Gå til innhold
  • Bli medlem

Bingeline

Aktiv medlem
  • Innlegg

    49
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Innlegg skrevet av Bingeline

  1. Sig Man skrev (På 6.10.2019 den 22.53):

    Viktigste er at alkylaten ikke er gammel, ett år går greit, tre år gammel var ikke noe suksess.. mener å huske at FK mente at holdbarheten var 3mndr på åpnet flaske (nå er sikkert primusen mindre kravstor enn en forbrenningsmotor.. men..)

    Hø? Eg har berre årgangsbensin på brennarane våre, ingen av oss som hugsar kva tid alle den suppa blei kjøpt. Funkar som berre det, kva skulle eg eigentleg merke? 

  2. Tja, eg trur hushaldet her eig fem eller seks brennarar, slik er det når to turkrabatar flyttar i hop i vaksen alder. Eg ELSKAR Omnifuelen min, som eg brenn alt mogleg på. ELSKAR! Men likevel, i det siste, har eg tatt meg i å lirke ut Trangiaen etter faren min og husbondens bensinbrennar til Trangiaen. Eg kjenner meg som ein forrædar kvar gong, men det er berre så DIGG å ha innebygd vindskjerm. Då eg jobba på XXL brukte eg å selje slike Omnifuel-liknanden varianter med argument om at tre bein er veldig mykje lettare å få til å stå støtt, og eg kjenner jo at eg hadde rett når heile sirkelflata på Trangiaen skal plasserast, men likevel tek eg altså veldig ofte Trangiaen... Håper ikkje Omnifuelen min legg merke til det, vi er jo eigentleg veldig gode vennar. 

    • Liker 2
  3. Eg hadde jo ei liknande oppleving ved Ramstadsjøen førre helg, då ein gjeng apekattar spela musikk til langt på natt, då gjekk eg til sist og spurte om vi kunne få nokre timar med stille. Eg er ikkje så redd for å vere upopulær (eg har trass alt vore lærar), men dei hadde byrja å skyte med luftgevær tidlegare på kvelden (i fylla), så eg var litt redd dei skulle finne på noko "artig" om eg var ho sure nabokjerringa. Men det er ganske omsynslaust, synest eg. Det ER mange måtar å vere på tur på, men å ikkje uroe alle andre sin måte å vere på tur på, det skulle vere den eine regelen som var absolutt, synest eg. 

    • Liker 2
    • Trist 1
  4. Skogens Stønn skrev (9 timer siden):

    Fake news av Trumpske dimensjoner! Å ha melk i kaffen er som å koke grøt på sauelort. Det smaker ikke godt! 😁

    ;-)

    Som om du har kokt graut på sauelort. Eg ler av deg. 

    🤣😉

    • Hehe 3
  5. Skogens Stønn skrev (På 16.4.2020 den 14.51):

    Hadde ikke slutta om så jeg måtte koke den på pukk ...bare det ikke er — Gud forby — melk oppi 🤮

    ;-)

    Hæ?!? Kaffien er jo ikkje ferdig før det er mjølk i han! 

    • Liker 1
    • Hehe 1
    • Trist 1
  6. Eg har ein som heiter Conness, men som eg har oppdaga: alt eg har er jo gammalt, min er frå 2008, trur eg. Det er ein dunpose, då. Trur dei Mountain Hardwear-posene som heiter Lamina har ein pose som er om lag -1 i t-komf, slik som Alta. 

    Men for stor pose er håplaust, altså. Lengda er mest eit problem pga vekt (ein kan alltid stappe klede nedi), men når heile posen er for svær blir det alltid meir luft rundt kroppen også. Eg har også ein eldgammal Quechua-pose som eg kjøpte for 249 francs (ja, eg sa han var gammal!), og som har -1 som komfortgrense. Men den posen er kjempeliten, mest litt trang, men eg har sjeldan vore kald i han, og var med på tur denne helga. Veier eit lite tonn, då. :-)

  7. zimwalker skrev (35 minutter siden):

    Bruker og liker denne svært godt jeg også. Mange her inne som liker den. Det vil si noen av oss fortrekker en rimeligere kopi av Trangia brenneren. se fx 51938-trangias-gassbrenner-kr-298/?do=findComment&comment=473465   Som du sier, her pakker man alt i ett; vindskjerm, gryter og stekepanne. Brenneren og en liten gassboks får fint plass i den innerste gryta i mitt Trangia 27 sett.

    Sikkert bra den også. Eg anar ikkje om det er ein kopi vi har, den er husbonden sin, opphavleg. Og sikkert minst 20 år gammal. 

  8. Hm, som eg no har avslørt i tråden om friluftsliv som klimaversting, så tenkte eg å komme med nokre (ganske sikkert heilt utdaterte) tips. 

    Eg har i all hovudsak laga mat på Primus Multifuel og Omnifuel. Eg har den siste, den førstnemnte var den turkompisen min hadde då eg byrja å gå på tur, for 20 år sida. Både Omnifuelen min og Multifuelen hans er i full drift enda, forresten. Men i dei seinare åra har eg blitt meir og meir glad i dei lause brennarane til Trangia, eg. Står støtt, vindskjermen er innebygd og eg kan stappe alt i ein bylt (som eg som oftast skubbar over til husbonden for å bære). Sidan det ikkje var vinterturar som var aktuelt ville eg derfor snakke opp gassbrennaren til Trangia. Elskar den! Det fine med vindskjermen der og bensinbrennaren er forresten at når ein får HV-bål så dreg det i alle fall ikkje ut til sidene. :-)

    • Liker 1
  9. langdistanse skrev (På 11.7.2020 den 12.30):

    Det er vel bare å se på disse utstyrs-trådene på forumet her, svært lite som minner om å bry seg om miljøet.

    Det fins MANGE alternativer som ikke belaster miljøet med mikroplast, miljøgifter eller støy - men det vil ikke nordmenn ha noe av.

    Eg har berre vore på Fjellforum ein månad, og eg har dermed fått banka inn at eg ikkje er berre er utdatert, men at eg er i ferd med å bli mora mi: alt eg har av turutstyr (med undantak av litt ullundertøy og hengekøya eg kjøpte i vår) er heilt utdatert og over 15 år gammalt. Eg har jo alt, eg, kvifor skal eg byte ut det som funkar? Så eg har tvert i mot oppdaga at eg ikkje er utstyrsfreak lenger... Då reknar eg i grunnen med at alt kjem til å vare i 15 år til, eg meiner, Arch Wall-jakka mi er jo heilt ny (frå 2004)! 

    • Liker 6
    • Takk 1
  10. Men i all verda, ein kan då ikkje drive og sprenge slik utan å dekke det til? Kommentaren, "å, herregud" var mildt sagt på sin plass, altså. Altså, eg er samd i at det er mykje gale med dette, men eg hengte meg opp i at dei let alt berre sprute ut. 

    • Liker 1
  11. Lindap skrev (På 22.1.2014 den 16.00):

    Disse fotposene har jeg lånt en gang fra en annen person som også var på samme turisthytte. Det er kjempepraktiske om de skal hente ren snø til smelting og vil gå mange steg gjennom dypsnøen. Jeg har vurdert å kjøpe dem privat, men har bare sett dem i størrelsene: for stor, større og altfor stor.

    Det finnes jo i dag også damer i forsvaret. Finnes det fotposer i damestørrelse? Det er meningen at de skal gå over ytterskoen, ikke sant? Hvilken størrelse trenger jeg med skisko i str 39/40?

    Det burde ikkje vere eit problem å få fotposer i din storleik? Og det seier eg fordi EG har fotposar som passar, og eg brukar 36 i sko. No sjekka eg dei, og dei er 35/36. No skal eg leggje til at eg brukar ikkje fotposane mine over støvlar, eg brukar dei med dunsokk i leiren. Det er digg, det! Gå heile dagen på ski i stive skistøvlar, setje opp telt, fram med dunsokkar og fotposar og labbe rundt. Det er turlukke, altså. 

  12. Ulvemor skrev (På 22.1.2014 den 16.48):

    Morsom tråd. :) .... selv om jeg ikke skjønner så mye av felt grå, Ludvik og Anna, selegru og flo; fulgte det med egen ordbok også?

     

    Men Forsvaret må jo ha valgt noe rett: Optimusen min (111 bråkebrenner) hadde pappa visstnok med fra militæret rundt 1972 (eller rundt der...). Da er den minst 12 år eldre enn meg, og har sikkert vært med på mye rart underveis. Om Omnifuelen varer i 6-7 år skal jeg være fornøyd, sånn til sammenligning... :)

     

    Jeg har (hadde) også to bokser med kryptisk hermetikk som heter RSP og var merket 1976 (78?). Etter hjelp fra forumet for litt siden ble luriumet identifisert som spisbar materie og jeg måtte bare smake...

     

    Joda, innholdet var nok for spesielt interesserte, men jeg ser absolutt potensialet på tur uten alternativer eller i krig når alt (og alle) ellers er spist. Men nå er altså den ene boksen smakt opp og den andre skal gå inn i kriselageret mitt eller følge arverekka videre, hva som enn kommer først :)

    Forsvarsfolk gjer ganske ofte eit poeng ut av å snakke i forkortingar og interne uttrykk. Helsing gift med ein tidlegare offiser... 

    Men til saka: eg elskar fotposane mine, fyllikvantane og NATO-genseren. Husbonden går framleis mykje i feltstøvlane (M77) og eit par grå tjukke sokkar som eg er skitmisunneleg på. Eg prøver dessutan stadig å snike til meg kommandolua hans, men eg blir ferska kvar gong. 

  13. Eg bur på Romerike no, og trur kanskje det hadde vore nok med Lillehammer eller Hønefoss. Særleg Hønefoss har bra vegnett for landevegssykling, og kort veg til både skau og fjell. Lillehammer er jo meir snøsikkert, men vegnettet er vel litt tristare. Men der er det bra terrengsykling, bra skiføre og kort veg til fjells. 

    • Takk 1
  14. Skogens Stønn skrev (14 timer siden):

    Man får lyst til å gjøre artige ting tilbake mot sånne folk, men det er sjelden lurt. De fleste som oppfører seg bedritent mot andre tåler ikke at andre oppfører seg likeledes tilbake. De føler at de har enerett på å være idioter, og det har de sikkert rett i...

    Men hvis du mente at det de gjorde var brannfarlig hadde det lureste vært, og helt greit også, å meddele sine bekymringer til brannvakta, 110. De er veldig godt i stand til selv å vurdere om de da skal ta affære eller ei. De ville jo være veldig synd om vi fikk en skogbrann i Østmarka.

    Hvis de ikke hadde kontroll på hvor kulene havner er det forbudt å skyte, også med luftgevær. Hvis de festet og skjøt, og det var masse folk i området, så vil jeg nok anta at politiet dukket opp om du hadde ringt de.

    ;-)

    Du har gode poeng her. Ein skal kanskje ikkje vere så redd for å ringe. Men det sitt jo litt inne å ringe eit nødnummer, det gjer det. 

  15. Miamaria skrev (58 minutter siden):

    Du sitter ikke nå og viser til at andre bryter forbudet mot åpen ild, samtidig som du gjorde det selv? Det var bare venninna di, sant? For når hun slokket som en gal var det jo ikke åpenbart at det ikke kunne bli brann der?

    Hæ? Nei, det var som sagt ein brennar som slo seg vrang. Men eg var ikkje der, vi var ikkje på same stad, så eg har ikkje andre detaljar enn det. Det er lov med primus sjølv om det ikkje er lov med bål, det er jo litt ulike ting. 

  16. Marius Engelsen skrev (1 time siden):

    Wow! Jeg forstår ikke på hvilke måte sånne folk føler glede av å plage andre. De fortjener å treffe den rette personen, som tar den ene og banker den andre.

    Vi kommer akkurat hjem fra kanotur med ungene. Området vi var i (Lindåspollene), er mye brukt av hyttefolk, turfolk og båtfolk, og jeg kjenner alltid på frykten for at det skal være andre som telter og bråker eller fester ute. Skal det være sånn? 

    Heldigvis for oss var vi alene på campplassen, og fra hytten i nærheten hørtes kun en hund som bjeffet av og til. Men der har vert ganger jeg må be folk ta hensyn, midt på natten, på steder det er vanlig for barnefamilier å telte...

    Eg lufta det litt for husbonden, og han foreslo at det er ein måte å hevde dominans på, "har du meir rett på stille enn eg har på å høyre på musikken min", liksom. Og eg får litt kjensla av at dei dreg til skaus for å unngå krava frå sivilisasjonen: om dette var naboene mine, ville dei fått politiet på døra. Men kan ein eigentleg ringe 112 når fem ulike leirar drit i bålforbodet?? 112, liksom? Samtidig, venninna mi fekk ei utblåsing frå ein brennar i går kveld, og bakken tok faktisk fyr, ho slokka som gal, så det ER tørt nok til at det fint kan ta fyr. Og luftgevær?? I fylla? Det er ein klar telefon til politiet. I skauen er det litt annsleis, og eg frykta for at dei skulle bli artige i løpet av natta om eg klaga på dei. 

  17. No må eg berre rante litt etter å ha ligge ute i nærleiken av fire unge menn som heilt klart hadde fått allemannsretten i vegen for vettet. Det byrja med skrål, rundt Ramstadsjøen i Rælingen i går kveld. Det var folk på alle oddene rundt heile vatnet, så det var veldig klart at dei ikkje var aleine. Forresten, det byrja med at dei ropte "det er vår plass" ned til meg, der eg satt og las i boka mi. Deretter kom alle skrålinga. Eller, første del av skrålinga, den gjentok seg. Deretter på med musikk. Høgt. Og altså, det var ganske klart at det var lytt, alle høyrde folk frå alle plassane. Men Østmarka er kronglete, og Ramstadsjøen fin, det er plass til mykje folk der! Så meir musikk, det blei etter kvart standard. Litt utpå kvelden var det bålfyring (kva del av "bålforbod" er det som er så jævleg vanskeleg å fatte?), før dei fire apekattane byrja å skyte med luftgevær! Ja, de las rett, dei byrja å skyte med luftgevær! "Tuller du?" spurte venninna mi då eg teksta ho, men tru meg, det hadde eg faen ikkje komme på sjølv, det er så jævla far out. Klokka 02.39 spurte eg om dei kunne dempe musikken, det gjorde dei i ti minutt. Klokka 04.20 tassa eg bort til dei og spurte om vi kunne få nokre små timar på morgonkvisten utan musikk. "Du får spørre han der, det er han som er DJ" var svaret. Men då berre nemde eg at vi hadde høyrt på dei i åtte timar, og at nokre timar stilleheit kunne vere litt fint. Men herregud for nokre apekattar! Angra litt på at eg ikkje tok dei på ordet og vekte dei til nachspiel klokka 6, det kauka dei nemleg ut over sjøen at dei skulle ha... 

    Men eg låg i alle fall bra i hengekøya.

    • Liker 1
    • Trist 3
  18. Eg trur eigentleg ikkje at allemannsretten har gått til hovudet på folk, og heller ikkje at den er særleg trua. Det blir gjort, og har blitt gjort ein del veldig bra arbeid med å trygge til dømes tilgangen til strandsonene, og det trur eg er veldig bra. Men folketalet i Noreg er på veg opp, og det tyder også at talet på idiotar blir høgare, og ein skal ikkje ha meir enn eit par idiotar ekstra før driten deira blir meir og meir synleg. Eg veit neimen ikkje kva ein skal gjere med dei som ikkje bryr seg, for eg trur det er slike som er problemet, dei som ikkje synest regelen gjeld dei, fordi nett dei er så spesielle, bikkja deira er så snill, bålet deira sprer seg ikkje osb. Ein bør kanskje vere flinkare til å snakke høgt om korleis ein skal te seg, og å shame dei som ikkje bryr seg. Eg har litt trua på sosial kontroll...

    Når det gjeld grinder, så synest eg generelt sett at ein burde satse på slike som er sjølvlukkande, eller slike klatreløysingar som dei ofte har i Storbritannia, gjerne ved sida av grinda som ein då berre treng å opne når ein skal gjennom med køyretøy. Og då tenkjer eg ikkje berre på turistar, men også fordi alle bevegelege delar er sårbare, så klatreløysingar er fine ved at dei ikkje rør seg. 

    • Liker 1
  19. RoyN skrev (18 timer siden):

    Hvilken Hennessy kjøpte du? Expedition duger for folk med lengde opptil 175 opplever jeg, mens Explorer passer for lengre folk også. Safari er vel enda lengre. Prøv å ligge mest mulig på skrå med køya hengende ca i 30 graders vinkel fra mønesnora. Litt banan blir det jo, men opplever å ligge temmelig flatt i min Explorer. Ulogisk nok muligens så kan gjerne den delen hvor overkroppen er være ørlitt lavere enn der beina er. Da blir det enklere å ligge diagonalt gjerne. 

    Litt tilvenning husker jeg det var, men sover gjerne bedre i køye etter hvert enn innendørs eller i telt. Bruker ofte øreplugger og noe som dekker øynene for ikke å våkne for tidlig. Varmen justerer man ved å åpne sovepose litt feks. Lykke til!

     

    Var det spørsmål til meg? Eg har Explorer, trur eg. Men altså, eg er 160cm og 53kg, så eg trur ikkje køya har skulda for dette. Eg skal ut att i morgon, og då blir det med høgare fotende og høg slakk! 

    • Liker 2
  20. Skogens Stønn skrev (16 timer siden):

    Du sov jo bra første natta jo, så da burde det være mulig å finne tilbake til dit. Ofte skyldes dårlig komfort at man strammer køya alt for mye. Det skal være god slakk i køya. Du bør prøve forskjellige strammingsgrader, også så slakk at du ser sikker på at dette er for slakt. Så får du litt erfaring. Du skal jo ligge på skrå i disse køyene, og da er det viktig å ligge på skrå riktige veien. Det er 4 måter man kan ligge på skrå (hodet ene veien og hodet andre veien, hodet til høyre i køya med bena mot venstre og hodet til venstre med bena mot høyre. To av disse er feil og to er riktig. Køya er asymetrisk. Hvis du ser hvor bardunene ut ti siden er festet ser du at de ikke er festet midt på, men mot den ene enden, motsatt ende på hver side av køya. Hvis du trekker en linje mellom disse to bardunfestene, så peker den linja i den retningen kroppen skal ligge. Du skal ikke  nødvendigvis ligge oppå linja, men i samme retning. Hvis du ligger i køya og ser opp mot himmelen blir det med hodet til venstre i køya og beina over mot høyre, uansett hvilken ende av køya hodet er mot. Gjør du feil vil liggestillingen bli veldig dårlig.

    Dette fikser du. Jeg har også hatt dårlige netter i køya, både for varmt (bruk da soveposen som teppe i stedet for å krype oppi) og for kaldt (trenger isolasjon under køya). Men aldri kjedelig, og det er det viktigste.

    ;-)

    Takk for gode tips! Eg er ganske viss på at eg ligg i rett retning, som du seier så er det ganske klart kva retning ein skal ligge i når ein ser på dei bardunane. Men eg skal prøve meg fram med litt slakkere køye. Skal ut i morgon natt, og då skal eg bruke litt meir tid på å ordne. Eg skjøner no at dei fleste har styra litt meir enn det eg har gjort til no, så eg får vere flinkare til å ta meg tid til å eksperimentere litt. 

    Igjen: takk! 

    • Liker 1
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.