Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Stuttjukken

  1. Om sommaren er Fannaråki, 2069 m.o.h., lett tilgjengeleg, og frå Turtagrø eller Skogadalsbøen er det trygge ruter utan brekryssing, kun med lang opp- pg ned-stigning. Om vinteren derimot er nok Fannaråki langt meir utilgjengeleg. Sognefjellsvegen er stengd, og ein eventuell tur må gå frå Turtagrø eller Bøverdalen til Sognefjellet (ikkje direkte opp frå Turtagrø om vinteren) og deretter over breen (kanskje med usikre sprekker pga. lite snø) til Fannaråki. Hytta på Fannaråki er stengd til ut i juni, minst.

    Helsing Stuttjukken.

  2. Det burde ikkje ha vore viktig, verken kva som er kortaste veg til Jotunheimen eller kor fort ein kan køyra der til. Frå Oslo er det fleire ruter til Jotunheimen, og kvar rute har sin funksjon.

    Oslo - Hønefoss - Fagernes - Beitostølen - Bygdin (mot Torfinnsbu og Fondsbu) - Valdresflye - Maurvangen/Gjende (Gjendesheim, Besseggen, Memurubu, Gjendebu) - Randsverk - Tessand - Lom - Bøverdalen (Juvasshytta, Galdhøpiggen, Spiterstulen, Glittertind) - Leirdalen (Leirvassbu) - Krossbu (Smørstabbreen) - Sognefjellshytta (Fannaråki) - Turtagrø (Hurrungane med Store Skagastølstind) - Skarsstølen (Riingsdalen, Dyrhaugstindane) - Berdalsbandet (Austabotstindane) - Øvre Årdal (Hjelle, Vetti, Vettisfossen, Stølsmaradalen, Skogadalsbøen) - Tyin (Eidsbugarden, Fondsbu, Falketind, Urdanostind) - Hugostova - Vangsmjøse - Vestre Slidre - Fagernes - Oslo.

    Dette er sommarvegen rundt Jotunheimen, og kan køyrast i begge retningar, der mange stader undervegs er innfallsportar til ulike stader i Jotunheimen. Vinterstid er Sognefjellsvegen og Årdalsfjellet stengt, samt at Valdresflye er kortare vinterstengd. Alternative ruter er Gudbrandsdalen, Heidalen, samt via Fillefjell og Sogndal til Luster og Turtagrø. Det bør ikkje vera eit poeng at det skal vera viktig med ein kortaste veg, når Jotunheimen har så mange sider og ansikter ved seg at kvar del av Jotunheimen er verd turen, uavhengig av om det er få eller fleire timar frå Oslo. Har ein det så travelt med å koma seg til Jotunheimen at ein tel på minuttane for å koma seg der til, har ein så dårleg tid i livet at ein like godt kan droppa det. Set deg i bilen den dagen de vil dra, slapp av og køyr med vit til den delen av Jotunheimen som de vil ta turen til. Parker bilen, ta beina (og skiene) fatt og opplev turen og fjellet når det er der, og gje slepp på kvardagslivet då. Så kan de returnera til Oslo, etter ein triveleg tur, anten de køyrer til Gjende, Turtagrø, Juvasshytta eller ein annan stad i området.

    Tenk ikkje tidspress og tidsbruk på turen til Jotunheimen, men ta det heilt med ro og nyt turen.

    Helsing Stuttjukken, bussjåfør og yrkessjåfør.

  3. No veit eg ikkje kva dei gjer med vegen etter at dei nye tunnelane kom på plass på Sognesida. Før i tida vart ikkje vegen brøytt, men snøen låg i vegen til den forsvant av seg sjølv for det meste, (etter at vegen mellom Instefjord og Oppedal var ferdig i 1990). Eg trur likevel at vegen er brøytt eit stykke oppover, i beste fall til Hestfossen, der ein sideveg går inn til Årsdalsvatnet. Derifrå er det greitt å rusla opp Fridalen, og trekkja innover fjellet på ski. Det er lite snø i fjellet i år, og kven veit, så kanskje dei brøyter over fjellet likevel. Elles nemner eg at vegen er open så godt som heile vinteren frå Matre til Stordalen på andre sida av fjellet. Aktuelle skiturmål i dette området er vestover mot Vestre Stølsvatnet - Myrestølen - Årnesstølen, og gjerne vidare til Indre Oppedal. Ver obs. på at snøen er borte i låglandet i desse kystfjella nordvest i Stølsheimen. Elles kan ein rusla forbi Nystølen og trekkja innover mot Geitenakken, Fjellvatna, og gjerne vidare over Årsdalsryggen til Vardadalsbu. Unngå alle regulerte vatn, for i år er ikkje isen trygg på nokon av dei. Elles kan ein gå vestover frå Stordalen mot Dukestølen og Kringla (E 39). Køyrer de innover til Ortnevik, kan de bera skiene fram i Brydalen og rusla oppover mot Brydalsfjellet, og få eit flott nedrenn attende. Frå Brydalsfjellet ser de rett i Jotunheimen.

    Turmoglegheitene er mange i området. Skulle eg få vita om vegen skal opna til påske, noterer eg det her. Fotturtips er å rusla opp skogsvegen i Bjordal si austside, og halda fram på stølsvegen oppover og gå innover til Systølen, ein av dei aller vakraste stølane i Stølsheimen. Det er ei perle av dei sjeldne.

    Helsing Stuttjukken.

  4. Kva med å padla i vatn etter vatn frå litt sørvest for Skåbu i vest, eit stykke innover "Jotunheimenvegen"? Ein kan starta i Kaldfjorden/Øyvatnet, trekkja opp i Vinstri/Vinstervatnet, halda fram innover Bygdin, og avslutta med Tyin, og dra ned til Årdal, Lærdal eller Valdres.

    Elles har me Storavatnet på Osterøy ved Bergen, som er eit padle-eldorado.

    I Stølsheimen er Stølsvatnet og Solrenningsvatnet aktuelle, men området er kanskje i minste laget for ein vekestur?

    Helsing Stuttjukken.

  5. Då kan eg få sjekka det seinare, ods, no som de tipsa om kor eg skal sjekka henne. Vonar det er skyfritt i heile Sognefjorden og i Jotunheimen den dagen. Det er ikkje mange dagar i året det er det, men det området skyene opptrer oftast er her vest omkring Taket og innover mot Sundagsfjellet, Norges nest våtaste område med truleg over 6000 mm. nedbør enkelte år (våtast borte i Gråsida, synst på fjellryggen).

    Helsing Stuttjukken.

  6. http://www.stoelsheimen.no/galleri/hoyanger/b/pages/brydalsfjellet-1.htm .

    Det er nok verken det finaste eller det mest komplette skuet mot Jotunheimen, men det er eit flott skue mot Jotunheimen likevel. Her ser ein Hurrungane, og vidare mot Urdanostind, m.fl. Brydalsfjellet, 1109 m.o.h. er like vest for turstien frå Ortnevik ved Sognefjorden mot Norddalen i Stølsheimen. Utsynet mot Jotunheimen er flott frå Fagerdalsnipi, 1245 m.o.h., mellom Arnafjorden og Finnafjorden i Sogn óg.

    Helsing Stuttjukken.

  7. Ta ein tur innom websidene til Den Norske Turistforening, og sjå innom Harstad Turlag, og Vesterålen Turlag. Hytter som Snytindshytta, Ingemannshytta, Toralfsbu, Fossestua og Bjørnshaugen, m. fl. finn de på desse sidene.

    Helsing Stuttjukken.

  8. Vil de ha ein flott skitur frå Vikjafjellet, inkludert eit par hytteovernattingar, startar de frå Skjelingen. Gå vestover forbi Svartavatnet, Bjergane og Rappen til Åsedalen (proviantert hytte). Ta så turen nordover gjennom Urdaskardet til Vatnane (hytte utan proviant). Så er det berre å rusla på ski utover mot Fagerdalsnipi med utsyn mot Jotunheimen, samt vandra langs fjellkanten mot den vakre og dramatiske Finnafjorden. Skulle snøen vera tint opp nær heile skogstrekninga, er det råd å gå opp eller ned frå/til Arnafjorden (Tenne eller Nese).

    Turen til Fresvikbreen er grei frå Ovrisvatnet, via Muravatnet, Svelgen, Øvste Fresvik-Jordalen og Fresvikvarden. Kva med å køyra til Holmen i Nærøydalen (fylkesgrensa før Gudvangen), og køyr opp i Jordalen til Nåsen? Så kan de anten gå på ski opp Slettedalen til Fetanipi og Bakkanosi, eller gå innover Jordalen til Breidalen, gå over Vardane og Vasseteggi og ut mot Rimstigfjellet, Breiskrednosi og Skogafjellet. Desse toppane byr på utsyn ned i Nærøyfjorden. Kjellinge og g-arnt er kjent der inne.

    Helsing Stuttjukken.

  9. Kva med å ta turen til Arna, sjølv om det er meir enn 10-15 minutt å køyra frå Bergen sentrum? De kan ta toget, og returnera over fjellet til byen. Kanskje tida er komen til å ta enkelte turar lenger bort, t.d. Trengereid, Vaksdal, eller forbi Knarvik i Nord-Hordaland, Fana mot Gulfjellet og omkring Os.

    Helsing Stuttjukken.

  10. Då ser det ut til at Gråsida (1165) er lengst unna i siktet frå Galdhøpiggen, i denne retninga frå Galdhøpiggen. De nemner at Galdhøpiggen er til venstre for Hurrungane, sett frå Taket/Kvernhusryggen (Høgdi) lenger nord. Då må det vera mellom Hurrungane og Fannaråki ein stad, i det utydelege der inne som eg ikkje veit kva er. Det kan godt henda det. Det får eg sjekka seinare, og då vonar eg på klarvêr over heile Sør-Norge. Ein er no på god veg innover Austlandet, når ein er inne ved Galdhøpiggen. Frå Gråsida ser ein Hurrungane i eit smalare felt, så då må det bety at Galdhøpiggen er i eit av dei mange "hakka" i Hurrungane. Uansett så skal det ikkje vera mogleg å sjå lenger vest frå Galdhøpiggen i denne retninga, då fjella sig merkbart vidare mot havet. Før ein kan sjå fjell vest for Taket og Gråsida frå Galdhøpiggen, vil havet koma til syne frå Galdhøpiggen. Kan henda ods har noko å fortelja om kor vidt havet er synleg frå Galdhøpiggen, då.

    Helsing Stuttjukken.

  11. Jarle, dei -12°C i Ådnavåjen (Arna) var ikkje SÅ ille, og for orden skuld nemner eg at det var -10-11° borte i Hausvikje (Haus på Osterøy), og det er endå meir spesielt. Det som var sist laurdag var at det var vindstille og uallminneleg tørr luft, og det var DET som var det spesielle. Det er grunnen til at temperaturen datt ned i Arna, i tillegg til at det var klarvêr om natta.

    Helsing Stuttjukken.

  12. Ser at ods har nemnt nokre siktelinjer frå Galdhøpiggen, og har "kome heilt heim" til meg. Han nemner "Høgda på vestsida av Steinslandsvatnet i Stølsheimen" (Modalen innst i Nordhordaland). Det er nok Taket, 1211 m.o.h. han tenkjer på, eit namn som ikkje står på kartet (der ein kun finn namnet Høgda/Høgdi). Det eg veit eg ser av Jotunheimen der i frå, er Steindalsnosi, Fannaråki, Store Skagastølstind, Austabotstindane, Riingstindane og Soleiebotstindane. Trekkjer ein nordover i fjellet i retning Ortnevik ved Sognefjorden kjem Uranostind og Falketind fram, + ein masse eg ikkje har peiling på. Ods kan kika vidare på dette, han. Eg nemner at vel inne på Taket smyg Store Skagastølstind seg såvidt fram i nordre kant av Urdanipi (1334) og Urdeggi (1324) mellom Solrenningsvatnet og Arnafjorden i Sogn. Kanskje han kan bruka denne detaljen til vidare undersøkjingar. Det eg har skrive over er det eg veit at eg har sett av Jotunheimen frå Taket, 1211 m.o.h., men det kan vera meir som ligg bak diverse skar der inne. Eg har sett noko i Jotunheimen derifrå som eg ikkje har rede på, og det er i såfall der Galdhøpiggen kan koma inn i biletet, sjølv om eg aldri har vurdert at det kan vera tilfelle. Elles nemner eg at punktet som er lengst unna i denne retninga der ein kan sjå mot Store Skagastølstind er frå Gråsida, 1165 m.o.h., 3-4 km. i luftlinje sør for Taket (Høgdi), og då kjem tindane fram sør for nemnte Urdanipi. Frå Sæterfjellet mellom dei 2 toppane, 1191 m.o.h., er det ikkje råd å få auga på tindane. Vidare nemner eg at frå vestsida av Steinslandsvatnet (på fjellet), ser ein Skagastølstindane best frå Kvernhusryggen, 1167 m.o.h., 1 km. nord for Taket, 1211 m.o.h., samt frå eit lite fjellplatå nokre hundre meter nordvest for 1167, mellom Steinabotnen i vest og Kvernhusbotnen i nordaust. Visst er Jotunheimen synleg frå toppane litt lenger nord mot Sognefjorden, men då er ein allereie nærare Jotunheimen. På den kanten er Gråsida lengst unna Store Skagastølstind, og Taket nest lengst unna, samstundes som ein kan sjå desse tindane. På austsida av Modalen ser ein tindane frå bl.a. Gavlafjellet, 1244 m.o.h., mellom Nygard (fjellgard oppe i Modalen) og Skjerjavatnet (største vatnet i Stølsheimen).

    At utsynet er ekstraordinær frå Taket, 1211 m.o.h., og andre stader på fjellryggen på vestsida av Steinslandsvatnet, har me visst heime i mange år. På 80-talet var det omtrent kun far min og meg som gjekk over desse toppane enkelte år. Ikkje eingong sauejag eller jakt førekom mot desse toppane. Då Vardadalsbu vart bygd, valde me å setja i stand markavegane i liane heime (Straume i Modalen), og forlengja stien over toppane der til Vardadalsbu. Dette vart gjort gjennom varding og merking. Dessutan fekk stien namn, og er kalla for Seljestigen. Turen tek heile dagen, og godt bevandra fjellfolk som går der oppe vert overraska av det sjeldant vide utsynet, over "halve Vestlandet". Det viser seg at dette er ein av dei mest utsynsrike turstiane i heile landet. Kan det dokumenterast at Galdhøpiggen er synleg derifrå óg, så gjer ikkje det noko. Om eg klarar å spora den opp derifrå, er ein annan sak. Det skal nok mykje til, trur eg. Kanskje både ods, Morten/Julia, Nils, Eaa, Tom, Arnt Flatmo/g-arnt, m.fl. kunne sjekka det. September er rette tida, for då er lufta reinast og klarast, sjølv om godvêrsdagar kan vera sjeldan vare på den tida. Uansett er det flott med ein seinsommar- eller haust-tur der oppe, med utsyn mot Store Skagastølstind med eit skinande kvitt dryss med nysnø. Jau, eg har sett det, iallfall. Ods nemnte noko om ca. 150 km., og det kan sikkert stemma nokolunde. Eg reknar sjølv med 15 mil til Jotunheimen, og ein smule kortare til tindane, frå Taket.

    Så kan ods undersøkja vidare. Det kan verta spanande dette.

    Eit bilete frå Brydalsfjellet, 1109 m.o.h., sørvest for Ortnevik ved Sognefjorden, med ca. 10 mil siktelinje til tindane. Todelinga av Hurrungane frå vest er tydeleg på dette biletet, med Skagastølsryggen til venstre og Austabotstindane til høgre med breen framfor. (Står ein på Gråsida (1165), vest for Steinslandsvatnet, kjem faktisk breen i Austabotstindane rett framfor Store Skagastølstind, slik at det ikkje er greitt å skilja Austabotstindane og Skagastølstindane i frå kvarandre). Fjellet i framgrunnen er Hegrefjellet, søraust for Ortnevik.

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/hoyanger/b/pages/Brydalsfjellet-1.htm .

    Helsing Stuttjukken.

  13. Jakta uttartar seg vel like ulikt som jegarane er. For tida driv eg med skytetrening med tanke på jakt. Eg stiller store krav til eiga skyting, før jakt vert aktuelt. Eg trenar saman med ihuga jegarar og skyttarar i Bergen, ordentlege jegarar som er opptekne av at jakta skal vera så human som mogleg, med minst mogleg skadeskyting. Sjølv er eg oppteken av at eg klarar å skyta så stødig at eg verkeleg kan klara og treffa der eg skal treffa dyret. I tillegg til det er eg oppteken av å få inn gode haldningar til det å driva med jakt. Summert om det kan ein sei at ein skal aldri angra på skotet ein lot vera å fyra av, pga. den minste usikkerheit om dyret kan fellast på humant vis. Ein skyt ikkje på hjortar som står 200 meter unna, står med bakenden til, står på bakketoppar eller i uryddig vegetasjon, står utanfor anvist skytesone, eller som av andre grunnar ikkje bør skytast på der og då.

  14. Lite snø dei fleste stader vestafjells, sjølv om det er nok snø i t.d. Myrkdalen og Røldal, som det kjem meldingar i frå. Her i Arna er det mykje som minnar om seinvinteren for 3 år sidan. Før lauvsprettet var det så tørt at skogbrannane herja villt i Arna - Åsane - Fana - området i Bergen, og nokre stader til. Skilnaden no er at det har regna så mykje dei siste åra at jorda er vassmett og vassjuk, så det skal nok ein lenger vårtørke i år før skogbrannane er i gong enn slik det var for 3 år sidan, men for tida opptrer vêret seg på same måte no som for 3 år sidan. Vel, det er i gjennomsnitt 1/2-1 cm. snø i Arna no, (inklusiv alle bare område), men det er meldt litt snø i morgon seiest det. I dag var det -12°C i Arna (kl. 6), og -5°-7°C i Bergen, mao. sjeldan kaldt til å vera her vest i det som vanlegvis nestan kan kallast oceanisk middelhavsklima ( litt overdreve), temperaturen dei seinare åra teke i betraktning.

  15. For nokre år sidan var det nokon som gjekk Sognefjorden rundt, frå Sygnefest (sørsida) til Sognnæs (nordsida). Eg hugsar ikkje eksakt rute, men dei gjekk gjennom Gulen, Stølsheimen, Vossefjella, sør for Gudvangen, kryssa Flåmsdalen ein stad, via Lærdalen, bak Årdal og Luster, innom Jostedalsbreen og nord for Fjærland, Gaularfjellet, Høyangerfjella, via Ytredalen, utover fjella mot Hyllestad. Dette tok følgjeleg meir enn ein dag, så klart, rettare sagt nokre veker. Lurar på om ein av dei som gjekk turen var Anders Waage Nilsen, men eg er ikkje sikker. Når ein er inne på turar det kan vera klasse over, kan eg nemna ei "rute på sørsida av Sognefjorden, med liten hensyn til stiar og hytter. Eg har ingen planar om å gå denne ruta strukturert sjølv, men eg har vore innom ein god del brotstykker av dette. Her er mange funn for kresne fjellvandrarar, men alpint tindelandskap manglar, så det ser de kun i det fjerne, som t.d. Hurrungane som de ser stadig vekk på denne strekkja.

    -Ortnevik ved Sognefjorden (Høyanger kommune) - langs fjorden til Hanekamb (Sylvarnes, veglause grender) - over Kleivfjellet (1313) - Fagerdalen (avstikkar ned i Finnabotnen/Finnafjorden og opp att same veg) - Orren - Botnagavlen (Dunevoll) - Urdeggi (1260) - Vatnavatni - Fagerdalsnipi (1245) - mot fjellkanten ovanfor Geithus og deretter ovanfor Otterskred - Vardeheii - nedom Rosete - Vatnane - Hest - Dagvatnet - Hestfjellet - Rappen - Bjergane - ned i Framfjorden (Arnafjorden) - opp via Bungane (nedlagt høgdagard) og Saursete - Krokeggi - Liabakken (1145) - Unnardal - Bøeggi - Vik i Sogn - Sutastigen - Skorge - Ramberatinden (1623) - Feiosdalen (Haugasetdalen) - Vidasethovden (1227) - Kjerringafjellet - Moldbakkefjellet (1568) - Tuftaeggji - Fresvikbreen (1648) - Grytaskarvbreen - Langafjellet - Handadalseggi (1431) - Handadalen - Dyrdal ved Nærøyfjorden - Hjølmo - Vassete - Breiskrednosi (utsyn rett ned i Nærøyfjorden) - Rimstigfjellet (1296) - Vardane - Breidalen - Nåsen - Jordalen - Slettedalen - Bakkanosi (1398) - Fetanipa (1459) - Giljanipa (1501) - Solbjørganipa - Jordalsnuten (jfr. bilete frå Arnt Flatmo, g-arnt) - Jordalen - Nåli - Sivle - Stalheim - Fyre - Stangahøgdi - Grindafletna - Fessedn - Steganosi/Syrdalsbreen (1761) - Stigen høgdagard/Beitelen (kløyver mellom Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden) - over Steganosi att - Undredal - Langhuso - Fjellmannskar - Undredalsmoen - Grindafletna - Hestabakkane - Frondalen til Aurlandsfjorden og retur oppatt - Brekkedalen - Vassetvatnet - Grånosmyrane - Eilivseggji - Upsete (togstopp) - Ugjerdsdalen - Myrdal Stasjon - Vatnahalsen - Reinunga - Rallarvegen til Hallingskeid - Stonndalen - Østerbø - ned Aurlandsdalen - Aurland - Skjerdalen - Blåskavlen (1809) - Bleia (1717) - ned til Frønningen eller Erdal/Lærdal. Visst Frønningen, ferje til Kaupanger/Lærdal, eller over forbi Bleia og ned att til Lærdal.

  16. For å verta ein trygg fjellvandrar åleine på fjellet, er det berre ein måte å verta det på. Det er å ta turar til fjells åleine. Det det handlar om er å velja turar og turmål etter evne, og evnene vert utvikla dei etter gjentekne fjellturar åleine. Sjølv byrja eg med korte stølsturar åleine, men det gjekk ikkje lenge til eg vandra åleine i fleire dagar i strekk utan og sjå folk. De skal fortelja nokon kvar og når de går, og litt om når de kjem attende. Ta likevel forbehald når de fortel andre om turen. Det kan skje at de ligg vêrfast, de må kanskje avslutta turen tidlegare, seinare, eller kanskje på ein annan stad enn avtalt. Skal eg vera borte i fleire dagar, gjev eg grei beskjed om at turen kan måtta endrast undervegs.

    Går de frå hytte til hytte, så notér i hytteboka alternative ruter og turmål i tillegg til det som er planen din. Eg har eit konkret døme på det, frå hyttebokapå Solrenningen i Stølsheimen. Hutteboka har ein kolonne for "Neste oppholdsted". Der skreiv eg følgjande: "Vatnane, om Urdeggi. Visst dårleg vêr, via Halsetsstølen og Åsedalen til Vatnane". (Og det enda med at eg gjekk over Urdeggi i skodde og yr (hadde aldri vore der før, så kart og kompass vart brukt litt), men eg kom fram til Vatnane utan vanskar, og på denne turen såg eg ikkje andre folk på 3 døgn, og overnatta åleine på 3 ulike hytter 3 netter på rad, åleine både på hyttene og i ville fjellet utanfor stiar og T-ar mot stupbratte liar ovanfor Sognefjorden, og det var heilt herleg, det. Då eg traff på folk etter 3 døgn følte eg meg litt snytt, for eg storkoste meg åleine i fjellet, og ville ikkje sjå folk då).

    Helsing Stuttjukken.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.