Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Stuttjukken

  1. Er det utsikter til at det vert så varmt at jorda bokstaveleg tala kjem til å verta så varm at den kjem til å ta fyr og brenna, vel og merke i eit heilt anna og overdimensjonert omfang enn dagens skogbrannar............. Den som lever får sjå.

    Helsing Stuttjukken.

  2. Det ser ikkje ut til at Nils vågar seg på denne. Så har no FU truffe blink att. Det er frå Raunefjellet, ja, like ovanfor Mofjorden og Mostraumen. Fjorden bak til høgre er eigentleg Veafjorden, men den skiftar jo namn til Sørfjorden ved Staveneset/Bruvik. Dermed er Osterøy bak til høgre, og vidare mot venstre er fjellområda mellom Vaksdal/Samnanger/Kvamskogen, før ein ser fjella ved Stamnes og Dale mot venstre i bakgrunnen. Stuttjukken køyrer ikkje buss ved Hardangerfjorden (men har køyrt litt på Hardangerbussen ein vinter for eit par år sidan, Bergen - Norheimsund - Kvanndal - Voss), men køyrer av og til ruta Arna - Trengereid - Vaksdal - Dale, og passerer fjorden ein såvidt skimtar i bakgrunnen oppe til høgre. Det betyr at når ein køyrer E 16 mellom Stavenestunnelen og Vaksdal, og køyrer vegstubben mellom Langhelletunnelen og Kjenestunnelen, så er det berre å kikka inn fjorden. Det bakerste fjellet som er å sjå der inne bak den snorbeine Veafjorden er altså Raunefjellet.

    Turen til Raunefjellet er eigentleg ganske grei. Når ein køyrer utover Mofjorden frå Mo, kjem ein etter få minutt til Stokkeviki, der det står eit skilt i vegkanten som fører til fjellformasjonen Slottet og Hestabotnen. Der er det berre å ta beina fatt inn i Hestabotnen. Stien forsvinn inne i botnen, og går sporadisk vidare opp av botnen og trekkjer inn i eit dalsøkk der ein kan gå over ei stokkabru. Skogen er svært frodig med nokre enormt høge eiketre, nokre kjemper av almetre, og i bortgøymde holer mellom Hestabotnen og Slottet (avstikkar ved interesse) veks det mange artige barlind. Hestabotnen-området, saman med Flåtaneset i Mostraumen, er i dag verna barlindreservat.

    Vidare er det berre å rusla skrått opp til venstre frå stokkabrua, men no er det kun sporadiske dyretrakk innimellom. Dermed er det berre å rusla oppover ei lang fjellside til ein kjem oppå toppen av Raunefjellet med knausar og små tjørnar innover fjellet. På veg oppover er det eit staseleg utsyn innover Mofjorden mot Mo og Modalen, og diverse toppar i Stølsheimen. Vel over toppen møter ein utsynet sørover og vestover, der biletet vart teke. Utanfor høgre biletkant trekkjer Osterfjorden seg brei utover mot Leknes og Knarvik. Så er det berre å rusla nedover skarvane og vidare ned lia til Nøttveitsstølen. Derifrå er det stølsveg ned til Nøttveit like utanfor Mostraumen. Alternativt kan ein gå opp lia bak Nøttveitsstølen og gå over til den veglause og fråflytta garden i Eiterdalen, like oer i Lindås kommune. Der går det sti nedover til Svartholet og Gamlasætret ved E 39, like nord for Romarheim, der det er eit stort vegarbeid no om dagen. Ein kan til og med dreia nordover frå Svartholet og gå rett inn i Dyrkolbotnen. Så kan FU og rmb kikka på kartet korleis dette verkar. Dette er ein spanande og merkeleg tur å gå. Første gongen eg gjekk her var i 1994, og då gjekk turen heilt til Romarheim. Vegen mellom Modalen og Romarheim var under byggjing og langt frå ferdig. Måten å få gått turen den gongen var å starta tidleg frå Stokkeviki, og gå over fjellet og vidare gjennom skogområdet vestover til Romarheim, der ei båtrute gjekk attende til Slottet nedlagde ferjekai ved Mofjorden. Båten gjekk berre enkelte dagar i veka, så båtruta måtte ein følgja med på den gongen. I dag går det buss, og den går 1-2 gonger kvar dag. Det er ikkje mykje det heller, men turen kan gåast kva vekedag ein ynskjer, då. Det er like greitt å parkera bilen og ta bussturen om morgonen før ein går, så treng ein ikkje tenkja på klokka resten av dagen.

    Helsing Stuttjukken.

  3. Dette er ikkje Sognefjorden, men eg kan tenkja meg at rmb har vore i fjellområdet lengst bak til venstre i biletet, og truleg meir til. Det som stemmer er at området er sør for Sognefjorden. Ei av mine faste bussruter går langs fjorden som ein såvidt skimtar bak oppe til høgre.

    Velkomen til forumet, rmb. Fint med fleire frå vår del av Hordaland, og med tilhøyrigheit på Kvamskogen (hytte kan eg tenkja meg), er turen kort til mange fine naturperler i fjellområda der, så sant at ein kjem seg på avstand frå hytteområda og rv. 7.

    Helsing Stuttjukken.

  4. Solnedgang over Årsdalsryggen, sett frå Kvernhusryggen. Dette er vest i Stølsheimen, mellom Steinsland i Modalen og Vardadalsbu. Biletet vart teke då det letta om kvelden, etter å ha subba opp lia frå Steinsland i eit solid regnvêr.

    b764862e.jpg

    Helsing Stuttjukken.

  5. Her har nok røynsler med fjell og friluftsliv meir å sei enn alderen til folk, når det handlar om å gå åleine i skog og fjell. Dei som ikkje har røynsle, men vil koma seg til fjells oftare enn folk i omgangskrinsen har moglegheit, kan starta mjukt og forsiktig i starten, og gje seg i kast med større utfordringar etter kvart. Startar ein frå å vera åleine på tur på kortare merka ruter, og utviklar seg etterkvart, så kan det enda opp med at ein kan gå åleine i ville fjell langt frå stiar, hus/hytter og veg etter ei tid. Å kunna klara seg åleine på turar i fjellet er ferdigheiter som kan trenast opp. Dette er iallfall svært aktuelt for dei som ikkje får med seg andre på tur, men som uansett vil ut sjølv. Då bør ein prøva til og starta frå ein stad.

    Og den kvelden eg kom fram til Solrenningshytta i Stølseimen etter ein lang dag åleine i fjellet, utanfor allfarveg og merka stiar. Folk på hytta spurde meg om kvar eg hadde gått frå, som kom så seint som i halvmørkna denne augustkvelden. Dei fleste går til Solrenningshytta frå Stølsvatnet (anleggsveg), Norddalshytta eller Åsedalen. Eg sa at eg hadde gått frå Sylvarnes. Folk forstod ingenting, for dette namnet hadde dei aldri høyrt før. (Vel inne på hytta fann eg rett nok nokre vikje/sogningar frå Vik i Sogn, som visste kor dette var, men dei óg stussa litt på korleis ein kunne gå denne turen på dagen). Eg hadde ein fin tur i fjellet den dagen, med fjellet stille og roleg for meg sjølv. Det går an, óg der det errikeleg med merka stiar og hytter. Utanfor merka stiar i Stølsheimen, har ein oftast fjellet for seg sjølv. Folk flest er lite kreative i kor dei skal gå, ikkje minst no for tida.

    Helsing Stuttjukken.

  6. Eg veit at "hyttas eier ikke er helt enig med meg". Dette med teltarar si bruk av hytte og dagsbesøk, oppfattar eg framleis at forutsetjinga for at betaling skal skje, er at det vert brukt ressursar på hytta. Eg tilføyer gjerne bruk av kjøkkenutstyr (gløymd av meg i stad), i tillegg til ved og gass, men har teltaren kun gått innom for å sjå, gjeld det det same her. Det handlar om å betala for bruken, ikkje for titten. Eg er ikkje redd for at ikkje alle blant eigarane av hyttene (les; DNT-medlemmene) er einige med meg. Når det gjeld min bruk av hytta som tad for pause og matrast, der eg meinar at det ikkje skal betalast for, gjer eg det gjerne slik at eg tek turen inn i hytta for å sjå, medan eg slappar av med maten utanfor, nærmare enn 150 meter frå hytta. Det er ikkje noko nytt. Om nokon lurte på det, så betalar eg for dagsbesøk når eg brukar hytta på ein eller annan måte. (Så får andre diskutera kva som er "bruk" av ei turisthytte, og kva som ikkje er det).

    Helsing Stuttjukken.

  7. Her har det hendt mykje den siste veka sidan eg var innom sist.

    Kor er så dette biletet frå? Det handlar om namn på fjelltoppen, namn på fjorden og grenda nedanfor, og namn på det ein så vidt skimtar av ein fjord oppe til høgre bak i biletet. Dette området har liten ferdsel av folk.

    386efd75.jpg

    Helsing Stuttjukken.

  8. Dette med dagsbesøk har eg sett og høyrt mange tolkningar av. Kva er eigentleg eit dagsbesøk, (eller når skal visitten betraktast som dagsbesøk). Eg presiserer at eg no skriv mi oppfatning av dagsbesøk som det er meint å betalast for. For meg er det dagsbesøk så sant at eg brukar ressursar på hytta, at betaling vert aktuelt. Eg har høyrt somme meinar at det skal betalast for dagsbesøk berre ein rører ytterdørhandtaket, noko eg meinar er tull og tøys. Eg har stukke innom mange hytter for å sjå korleis dei ser ut, både i området eg går mest i (Stølsheimen), og andre område (t.d. Nødstedalshytta i Breheimen og Gjevilvasshøtta i Trollheimen), og eg betalar ikkje for å sjå. Eg betalar heller ikkje dagsbesøk for å proviantera undervegs, men eg betalar sjølvsagt for varene. Dagsbesøk betalar eg for dersom eg tek ein rast, forutsett at eg brukar gass (oppvarming av vatn, m.m.) eller fyrer med ved. Dette er mi oppfatning av eit dagsbesøk. Vert ein avkrevd betaling for å gå inn i resepsjonen på eit hotell? Ein skal heller ikkje betala for å stikka nasa innom ei turisthytte i fjellet, når ein er innom for å sjå. Dette meinar eg, sjølv om eg har høyrt at ein skal betala dagsbesøk for det óg.

    Så noterer eg i protokollen at eg stakk innom i forbifarten og går vidare................

    (Kvifor det? Som regel er eg åleine på turane, og går gjerne på fri hand langt frå stiane. Det skadar ikkje at rørslene mine i fjellet er notert i tilfelle det skulle skje noko, då).

    Helsing Stuttjukken.

  9. For å ta 2 av toppane de nemner, som både de og eg har vore på, nemleg Gråsida og Kvitanosi på Voss. (Dei andre toppane kjenner eg for dårleg til så langt). Desse 2 toppane ligg i nærleiken av allereie eksistrande merka ruter. Gråsida ligg ved ruta Voss/Hjelle - Sandfjellet - Timaglaset - Torfinnsheimen - Hodnaberg (Hamlagrøvatnet). Eg har høyrt om at det vart merka ei suppleringsrute om Gråsidetoppen for ikkje lenge sidan. Når det gjeld Kvitanosi har eg sett bilete frå merking av bratthenget opp frå Bjørndalskjeften og opp til flyvraket på Kvitanosi. Om merkinga har gått over toppvarden og vidare, veit nok Anders S. meir om enn meg, trur eg. Det har eg ikkje sjekka.

    Etter mi meining er begge desse merka rutene unaudsame, og dette kunne godt ha vore ugjort. Toppane er utanfor turleia, men er lette å nå frå ulike kantar. Merking er difor ikkje naudsamt på desse toppane. Å merka nye ruter er ein ting, men det må vera god nok grunn til det. Det er sjeldan gode grunnar for å merka til toppane. På forumet er merking i samband med Knutshøe ved Gjende heftig diskutert her inne, og merking av ruter til Gråsida og Kvitanosi er i same kategori som Knutshøe, og trengs dermed ikkje. Når det gjeld merkinga i bratthenget opp frå Bjørndalskjeften til Kvitanosi, er det ikkje heilt risikofritt med tanke på om uvêret sler til. Misser ein merkinga der i skodda, er det lett å trå feil der i bratthenget med høge berg og stup, og risikoen for å skada seg er til stades.

    Helsing Stuttjukken.

  10. Det er mykje moro med bruene rundt om i fjellet. Då eg skulle over elva i Bergsdalen ved Dale for å ta turen til Liastølen, bar det over ei mildt sagt tvilsam bru. Plankane skulle liksom vera festa i nokre wirer, men på eit lengre strekk var dette løsna slik at plankane hang laust i ein bue langt under wirene som dei skulle ha vore festa i. Ein annan tur, der eg hadde gått i 2 dagar frå Vangsvatnet ved Voss til Ekse øvst i Eksingedalen, enda turen med å gå over ei skikkeleg gyngebru. Her hadde eg traska i 2 lange dagar, og trøytt som eit maltraktert vrak slentra eg meg over plankebrua. Den rista og gynga så hinsides at då eg skulle gå nokre hundre meter på asfalten for å koma attende til bilen, sjangla eg så ustyrteleg vinglete bortover vegen, som om eg var salig neddopa med lugubre greier frå Austens Nirvana som garantert ikkje tålar dagens lys. Godt det var nestan mørkt, slik at ingen såg det vandrande likvraket, hehe...........eg trudde ikkje at dette var mogleg, men...................

    Helsing Stuttjukken.

  11. Gratulerer med 30-årsdagen din, Tom. Det er ingen fare, for de har framleis fleire år framfor deg i fjellet enn de har lagt bak deg. Hugs å ta turen til nokre fjell på Vestlandet dei komande åra, Tom. Det er berre å hiva deg med oss artige i vest det, Tom. Meg spring de lett i frå som ein ungfole. Når de skal blåsa ut lysa på kaka, så hugs å blåsa ut eitt lys av gangen, og mimra litt over fjellturane for kvart av åra som har gått, som då de var 29 år, 28 år, 27 år, 26 år, osv.....................

    Helsing Stuttjukken.

  12. Det var nettopp deg, Krekling, eg tenkte på, men eg kom berre ikkje på nicket ditt. Eg rekna med at de hadde vore der. Svaret er heilt rett, Krekling. No er no desse "Folkestadsalpane " i skuggen for Sunnmørsalpane, men du verda kor flott det er å stå på toppen av Sandhornet/Blåfjellet til venstre nord for vatnet og sjå ned på fjordane, ut i havet og rett inn i Sunnmørsalpane i området Ørsta og søre delen av Hjørundfjorden. Sandhornet byr på eit vakkert skue mot Saudehornet og Kolåstinden i Ørsta. På sommarstid kan ein berre rusla frå Lillebøvatnet og opp til Sandhornet (kan óg nåast frå dalføret innover frå Folkestad ferjekai), men det er finast med skiturar her.

    Helsing Stuttjukken.

  13. Biletet til FU er nok teke eit stykke nedanfor Steganosi (1761 m.o.h.), truleg frå Grånosi, men høgda er framleis godt over 1500 meter over fjorden. Ser ein på kartet, ser ein at Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden delar seg og går i kvar si retning. Biletet til FU viser at Steganosi rett og slett delar fjordane frå kvarandre, med framberget Beitelen som ein liten haug langt nede i biletet framst mot der fjordane delar seg.

    Helsing Stuttjukken.

  14. Dette er utanfor våre nærområde, FU, men det er så absolutt på Vestlandet. Me er her like utanfor kjerneområdet til våre fjellfantar som tinderanglar når dei er til fjells. Hugs at det stod noko om utsyn over fjordar og hav, når ein er på toppane her inne, eller her ute, alt etter kor ein ser det.

    Helsing Stuttjukken.

  15. Det høgste fjellet i Bergen kommune, Gullfjellet, 987 m.o.h. (g-arnt sitt spesial-fjell) vart observert med nysnø på for første gong i går, la. 28. oktober. Det er no ikkje akkurat tidleg. Torsdag før i veka ver det nysnø eit stykke nedover frå Dystingen på Dale, 999 m.o.h., men då var det ingenting å sjå på det omtrent like høge Gullfjellet. Avstanden til havet har no alt å sei for kvar det kan snøa hen, så det er akkurat som det pleier. Her vest vert det vel berre litt kjøleg ei stund no, for at det deretter vert mildt att, eit mildvêr som plar vara det meste av tida til vinterkulden kjem over Vestlandet ein gong ut på våren, t.d. etter 17. mai eller der omkring.

    Helsing Stuttjukken.

  16. Hadde ein tunnell frå Bygdin til Maurvangen vorte så lang som 15-20 km., Morten? Det er jo ikkje så langt. Det hadde vel ikkje mangla mykje på at ein tunnel på den lengda kunne gått heilt frå Beitostølen til Maurvangen. Dette er ikkje noko innlegg for vegdebatten i dette området, men eg tenkte no at det er no berre ein liten vegstubb frå Bygdin over Flye til Maurvangen, som kan henda er 15-20 km. lang etter noverande trasé med svingane på vegen. Luftlinja (og rettlinja inne i fjellgrunnen) er no langt kortare.

    Når det gjeld tilbakeføring av vegar til naturen vonar eg at dette skjer med anleggsvegen frå Kvilesteinsvatnet til Raudberget i Stølsheimen, men eg tvilar på at eg lever lenge nok til å oppleva at denne delen av Stølsheimen kjem attende i sin opprinnelege stand som eg lærte å setja pris på då eg gjekk der på 70-talet då eg var yngre. Det hadde vore kjekt om vegen hadde vorte fjerna for godt, vegstubben på 2-3 km. Det er ikkje kjekt å passera Raudberget og sjå ned på vegen og grusplassen med gruvehola (talkum), der eg før såg grøne myrar nedanfor frodig fjellskog, og stille elv som svingar seg bortover flatane, med koselege fjellskråningar bortover nordenden av Selhamarvatnet og innover i inste Valsvikdalen som i dag er delt i 2 av anleggsvegen. Vegen er krevd tilbakeført, men det kjem nok ikkje til å skje, trur eg. At vegen ligg i Stølsheimen Landskapsvernområde har visst lite å sei for denne vegen.

    Helsing Stuttjukken.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.