Lovlig lenge etter her, men prøver likevel: Eg gjekk sørsida i september -25. Solo-led, dels teknisk, dels fri. Dette ifbm eit saueredningsoppdrag som vart slått saman med ein 10 år gamal draum om å gå framsida. Gjorde eitt forsøk for nokre år sidan, men væromslag og partnar med dårlig kne sette stoppar for den turen.
Kan seie dette:
Vassfjøro har, til tross for den noko trunde ura under veggen, overraskande fast og flott fjell! Der er nok hundrevis av flotte linjer, og eg skulle ynskje eg tok turen tidlegare. Eg gjekk opp mot venstre kant, så det var verken hard eller spesielt lang klatring. Gjekk heile linja på èi 70m taulengde. Litt lett klyving for å kome til eit passande innsteg for å lage anker som tålte drag oppover, så bratt, ganske luftig klatring i eit stort dieder/renne. Tipper ca 4+/5- om ein gjekk heile linja fritt. Gode sikringshøve heile vegen. Om ein går meir rett på, eller mot høgre, vert det brattare og brattare. Eg har planar om å ta turen til sommaren att (tidlegast juli/august pga snø).
Angåande anmarsj: Kortaste vegen for folk flest, dvs dei utan tilgang på nøkkel til bom, er frå Tunheim til Jonstøl, så bort til der stien deler seg i tre mot Horgo, namnlaus sti (midten) og Vassdalane. Her velger ein stien i midten som går opp mot ryggen som leiar vidare mot Vetla Vassfjøro ("Vetla" = "Lille"). Derfrå er det god oversikt til heile veggen. Flott terreng med gode stiar og god utsikt heile vegen. I greitt tempo går ein frå tunheim på ca to timar. Retur via Sauabotn, evt ein kort rappell på venstre kant (ikkje etablert fast rappell-retur endå).
Om nokon skulle sjå dette innlegget og vere interessert, er det berre å ta kontakt. Der er ruter nok til alle, mesteparten truleg ugått.
Pål M.