Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Stuttjukken

  1. Køyrer de rv. 13 Voss - Vikjafjellet - Vik, er det mange turmoglegheiter frå Vikjafjellsvegen, og anleggsvegane derifrå. Kva med å køyra litt vestover frå Skjellingavatnet, for så å ta turen oppå Skjellinganosi, 1331 m.o.h., med utsyn ned i Sognefjorden, innover mot Vest-Jotunheimen, og elles vidt utover eit større omårde på midtre delen av Vestlandet. Køyrer de vidare på same grusveg til vegs ende ved Kvilesteinsvatnet, kan de gå vest og sørvest mot Raudberget og Selhamarhytta (Bergen Turlag, DNT). Dette er i Stølsheimen. Frå Bjergane støl før demningen til Kvilesteinsvatnet går det turstiar vestover i retning Åsedalen (og sørvest mot Selhamar). Der kan ein trekkja nordover ein grøn fjellrygg som er grei å gå. Lengst ut mot Braosslieggji (1033 m.o.h.) er det utsyn mot Arnafjorden. Terrenget utover er slakt og småkuppert, men det er ikkje tursti utover der. Alle nemnte turar er heller korte og greie turar utan for lange og store stigningar. Litt spanande skue er mogleg å finna i området.

    Helsing Stuttjukken.

  2. Eg tusla opp der i august 1987, og gjekk frå Skarstølen og inn til hytta på Bandet. Breen var "snill" den gongen, men det er visst slutt på den tida har eg høyrt, så det er verre i dag. At breen var "betre" før var vel pga. at den var større og gjekk lenger opp mot Bandet, og både sprekken øvst i breen var mindre (ikkje gjennomgåande) og øvste brekanten var enkel og passera. Det var før det.

    Helsing Stuttjukken.

  3. Korleis det er i fjelldalane (Stølsvatnet - Solrenningen eller Åsedalen) no veit eg ikkje, for eg har ikkje vore innover på vekevis. Høgare oppe er det iallfall noko meir snø enn vanleg, ja. Sist eg høyrde om vegen til Stølsvatnet kom folk ikkje heilt opp pga. snø, men så er det alltid godt med snø på den siste kilometeren med veg før krysset nedanfor demninga.

    Helsing Stuttjukken.

  4. Då er stølsnamnet på plass. Inne i fjorden er det ingen som seier eller skriv Aurdal. I staden vert det skrive Urdal, så dermed heiter stølen Vetle-Urdalssætra. Berre til opplysning, fordi det står "Aurdal" på alle kart som eg har sett. Uansett svarte rmb rett på stølsnamnet. Sjølv køyrde eg til Vetle-Urdal mellom Romarheim og Vikanes. Det går ein dårleg traktorveg oppover dalføret mot nord. Der dalføret svingar mot vest, held stien fram opp eit granefelt i nordleg retning. Vel oppe i ein skogabotn, forsvinn stien. Deretter må ein gå på fri hand vidare nordover til Vetle-Urdalssætra, og trekkja over eit par høgdedrag undervegs. Det er tilnærma klatreterreng nede i elvakløfta, men det er lett å gå over haugane. Stølen kan óg nåast ved tur på fri hand over åsane, vest frå vegskiftet inne på Romarheim.

    Helsing Stuttjukken.

  5. Kva med ein tur til Hesjedalsvassdraget ved Stamnes innanfor Dale? Det er fint med telt ved tjørnane i Slåttøyane sør for Øyane ved Hesjedalen, kun få minutts gange frå veg. Fisk er det i området óg, iallfall i Vikavatnet. Har snøen tint langt nok opp, kan det henda at ein kan tusla oppover mot Gavvatnet og Hesjedalsstølen. Hesjedalsvassdraget er ei perle av eit verneområde med skog, elvar og fjell. Hugs å ta ein avstikkar på vegen langs Eidsfjorden for å kikka på Hesjedalsfossen. Området er ca. 1,5 time frå Bergen sentrum. God tur.

    Helsing Stuttjukken.

  6. No har ikkje dette eg skriv nedover her med diskusjonen for eller mot raude T-ar eller anna merking, for eg føreset at det er vedteke at stiane bileta er i frå skal merkast. Diskusjonen for eller mot stiar og merking må vera unnagjort før stien skal vedtakast. Begge bileta viser at det er mykje å gå på med tanke på skånsam merking. På biletet frå Femundsmarka tek eg utgangspunkt i varden med T i nedre høgre hjørne. Trea treng ikkje T-ar i det heile, sidan sikten er god. Det står ei røys lenger borte på myra, men heller ikkje den treng T. Derimot kunne det ha vore sett opp ein større varde på bergryggen i bakgrunnen med T der. Især dersom det er stitrakk i terrenget under snøen her, held det i massevis. På biletet frå Rondane verkar det som at ruta er teikna opp med linjal, med vardar og T-ar på ei linje. Dette er både lite estetisk og dårleg terrengtilpassa. Det kan gjerast betre og meir skånsamt enn dette, meinar eg. Sjølv har eg ordna til ein sti sjølv med vardar og merker, og eg ser klart at dette er unaudsamt mykje merking. Tett skog utan stitrakk kan forvara så tett merking ved nyanlegg av sti, og då er så tett merking avgrensa til korte strekk der det trengs. Det same gjeld punkt i terrenget med stidelar eller mylder av trakk så det er lett å ta feil. Likeeins er det om ruta skal forlata eit dyretrakk og gå rett ut i terrenget. Uansett handlar det om korte strekk, og stundom er det betre å laga til retningsskilt i slike tilfelle med stidelar og forlating av dyretrakk. Når det gjeld tett merking, kan litt rydding i skogen bidra til betre sikt i skogen, med større avstand mellom merkene. Når det er sagt er jo rydding i skog ein form for inngrep det óg. Elles er det viktig ved nyanlegg av sti at eksisterande stitrakk og dyretrakk vert brukt mest mogleg, nettopp for å redusera inngrepsomfanget ved nyanlegg av merka turstiar. Dette bør alle som driv med stimerking ta hensyn til. DNT er berre ein av aktørane, og har i det minste retningslinjer for stiar, varding og merking. EinarG nemnte merkeinstruksen DNT har.

    Helsing Stuttjukken.

  7. Romarheim er ikkje langt unna, nei. Ser Agnar på eit godt kart, tenkjer eg han finn namnet på stølen óg, for den høyrer til ein av gardane langs E 39 i området. I dag er stiane gjengrodd, så etter å ha hatt litt sti i starten gjekk resten av turen til stølen på fri hand i terrenget. Det er nok ikkje berre Osterøy som er i bakgrunnen. Fjella ved Dale og Veafjorden er i sikte óg, m.m. Dette er eit turtips for fjell- og tur-interesserte på tur langs Osterfjorden (E 39), for her må ein finna vegen sjølv. Hjortetrakk er eit godt tips undervegs her, iallfall på korte strekk.

    Helsing Stuttjukken.

  8. Eg tvilar på at vegen innover Fresvik-Jordalen vert brøytt på lenge endå. Når det er sagt plar våren koma fort der inne, så snøen er tidleg borte frå dalføret om føresommaren, samanlikna med andre dalføre i same høgde på Vestlandet. Det er ikkje det mest snøtunge området på Vestlandet, for åsei det slik. Når alle vegane er stengt, er det faktisk Vikjafjellet som er det næraste utgangspunktet frå open veg på seinvinteren og våren. G-arnt si webside har bilete frå skituren der. Visst er det ein heller lang tur, men det er no nokon som tek denne turen kvar seinvinter og vår. Dei tek ut frå Fossestølen nord på Vikjafjellet, der det er bra parkeringsplass. Så trekkjer dei austover og over skardet bak Vossavatnet til det regulerte Muravatnet. Deretter ber det gjennom skardet ved Svelgavatnet aust for midten av Muravatnet og ned til Fresvik-Jordalen. Så er det austover til Fresvikvarden og opp til Fresvikbreen. Går ein innover Fresvik-Jordalen frå Nåsen, har ein 10-15 km. innover dalføret til ein kjem til staden der løypa kjem frå Vikjafjellet. Når vårsnøen ligg blaut i dalane og er fastare i høgda, spørst det kva som er lettast. Langt er det uansett.

    Visst Ragnar ventar til snøen er tint langt innover Fresvik-Jordalen, er det aktuelt å ta seg inn den vegen. Det kan jo henda at snøtininga går fort, men dei siste vårane har no vore kalde då. Når ein kan køyra innover til Nedstedalen, er mykje av turen innover dalen gjort. Agnar ser sikkert kor det er på kartet.

    Helsing Stuttjukken.

  9. Jaja, damene smiler like mykje om dei melder storm og regn, som sol og varme. (Mannfolka óg har oftast eit glimt i auget). Det einaste som varierer er treffsikkerheita, men eg har det no slik at eg tek vêrmeldinga til etterretning, kombinert med det eg sjølv ser av vêrteikn ute. Det er eg komfortabel med, og då vert eg sjeldan særleg overraska, heller ikkje når meldingane eller mi oppfattning ikkje stemmer.

    Helsing Stuttjukken.

  10. Pasvik er eit vidunderleg område, der eg vart forunnt 2-3 dagar i mai 1993. Eg har bestemt meg å å dra tilbake der til ein gong. Neste gong eg dreg til Finnmark, vonleg ei av dei næraste åra, skal eg attende til Pasvik óg. Det er som eit lite mystisk "Sibir" dette, og skogen derifrå er forresten samanhengjande heile vegen austover og gjennom Sibir (taigaen). Pasvik er eigentleg like "flat" som sørlege Østfold, men er langt meir spanande, og for ikkje å snakka om villmarkskjensla ein opplever der. Her kan ein rekna med bjørnebesøk på turen, anten ein får sjå bjørnen eller ei. Den er sjeldan langt unna. (I tillegg har Stuttjukken tenkt å gjera noko så lite fjellsportsleg som å ordna turvisum og stikka innom Murmansk når han er på dei kantar, om det framleis er mogleg når eg kjem der til neste gong).

    Helsing Stuttjukken.

  11. Vikjafjellet (rv. 13 Voss - Vik i Sogn) er eit godt utgangspunkt for skiturar i mai. Frå parkeringsplassen i Sendedalen på Vosse-sida (ca. 2 km. nedanfor fylkesgrensa) er det berre å ta seg skiturar vestover mot Sendedalen og Grøndalen, og kanskje halda fram over Hundeggi mot Selhamar og inn i Stølsheimen. Derifrå er det ein kort tur til Finnbufjellet. Austover kan ein gå over i Grungedalføret (betre frå Sendedalen enn frå Holo og Kvassdalen pga. rasfaren), og deretter trekkja opp mot t.d. Bjørndalskammen via Flisramtjørna. Det er óg mogleg å halda frma austover og trekkja over i Jordalen eller gå ned til Stalheim, eller nordover frå inst i Grungedalføret mot det regulerte Muravatnet og halda fram mot bygdane i Vik. Det er nok ikkje lenge til ein kan gå mot Vik, og sleppa unna brattene der inne med å gå til fots på bar mark i dei skogkledde liane.

    Lenger inne på Vikjafjellet kan ein stoppa ved Skjellingen, 1-2 km. forbi fylkesgrensa på Sognesida. Derifrå kan ein trekkja vestover mot Grøndalsfjellet og Skjellinganosi, med utsyn ned på Sognefjorden og innover mot Jostedalsbreen og Jotunheimen. Ein kan óg trekkja over Svartavatnet og gå ned innanfor vatnet. Deretter må ein gå oppover frå vegen mot sør til ein byrjar å nærma seg nordveggen i Skjellinganosi, for der vegen går dannar det seg ein mange meter høg loddrett skavlkant som ikkje er forsvarleg å forsera utan øks og tau. Deretter får ein svinga nedom ryggen på vestsida og trekkja mot nord eit godt stykke, og deretter svinga seg att og fram ned mot vegen og inn i bratthenget ned mot Bjergane. Skitur nord for Skjellinganosi til Bjergane og inn i Stølsheimen derifrå må ikkje gjerast når det er rasfare. Det er som nemnt nokre brattheng, så dette er nok ikkje aktuelt før snøen har sett seg skikkeleg langt ut i mai. Rett tid er når raudsildra byrjar å blomstra på dei kalkrike snaurabbane nord for Skjellinganosi. Dette går fint som ein sommarskitur tidleg i juni. Sjølv gjekk eg ein sommarskitur vestover 17.-19. juni 1997. Ruta var Skjellingen/Vikjafjellet - Svartavatnet - som nemnt over til Bjergane - Raudbergdalen - Selhamar (overnatting) - Treverkavatnet ved Raudberget (isen på større og lågareliggjande vatn var i ferd med å gå opp) - Rappen - Tindafarangen - Åsedalen (overnatting) - Halsetsstølen - Stordalen (pakka saman skiene, til fots derifrå) - Berdalen - Stølsvatnet - Steinsland i Modalen. Fjellet var folketomt, men det var full vårløysing og øyredøvande elva- og bekkje-sus overalt.

    Ved Fossestølen lenger nord på Viksida av fjellet er det berre å tusla oppover mot Fossfjellet i sør, eller austover forbi Muravatnet og over Svelget til Fresvik-Jordalen og kanskje vidare til Fresvikbreen, Blåfjellet, Tverrbotnanuten eller Svinadalsholtane, alle på 15-1600-talet. Frå Storehaugtunnelen sin sørende kan ein gå vestover mot Sopande og vidare vestover mot Rivedalen, Turrdalen, Liabakken med nedrenn mot Bødalen (til snøen tek slutt) eller heilt ut mot Krokeggi og Saursete med utsyn mot Arnafjorden. Vikjafjellet har mykje å by på for skituristen.

    ---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

    Som Sigurd nemner har eg tru på Gaularfjellet, som dessverre framleis er vinterstengt. Det er nok mykje snø der som han nemner, så det er nok greitt å starta skituren frå der vegen er brøytt til frå Gaularsida. Balestrandsida er nok mindre aktuell før vegen er open heilt over, for der er det bratt og rasfare. Har Sigurd høyrt nokon dato for opning av Gaularfjellet denne våren? Vegen burde nok opna dei næraste vekene, sjølv om eg tvilar på noko opning før etter 17. mai. Når de høyrer noko om vegopning, kan de fortelja oss det. Berre brøyteskavlane i skardet er verd turen før ein eventuell skitur startar.

    Helsing Stuttjukken.

  12. Sjekk rutene nøye om de skal ta buss i Finnmark. Rutetilbodet vart uvetig sterkt redusert for eindel år sidan. I dag er det slik at bussen kun går 3 eller 4 dagar i veka, alt etter kva strekning det er snakk om. Dette gjeld både langruter og lokalruter. Sjekk bussrutene først, og deretter kan de tinga flybillett til rett vekedag når det faktisk går buss. Ta høgde for forseinkingar, så prøv å få plass på eit morgonfly. Det bør vera ein god del timar frå forventa ankomst Hammerfest eller Alta til bussen skal gå, gjerne ein halv dag.

    No veit de kva de skal sjekka opp, Kristin, og lukke til med turplanleggjinga og turen.

    Helsing Stuttjukken.

  13. No har eg ikkje vore oppe i Gullfjellet no, men eg har utsyn mot nordsida av fjellet, og kan konstatera at det er snø på nordsida frå 4-500 m.o.h. og oppover. Startar de frå Osevatnet kjem de nok eit godt stykke innover til fots, men eg burde tru at ein topptur burde føregå på ski, sjølv om snødekket ser variabelt ut. Det er mogleg å gå til fots frå Arnatveit, om Reppadalen/Arnanipa og over Tunesfjellet til Tunes og Takvam.

    Helsing Stuttjukken.

  14. Stemmer det, for dei ligg i røysane oppover frå Fessedn mot Øyaskavlen, rett ved stien nord for Skammadalshøgdi. Turen til Handadalseggi er absolutt å tilrå, FU. For meg sjølv står ein tur til Vidasethovden litt lenger nord langt oppe på lista for Fresvikhalvøya no. Vonar at dette vert noko av til sommaren. Turen opp går frå Feios mot Vidasethovden, 1227 m.o.h. (inga imponerande høgd), søraust for Feiosbygdi. De finn fjellet på kartet, og det mest spektakulære med Vidasethovden er geografien, midt i smørauga for dei mest komplette fjordutsyn i Midtre og Indre Sogn. Det ser eg fram til.

    Helsing Stuttjukken.

  15. Såg bileta dine først i dag, FU. Det første viser Tverrbotnanuten, 1611 m.o.h., på austsida øvst i Fresvik-Jordalen, litt sør for Fresvikbreen. Biletet er truleg teke frå Smørbotnanuten, litt lenger sør. Det andre biletet viser Jotunheimen på sitt finaste, for Jotunheimen skal opplevast frå vest, Nils, eaa, Morten, Espen, Kim, m.fl. Det ser ut som at me trivest innover på Fresvikhalvøya begge 2, Frode. Det er eit herleg område, med passe lite folk, eller me kan unngå folk heile dagane om me vil det. Var dette på VU sin tur der inne sist helg, FU?

    Sjå på biletet ditt, FU. Midt i biletet endar Langafjellet i bratthenget over Tundalen i Fresvik. Lenger til høgre kjem Handadalseggi inn i biletet. Der var eg 20. september 2000, på tur frå Leitevatnet - Fresvikvarden - opp på sørsida av dalføret og austover høgda til Handadalseggi - litt attende og vidare over Langafjellet (1511 m.o.h. på det aller høgste) og utover mot kantane på Tundalen - attende og ned att til Fresvikvarden og Leitevatnet i Fresvik-Jordalen. Handadalseggi har den lettast tilgjengelege av fangstgjerda som Fresvikhalvøya har fleire av, og steingjerdet er ca. 300 meter langt og går på skrå over ryggen. Etter å ha jagd reinen utfor stupet (skjedde truleg på 800-1000-talet), var det tid for å drå kadavera ned til Nærøyfjorden, difor namna Dyrdal og Drego. Eg reknar med at de visste dette, FU. Nord for Langafjellet mot Tundalen er det eit flott skue ned på Sognefjorden (mellom Fresvik og Kaupanger, samt at ein ser flyplassen på Haukåsen (Sogndal).

    Helsing Stuttjukken.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.