brukte fjellområde utanfor allfarveg. Når dei har gjort sitt, har det hendt at eg har rive dei ned att óg. På stader som Nordkapp, Dalsnibba, m.fl. er den utbreidde vardebyggjinga noko tull, sjølv om dette ikkje engasjerer meg akkurat.

    Vardar skal helst ha ein eller fleire av følgjande funksjonar:

    - I samanheng med stianlegg, med eller utan merking.

    - Toppvardar.

    - Vardar for utmarksgrenser mellom gardar, og dei er gjerne større i samanheng med kommune- og fylkes-grenser. Riksgrensene har sitt eige system.

    - Det er nok fleire vardefunksjonar.

    Helsing Stuttjukken.

  14. Ørjan si rute til Fresvikbreen er den kortaste frå veg til bre. Sjølv går det eindel folk frå Fresvik (stølen Engi), og innover den storslagne og tronge Tundalen (jfr. tråden om turen i fotefara til Gjest Baardsen), og opp til Vassosen. Derifrå trekkjer dei opp mot Fresvikbreen, og går i taulag nordover mot Huldakyrkja, ein bergtind ovanfor Storedalen på austsida av breen. Ser Agnar på kartet over Gullsetedalen, ser han at det er råd å ta seg opp den bratte fjellsida mot søraust frå Gullsete, og over toppen på 1625 m.o.h. (utan namn), der ein så går ned! på breen. Vinterturar tek ein frå Fossestølen på vikjafjellet eller frå Skard i Fresvik over Langafjellet og Rjupeskard. Bilete, ja. Eg tok mange bilete denne dagen. Eg held på med å læra meg bilethandsaming på datamaskinen no. Når eg kjem langt nok i dette, slik at eg får dette til, kjem eg til å leggja ut bilete frå turen på denne tråden.

    Denne turen gjekk eg tysdag for 5 dagar sidan, men torsdag, fredag og laurdag denne veka gjekk eg 2 korte og middels lette turar (Romarheimsmarka/Lindås og Hamlagrø) og 1 kort og blytung tur (vestsida av Steinslandsvatnet, Modalen). Er det interesse for det, kunne eg kanskje ordna til ein tråd med små turperler på midtre Vestlandet. (Lengre turar som denne tråden fortel om kan koma som eigne trådar, som før). Turane er kanskje ikkje i kategorien fjell-SPORT, men kan henda dei er å betrakta som turar for tur-gourmetar, lågt eller høgt. G-arnt har spurt meg om liane på vestsida av Steinslandsvatnet. Den eine ruta er framleis OK, medan den andre er i ferd med å verta så gjengrodd at den er livsfarleg. Eit solid fall i går førte til mistanke om brest i sidebein på høgre sida, men eg er på beina i dag, om enn i ro med smerter i sida i enkelte kroppstillingar. Eg har tru på at dette går over etter ei tid, så eg reknar med å kunna ta fleire turar utover hausten, når tid og vêr tillet det.

    Helsing Stuttjukken, småskadd, men optimist likevel.

  15. Vel, eg tok Jegerprøven i vår. No byrjar eg ikkje med jakt førebels, iallfall ikkje denne hausten. Ein ting er iallfall viktig for meg, same kor mykje Jegerprøve eg har, og det er å verta såpass godt skytetrent at eg er i stand til å treffa dyret der eg skal og ikkje alle andre stader. Det er óg noko som heiter skyteprøven (oppskyting) for dei som skal skyta storvilt, men eg óg har stilt meg sjølv spørsmål om slingringsmonnet i kravet til å bestå denne. Uansett synest ikkje eg at eg er god nok til å skyta førebels, så jakta får venta til eg er langt betre på skytinga. Dessutan er det ein ting til, nemleg godt skyte- og våpen-vett for å kunna driva sikker jakt, samt vurderingsevnen til å avstå frå og skyta når ein ikkje er 100% sikker på å treffa der ein skal og at bakgrunnen er sikker om ein bommar. Uansett, i år held eg meg til "fotojakta". Heldigvis møter eg sunne haldningar til jakt og sikker våpenhandtering der eg er med på skytetrening i Bergensområdet.

    Helsing Stuttjukken.

  16. Eg har kun gått "normalruta" frå Langhuso i Undredal til Grindafletna. Dette er det same som den merka ruta. Så vidt eg veit kan ein gå etter den merka ruta frå Grindafletna, over Skammadalshøgdi (flott utsyn over fjellandskapet med Nisedalen nordover mot Nærøyfjorden), dyregravene over Jonadalsbotnen, ned til hytta på Fessedn (Fossane) og opp i høgda nedanfor Store Breen (kun ein liten klatt att i dag, og er meint som fjellnamn i vår tid). Der den merka stien hallar ned høgda (ca. 1570 m.o.h.) under Store Breen (1662 m.o.h.) plar folk traska ut over det breie fjellpartiet overstrødd med steinrøysar i retning Stiganosi, 1761 m.o.h., der ein passerer Syrdalsbreen. Folk plar trekkja nedover fjellryggen til den kjende høgdagarden Stigen, der det bur folk sommarstid som tek i mot fjellvandrarar. Det skal vera merka sti frå Undredalsbygdi og opp i fjellet over Hovdungo, og ned mot Stigen. Når ein går ned frå Stiganosi, kan ein gå ned til denne stien og følgja den til Undredal. Dette er ein skikkeleg lang dagsmarsj, og folk i vanleg turform treng over halve døgnet på turen. Det tek nok 3-6 timar lenger tid denne lange ruta enn det ein treng på den merka stien ned til Langhuso, mellom tunnelane oppe i Undredalen. Elles nemner eg at lokalkjende i Undredal fortalde om ei umerka rute, truleg på det næraste stilaust. Denne gjekk frå Grindafletna og nedover Undredalføret til ein nærmar seg elvakløfta mot Langhuso. Dei forlot dalføret og gjekk opp til vatna i Undredalsmoen og gjennom Fjellmannskard, før dei trakk ned att i Undredalføret og følgde dalen vidare ned til opninga frå Gudvangatunnelen ovanfor Langhuso. (Eg veit at det siste ikkje har noko med spørsmålet ditt og gjera, men eg nemner denne ruta eg har høyrt om likevel).

    I Undredal hadde dei ein støl i Nisedalen ovanfor Nærøyfjorden. Det er råd å få auga på ei nyare hytte oppført på gamle stølstufter, frå nordsida av Skammadalshøgdi (1605 m.o.h.). Buførevegen gjekk opp frå Undredal ved Aurlandsfjorden, innover dalføret til Langhuso (geitedrift i dag), opp i Jonadalen (stølstufter) og inn i botn, opp på nordsida til overgangen litt nedanfor toppen av Store Breen (passerer ca. 1570 m.o.h.), ned på Fessedn, og deretter ned Nisedalen til stølen, ca. 900 m.o.h., litt over skogen. Dette er ein solid stølsveg som det står respekt av. Det var nok dei utmerka gode beitene i Nisedalen som gjorde det umenneskelege slitet med buføringa over høgfjellet der verd slitet. I dag driv grunneigarane hjortejakt i Nisedalen og ned mot kanten mot stupet ovanfor Nærøyfjorden. Dei driv det tradisjonelt med kløvhest over Store Breen til hytta deira på Fessedn (1397 m.o.h.). Eg fekk møta desse karane frå Undredal på ei kløvjing før jakta oppe på Fessedn for nokre år sidan. Dei fortalde om Systraskardet, rett opp mot vest frå stølen i Nisedalen (kan sjåast på avstand frå Skammadalshøgdi), der det er luftig utsyn rett ned i fjordbotnen mot Gudvangen i Nærøyfjorden. Der kunne eg tenkt meg å gå sjølv ein gong.

    Vil de vita meir om turområdet, ta kontakt med Hege Strømme på Stigen gard, eller grunneigarane Stig Arne Borlaug, Magne Underdal, Jon Underdal eller bussjåfør Svenn Vidar Stegen (har tilgang til nyoppført hytte på Flenjaeggji), alle bur i Undredal. Tlf.nr. finn de i katalogen eller på nettet, Aurland kommune i Sogn og Fjordane.

    Helsing Stuttjukken.

  17. Turen innover dette dalføret er ingen teknisk utfordring, men det er noko lengde på turen, ca. 1 mil kvar veg. Derimot byr dalføret på eit sjeldant storslagent og dramatisk fjellandskap rundt dalføret. Det er mao. svært villt fjellandskap i denne elles vakkert grøne stølsdalføret. Det er mange klatreveggar her inne, for dei som er interesserte i det. Nordaust for Rambera er det ein liten og bratt brearm (Steinbotnbreen) som kastar seg villt eit lite stykke nedover mot Gullsetedalen.

    Turen startar i Feios, 7-8 km. innover rv. 602 forbi Vangsnes ferjekai, Midtre Sogn. Kjem ein frå Vik, køyrer ein berre forbi Vangsnes ferjekai og vidare innover mot søraust. Kjem ein med ferja, svingar ein til venstre frå kaien, (der "alle" køyrer framover mot høgre i retning Vik/Voss). Passér butikken på kaien i Feios, der vegen krokar seg trongt og kryssar elva. Rett etter bakken opp frå brua tek ein av mot høgre og svingar kraftig inn på vegen oppover. Dermed er det berre å følgja vegen oppover Feiosbygdi til ein kjem lengst inn innanfor Tjønn og Grindedal. Eit lite skilt viser vegen til Gullsete. Køyr nett oppover grusvegen som tek av her innover 1-200 meter, og parkér før første grinda. (Skal ein køyra vidare, får ein ta kontakt med grunneigarane, men turen innover resten av grusvegen er ikkje lenger enn at det ikkje trengs, ca. 2 km.).

    Dermed er det berre å ta beina fatt oppover grusvegen. Snart er ein oppe ved den første stølen, som kallast Varpe. Der står det eit sel i vegkanten, 374 m.o.h. Dermed ber det litt oppover skogen, og vel framme ved ei støypt bru tek skogsvegen slutt. Ei gravemaskin var i arbeid der då eg gjekk der, så det kan godt henda at det skal lagast skogsveg lenger innover. Etter brua ber det på god sti innover skogen i dalføret. Oppe til venstre strekkjer Turid-dalen oppover, med Astrid-botnen til høgre for seg. Eg har høyrt om at folk går opp der og over høgda forbi Fresvikbreen og ned Helgedalen og Storedalen til Fresvik, lenger inne i Sogn. Etter ein kort marsj er ein framme ved Haugasete, 460 m.o.h. No ser ein innover Haugasetdalen, med Hestfjellet under Rambertinden/Rambera som blikkfang der inne.

    Stien held fram frå Haugasete, og trekkjer innover det skogkledde dalføret innover. Stundom er stien nære elva. Dette er Storelvi i Feios, ei noko så sjeldan som heilt urørt elv utan utbyggjing av noko slag. Det kan henda at enkelte av høgfjellsvatna sør og vest mot Seljedalen i Vik er overført Refsdal Kraftverk i Vik, men breelva frå Fresvikbreen er urørt iallfall, og den renn friskt. Eg hadde ikkje teke sjanse på å kryssa denne utan bru, så stor som den var i haustvarmen den dagen eg var der. Innover Haugasetdalen kryssar stien elva på ei bru, og vel oppe på ei svær steinurd av ein morenerygg ber det over elva på ei bru nok ein gong. Dermed er ein oppe ved Gullsete, 715 m.o.h., der stølen ligg oppå moreneryggen med flott utsyn nedover Haugasetdalen. Gullsete har namnet sitt frå at beitene her var så saftige at kyrne mjølka svært feit mjølk. Det mørkast og kraftigast gule smøret på stølane i Feios kom frå Gullsete, derav namnet.

    No skiftar dalføret namn til Gullsetedalen. Rett over stølen mot vest ser ein opp i Steinbotnen til høgre for Hestfjellet og Rambera/Rambertinden, 1623 m.o.h. Rambera kan nok bestigast ved vanleg gange ved å traska opp den lange fjellsida lenger inne i Gullsetedalen mot Svartavatnet, etter at skogen i fjellsida har stoppa opp. (Dei høgste trea når opp i ca. 1200 m.o.h. lenger nede i dalføret, såg det ut til). Det er skikkeleg bratt, men det såg framkomeleg ut. Frå Gullsete held eit solid sauetrakk vidare innover Gullsetedalen. Det ber over ein vierkledd flate, og deretter gjennom eit lite skogholt. Så ber det ut på dei breie lyngheiane. Her er det frodig, svært frodig. Den som likar tyttebær finn mange kilo av dei her inne. Sjeldan ser eg så mykje tyttebær på ein stad som eg såg her. Det som slår ein her inne er den rike og kraftige elvasusen, som vert stadig sjeldnare å høyra i norske fjell. Små flokkar av sauer beita villig her inne, og dei slår følgje med fjellvandrarane her inne i påvente av godsaker.

    Snart er ein oppe ved Svartavatnet, 983 m.o.h. No er ein inne i ein dramatisk og vill botn, der fjellsidene stupar nestan loddrett nedover mot vatnet. Store steinurder omkransar vatnet. Den største fossen oppe til venstre kjem direkte frå Fresvikbreen. Ein ser ikkje breen her nede frå, men den ligg nett bak kanten der fossen kjem i frå. Det verkar som at breen har trekt seg så mykje attende, at den ikkje er synleg nedefrå lenger. Sør for vatnet heng det små brearmar med blåis, men ingen av dei har direkte kontakt med Fresvikbreen. Då eg var der var elva for stor, men når ein kan kryssa elva kan ein trekkja oppover fjellsida mot vest, der ein kan gå opp til både Nummestolane (nærast), 1640 m.o.h., og Rambertinden, 1623 m.o.h. Ein kan óg trekkja opp steinurdane innanfor vatnet og trekkja over fjellet mot Feiosdalen og Fresvik-Jordalen.

    God tur til eit spanande fjellområde med dramatisk fjell- og bre-landskap. Jfr. FU sine bilete på Vestlandsquisen tidleg i september i år.

    Helsing Stuttjukken.

  18. Store Kalkinn er 1880 m.o.h., og har foten i fjorden ved Sunndalsøra. Ved sida av er Kaldfonna, 1848 m.o.h., det same som Skåla i Loen. Fjellsidene nedst i Sunndalen er ikkje berre 1500 meter høge, for dei er stundom meir enn 1800 meter høge. Store Kalkinn har ei bakside, som skal vera lett å gå opp frå. Trolla ligg over mot Innerdalen, og er kjent for sine klatrevegger, og ligg nære det endå meir kjende Innerdalstårnet ("Blåfjell" i Barne-TV). Korleis Trolla kan nåast utan klatring anar eg ikkje.

    Ved å følgja Aursjøvegen oppover frå Sunndalen, kjem ein opp til eit vatn etter ein demning. Der går det ein svært dårleg (såvidt køyrbar om ein ikkje er redd for bilen) veg mot venstre i nordaustleg retning. Ved enden av den vegen går det ein sti innover Raudbergdalen mot Raudberghytta. Eg reknar med at store Kalkinn kan nåast frå å trekkja nordover frå Raudbergdalen, og Kaldfonna likeeins frå denne sida. Elles kan Aursjøvegen vera grei å nytta for mange fjelltopar i Sunndalsfjella og Eikesdalsfjella, og somme toppar er over 1900 m.o.h.

    Helsing Stuttjukken.

  19. Det er ein kjennsgjerning at breane har minka hardt i år. Eg passerte Vangsnes ferjekai i Midtre Sogn i går. Eit blikk over mot Esefjorden innanfor Balestrand avslørte noko eg ikkje trudde eg nokon gong skulle koma til å sjå. Bjørnabreen oppunder Keipen har i alle år lagt brei tvers over øvst i fjellsida, om enn litt smalare på midten. I går såg eg at den var så og sei delt i 2, og blåisen lyser lang veg.

    Helsing Stuttjukken.

  20. No er det snart 2 veker sidan eg var innom her. FU sitt bilete er frå ein topp som eg var like i nærleiken av i går. Sjølv toppen har eg tenkt å ta turen til eit anna år. Biletet er frå Rambertinden på Rambera søraust for Vik i Sogn, 1623 m.o.h. Litt lenger sør er Ytstevarden på Nummestolane, 1640 m.o.h. Eit av bileta hans viser eit dalføre med Fresvikbreen like bak, og i går var eg ein tur i dalen han tok bilete av frå toppen. Snøen har minka mykje sidan biletet til FU er teke, og no er det for det meste kun blåisen i fonnene som er att der inne, men eg kjende att snøfonnene som hang i fjellsidene rundt dalen. Gårsdagens tur gjekk inn dalføret sørover frå Feios, og nedi der opplever ein storheita fjella der inne viser. Fossen i biletet rann stor og frisk i går, slik at elva var for stor til å koma over. Eg hadde tenkt å gå litt oppover mot Nummestolane, men elva var for stor. Det har vore 2 varme dagar der inne no, så smeltinga av blåisen skaut fart. Turen frå Feios til Svartavatnet mellom Nummestolane og Fresvikbreen var ca. 10 km. kvar veg på god sti. Ved Gullsete reiste Hestfjellet seg dramatisk og flott over dalen. Hestfjellet er ryggen like aust for toppen av Rambera der FU stod. like nord for Rambertinden kjem det ein liten, men flott brearm ned øvst i eit dalsøkk rett under Rambertinden, men namnet Steinbotnbreen. FU passerte truleg denne, like nord for toppen.

    FU kunne godt ha fortalt om denne turen i kategorien turrapportar. Det hadde vore interessant. Ta gjerne turen innover frå Feios ein annan gong, for der opplever ein kor dramatisk og storslagen Rambera og Nummestolane er. (Det gjer ein forresten inst i Seljedalen i Vik óg).

    Helsing Stuttjukken.

  21. Eit par toppar på rundt 1900 m.o.h. hadde eit svakt dryss av nysnø ty. 5/9, frå ca. 1750 m.o.h. og oppover. Dette var i Sunndalsfjella og Eikesdalsfjella, sett frå vegen gjennom Torbudalen og forbi Aursjøen, på fjellvegen mellom Sunndalsøra og Eikesdalen. Var på tur for å sjå norges djupaste dal under norges høgaste/største li under norges største fjell frå fjord til topp, Litledalen ved Sunndalsøra.

    Helsing Stuttjukken.

  22. Kulturlandskap er visstnok eit fint og populært ord i vår tid. Det er etter mi meining litt misvisande. Eg tenkjer at det er betre å sei tradisjonelt kultivert landskap, og tenkjer på landskapet som er forma av folk som har busett seg og teke i bruk landskapet for å dyrka jorda, ordna beiter, åkrar, slåttemark, skogsslåtter, stell av jord og skog, husbyggjing for folk og fe med hus til eit kvart føremål (våningshus, fjøs, høyløer, smie, stabbur, kårhus, m.m. I skogen bygde dei mange små høyløer for lagring av høy og staur. Somme hesjer stod ute heile året, også i skogen. Stakkstaurar var det andre stader. Innover i fjellet vart det ordna stølar med sel, gode buføringsstiar, og det vart ofte rydda skog for å få på plass ein større eller mindre selsbø, m.m. Det vart gjerne laga til tersklar eller klopper over elvar for å få dyra trygt fram. Andre trekk med kulturlandskapet er møllene ved elvane, eller gamle oppgangssager. Etter som tekniske nyvinningar gav fleire moglegheiter, kom det skogsvegar, det vart vanleg med flatehogst av store areal, m.m. Samanlikna med eldre driftsformer, resulterte slike nyvinningar til større inngrep i både naturen og det gamle kulturlandskapet, og der det var mogleg og interesse for det, kom bilvegane til stølane. Samstundes kom dei tekniske inngrepa gjennom vasskraftutbyggjingane.

    Eit godt døme på gammaldags vestlandsk kulturlandskap som er halden i god stand er Havråtunet på Osterøy, og kan nåast ved å køyra over brua frå E 16 aust for Bergen til Osterøy, for deretter å køyra nokre få km. innover langs Sørfjorden i retning Bruvik.

    Helsing Stuttjukken.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.