Gå til innhold
  • Bli medlem

frodeky

Passivt medlem
  • Innlegg

    173
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av frodeky

  1. Er ein litt heldeg så kan det kome bjørn til heimen inn frå vest og, er nemleg ein heil haug med bjørne-observasjonar i Sogn og Fjordane den siste tida. No har dei fått fellingsløyve i Sunnfjord, så håpet må jo då bli at den vandrar der i frå!

    http://www.firda.no/nyhende/article3584355.ece

    Synest det er greit at ein må verne om sauebøndene på vestlandet, dei er nok meir utryddingstruga enn bjørnen. Men det blir feil å ta bjørnen av dage, andre midlar må då kunne nyttast?

  2. Eg har jobba to år som avdelingsledar i en Elkjøp butikk(7 år totalt), og har derfor litt erfaring fra området.

    Men er sjølvsagt ingen ekspert!

    Dersom du skal oppgi ein før-pris må denne kunne dokumenterast. Som oftast vil ein ta den høgaste prisen vara har vore solgt for, då det aldri er nokon slags form for kontroll på dette området. Og her syndar veldig mangen av kjedane/butikkane.

    Når ein butikk oppgir veiledande prisar på ei vare, er dette det som dei har satt som sin normale utsalgspris, og her opperar kjedar og til og med butikkar innan samme kjede ulikt. Variablar som husleige, frakt osv. spelar inn her. Eit døme er Canon EOS450D, dette har veiledande pris 6495 i butikkar rundt Oslo, mens på vestlandet der eg jobbar er veiledande 6995. Det er nemleg dette Elkjøp sentralt og vår butikk har satt som "normal utsalgspris". Canon oppererar her med veil.pris 6495(så vidt eg veit).

    Dersom vi skulle oppgitt før pris på kameraet ville det blitt 7495,- (sjølv om det er missvisande), flest kamera har blitt slogt til rundt 7200 og det er det som skulle vert før prisen! 7495 er den høgaste før prisen ein ville ha hatt samvit til å sette.

    Dersom ein leverandør/gorssist/produsent skal legge føringar for pris i butikk ville jo heile konkurranseprinsippet vere vekke! Det finnast sjølvsagt eksklusive innkjøpsavtalar som seier at prisen må vere slik og slik, dette er imidlertidig ikkje vanleg.

  3. Har sett dette flere plasser. G-sport kjører etterhvert en del på egne merker eller merker de har eksklusivt i Norge. Da blir veiledende pris og rabatt bare tall de kan bestemme seg for.

    Dette treng ikkje gjelde eigne merke ein gong, ein kjede/butikk kan sjølv velge sin eigen pris på ei vare, og såleis også sin eigen veiledande pris. Til spørsmålet om Internettpris vs. butikkpris, så pleier jo det å vere opplyst om det på nettsida, men det er ikkje eit krav. Uheldigvis!

  4. Nå er det jo sånn at pris i butikk og på nett ikkje treng å være den same!

    Finnast mangen nettbutikkar som har anna pris ved kjøp på nett enn i butikk..

    Og sjølv om feks. Bergans har veiledende pris på lat oss seie 1400kr, så vil

    det ikkje seie at XXL må opperere med denne prisen, veiledende pris hos dei

    kan jo vera 1600kr!

    Det som overaska meg idag, var når eg skulle bestille 30 Real Turmat poser

    hos XXL, frakta kom på 305 spenn med servicepakke!?!? Korleis er det mogleg?

  5. Ja enig med skaufant. De bør prøves først. Scarpa sine sko passer f.eks ikke så

    bra til de som har bred fotblad, da passer som regel Garmont sine støvler bedre.

    Vær også obs om du har høg rist!

  6. Scarpa T1 eller T2 da? Dersom du ikkje kjøper T1-race har den moglegheit for "gå-modus", altså laus hæl. T1 er ellers litt stivare enn T2(T1 har 4 spenner, T2 har 3). Kan anbefalla begge skoa, kanskje helst T1 dersom du skal kite og jibbe med dei!

    Eit anna tips:

    Dersom du har variert bruk av samme skia og bindingane, så er Hammerhead bindinga frå 22 designs glimrande. Har vunne utallige testar og prisar!! Då får du moglegheiten til å justere "motstanden" i bindinga, alt frå "3-pin" til "almost alpine" som 22 design kallar det! Har bindinga sjølv, og vil tørr påstå at det er den beste bindinga for topptur og variert bruk!

  7. Hiver meg på med eit spm. i tråden her!

    Treng ein sovepose til bruk når vinterposen blir for varm,altså det meste over 0 grader! Kjem nok til å bruke den mest sein vår/sommar/tidleg haust, men i høgfjellet, der snø aldri er utelukka. Kva vil vere det beste då? Ein 3-sesongs pose, eller ein sommar pose? Vil jo sjølvsagt ha det så lett som mogleg!

    Takk for alle tips! :wink:

  8. Hei, då har planlegginga av årets sommarferie begynt og det ser ut som det blir ca 14 dagar i Jotunheimen Sørvest iår. Tenkte å gå frå Eidsbugarden til Turtagrø, og plukke med meg nokre toppar undervegs! Skal ha med meg min bedre halvdel så er ikkje på jakt etter dei største utfordringane.

    I denne samanheng lurte eg på om nokon hadde tips, innspel på rute, forslag til toppar, kommentarar til toppar osv. Her er planen, har nokon dagar til overs, slik at vi kan plukke med oss andre toppar, eller dersom fleire kviledagar skulle vere naudsynt. Er det toppar som bør komme med eller takast vekk frå denne lista?

    Sett pris på alle svar, på førehand takk!

    Dag 1

    Eidsbugarden – Olavsbu ca.13 km

    Dag 2

    Mjølkedalstinden 2138 moh eller Snøholstinden 2141 moh

    Olavsbu – Langevatnet ca.5 km

    Dag 3

    Midtre Rauddalseggje 2016 moh

    Dag 4

    Rauddalstindane, Austre 2086 moh, Store 2157 moh, Vestre 2059 moh

    Dag 5

    Skarddalstinden 2100 moh eller/og Skarddalseggje 2159 moh

    Dag 6

    Kviledag ved Langevatn

    Dag 7

    Kyrkja 2032 moh og Langvasshøe 2030 moh og Vissbretinden 2234 moh

    Dag 8

    Innom Leirvassbu til Gravdalen og Store Hilleren

    Dag 9

    Gravdalstinden 2113 moh og Søre Smørstabbtindane

    Dag 10

    Store Hilleren – Gjertvassdalen og Gjertvasstinden 2351 moh

    Dag 11

    Gjertvassdalen – Turtagrø

  9. Hei, tindevegen mellom Turtagrø og Årdal er enda ikkje åpna, noko som gir indikasjon på god snømengde! Dog er det begynt å minke på snøen i området, men dersom du er villig til å bære skia litt oppover ringsdalen så går nok skituren fint derifra! Tindevegen er brøyta eit stykke, så du kan køyre til Ringsbotn! :shock:

    Ellers er nok Lauvnosryggen den mest snøsikre ryggen i området, og har ok med snø. Dyrhaugsryggen er det begynt å minke kraftig på og du må bære skia her og der!

  10. hei, var på dyrhaugsryggen på tirsdag, måtte bære skia eit lite stykke frå turtagrø, samt ta av meg skia eit stykke oppi... I forrige veke var eg på fannaråken, var begynt å minke på snøen ved storfonni på sognefjellet og! Så det er nok ikkje så alt for lenge igjen av skisesongen.....

  11. Mayhassen, som du erfarte på Ringstindane i helga var det riiimelig vårslusj...

    Snøen var grovkornete og våt som fy... Skulle eg tatt denne toppen seinare

    så ville eg sikkert lagt ruta om Steindalsnosi og ned i skardet mellom den

    og Fannaråken! Nordsidene er betraktlig betre enn sørsider!!

    Ellers så har eg lite erfaring med Fanaråkbreen sommarstid, men er du breevandt

    så trur eg ikkje det skal by på store problem vertfall, sprekkane finnst vel øverst

    mot Fannaråknosi! Seint i Juni vil det nok ikkje være mykje snø igjen her dog...

    PS: Legg turen utanom helga, så slepp du å vera ein del av folkevandringa, såg

    tilsammen 5 stk i fjellet idag, utenom turkompsien då sjølvsagt!

  12. Lovar bra for High Camp iår dersom nokon skal på det, såg at ein del telt og lavvoer var begynt å komme opp på turtagrø allerede! Eg personleg skyggar bana i helga, 600 personar i fjellheimen rundt Turtagrø blir litt for mykje for meg! Og sånn sett er det greit at det kun blir arrangert slikt ein gang i året!

    Fellene skal på frå start hæretter!! :)

    Har gjort samme feilen så alt for mangen gangar før:P

  13. kan rapportere om grønne fjellsider og lite snø i Loen, vertfall under 500moh,

    cirka!! Du må nok gå opp til sætra og vel så det før du får ta på deg skia!

    På skåla var det og mindre snø enn i fjord, steinar var begynt å kome til syne,

    noko det ikkje var i fjord 17. mai! Skal du på skåla bør du nok skyndte deg:)

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.