Gå til innhold
  • Bli medlem

Toto

Passivt medlem
  • Innlegg

    55
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Toto

  1. Men vi måtte jo få med oss en 2000-metring, og valget falt på Gigilos, sentralt beliggende i Hvitefjellene. Bilder fra turen nedenfor.

    Sjekka ut kva eg fann her, før eg reiste sørover, og var sjølv på Gigilos denne veka. Finfin tur, sjølv om toppen nok ikkje er høgare enn ca. 1980 (sjølv om det finst skilt og anna som seier 2080). Eit tilsynelatande påliteleg kart eg fekk tak i opererar med 1964 på sørtoppen (denne er truleg nokre meter lavare enn nordtoppen), medan nabotoppen Volakias i aust er oppgitt til 2116. Eg hadde ikkje med GPS, men barometerklokka mi gir normalt nokon lunde pålitelege høgdetal. Høgdeskilnaden mellom Volakias og Gigilos er iht denne klokka ca. 130 meter, og inkje tyder på at høgda på Volakias er vesentleg feil. Skal vi tru at ein av marknadsføringsomsyn ikkje har sett nokon grunn til å skrive ned høgda på Gigilos?

    Jf. f.ø. denne, som opererar med 1980 : http://www.sougia.info/walk-gingilos.htm

    Nokre bilete frå min tur følgjer :

    post-3149-13347472678_thumb.jpg

    post-3149-133474726803_thumb.jpg

    post-3149-133474726825_thumb.jpg

    post-3149-133474726853_thumb.jpg

    post-3149-133474726871_thumb.jpg

    post-3149-133474726901_thumb.jpg

    post-3149-133474726922_thumb.jpg

    post-3149-133474726948_thumb.jpg

  2. I år er det ekstremt lite snø i Sunnmørsalpene.

    Lite snø i år ja. Eg var for første gong på Synnavindsnipa i går, og var litt redd for korleis snøfonna eg hadde lese om på førehand skulle vere å krysse, men inga snøfonn var å sjå den aktuelle staden. Er det evt. normalt at denne er vekke midt i august?

    post-3149-133474715589_thumb.jpg

  3. Uansett årsak er det mulig å kjøre med båt rundt Uksenøya på både flo og fjøre, dermed må det defineres som ei øy.

    Eg er heilt samd med deg, poenget mitt var at med ein slik argumentasjon er også Lindesnes ei øy. Såleis skal ikkje spørsmålet kun vere "Hvorfor Nordkapp?", men også "Hvorfor Lindesnes?".

  4. Ein ide i mine tankar som eg ikkje har gjennomført. Skitur på Hardangervidda heile tida rett mot sola. Start ved soloppgang t.d. ved Dyranut og så berre gå rett mot sola. Undrast kvar eg vil vera ved solnedgang???

    Viss du går i konstant tempo, vil du vel vere ein eller annan stad rett sør for Dyranut (kor langt sør avhenger av tempoet)???

  5. Hva er det du snakker om her? Klart Dragsundet er naturlig. 50m langt og i snitt 5m dypt, passerer småbåter hele tiden.

    Sjå på side 25 her :

    http://www.skodje.kommune.no/diverse/1/Skodje_Naturtyperapport_2005.pdf

    Korleis sundet (eller eidet?) ville ha vore i dag utan mangeårig menneskeleg påverknad er neppe godt å seie, men 5 meter djupt hadde det neppe vore...

    Elles er vel Nordjylland (nord for Limfjorden) eit godt døme på at det ikkje er lett å finne ein eintydig definisjon på skiljet mellom øy og fastland. Kielkanalen veit eg lite om, men denne har vel sluser, og i så fall er vel resten av Jylland fastland?

    Sør-Sverige er definitivt fastland, Göta kanal ligg jo ikkje i havnivå.

  6. Kanskje man også med øyer må begynne med en slags PF (sund-dybde vs skar-dybde) for å avgjøre hva som er øy og hva som er fastland :roll:

    Det er nok så enkelt (eller vanskeleg) at det ikkje finst noko klar grense her... Er t.d. Oksenøya i Ålesund/Skodje øy eller fastland? Kva med Lindesnes (jf. Spangereidkanalen)? Typisk ved slike sund som Dragsundet mellom Oksenøya og "fastlandet" er at nokon har gjort tiltak her antan for å stoppe vasstraum og utgraving eller (oftare) for å opne for båttrafikk. Korleis då trekkje grensa mellom øy og fastland viss det frå gammalt av kanskje var slik at sundet var tørt ved fjøre og vått ved flo? Er det ikkje like greitt å definere Lindesnes som øy ein gong for alle? Korleis skal du evt. klare å skilje mellom "kunstige" sund og "naturlege" sund? Dragsundet er knappast "naturleg" i sin noverande form...

  7. I stedet for å bestige kommunens høyeste punkt, kan man bestige kommunens fjell med størst primærfaktor.

    God idé! Då unngår ein jo også dei høgst så kunstige "kommunetoppane" som ikkje ein gong er ein topp (som t.d. Ålesund sin såkalla "kommunetopp", som er eit punkt på ein rygg mot ein topp som ligg i nabokommunen Skodje).

  8. Kva med respektive det nordlegaste, vestlegaste, sørlegaste og austlegaste punktet i kvar kommune? Viss kommunen delvis ligg på fastlandet og delvis på øy, må sjølvsagt også dei tilsvarande retningsekstreme fastlandspunkta visiterast.

    Det går jo også an å oppsøke kommunetoppar i eldre kommuner (t.d. med utgangspunkt i kommuneinndelinga frå før 1964).

    Nok eit forslag kan vere den høgaste toppen på kvar norske øy.

  9. Kjiver, jeg driter i hva du synes om varder. Det var ikke varder jeg spurte om i trådens åpningsinnlegg.

    At vardens alder skal ha betydning er tullete. Det eneste konsistente er å enten være for eller imot toppvarder. Om den er fra 1850 eller 2009 er samma faen. Etter mitt syn kan varder rett som det er være pene. Det er den skjødesløse vardingen jeg er imot, det vil si varder som ikke har annen hensikt enn at byggeren skal sette sitt fingeravtrykk i naturen. Toppvarder er det jeg har minst imot. Som førstebestiger bør man bygge toppvarde, og deretter legge seg på lur med gevær i tilfelle det skulle komme en varderiver rekende.

    Hold deg til tema heretter, din sabotør som ikke evner å følge egen nettikette.

    Først kastar du dritt fordi kjiver skriv noko om vardar, som etter di eiga utsegn ikkje var tema. Så følgjer du opp med ein masse visvas nettopp om vardar (som jo ikkje var tema...). Finst det ein logikk her???

    Kanskje du heller skulle ha skaffa deg din eigen blogg, der du har kontroll på alt som skrivast, samstundes som vi slipp å bruke tid på å bla forbi oppgulpet ditt?

  10. F.eks har Ole Petter tre turrapporter.

    Larstind har 12 replies, mens Vassdalseggi har null og Sæbyggjarnuten har en (Dag G).

    Det viser kanhende at forumets deltakere er for sentrert om 2k og Jotunheimen til at

    den kan bli landsdekkende slik som f.eks DNT. :?:

    Eg ser ikkje heilt korleis du kan bruke dette dømet til å konkludere med noko som helst om Jotunheimen??? Elles blir vel forumet det som brukarane (inkl. deg sjølv) gjer det til? Ulike forum og ulike sider dekkjer ulike behov, men forum/sider kan og bør også utvikle seg.

    Elles er det vel slik at vi som bur i vest har eit klarare/nærare forhold til under-/lokalforeiningane enn til overbygninga DNT. Dette siste ser kanskje litt annleis ut austfrå?

  11. Eit kjapt søk på DNT-sidene gir ingen treff på Fjellforum, men fleire treff på etojm :

    http://turistforeningen.no/article.php?ar_id=7508

    http://turistforeningen.no/index.php?fo_id=1022

    Lenkesida er tydeleg ikkje heilt ajour, men likevel...

    Hos Bergen Turlag finn eg lenke til m.a. ei av mine definitive favorittsider (westcoastpeaks) :

    http://www.bergen-turlag.no/index.php?fo_id=3903

    , og hos AaST finn eg lenke til fleire andre favorittar (t.d. fjellinordvest (og nok ein gong fabelaktige westcoastpeaks)) :

    http://www.turistforeningen.no/alesund/index.php?fo_id=6730

    Heilsvart er det såleis ikkje, men interessant er det at Fjellforum ikkje gir treff nokon av desse stadane...

  12. Røldalstunnelen kan nok virke lang, men er nok ikkje lengre enn ein stad mellom 4 og 5 km...

    Forbi Lønavatnet (første vatnet etter Voss) er det mogleg å sykle aust for vatnet forbi Nedkvitne (litt lengre enn E16, men langt mindre trafikk). Også forbi Oppheimsvatnet (vatnet ved høgste punktet mellom Voss og Gudvangen) er det rolegare å sykle fylkesvegen på høgresida av vatnet. Frå Skjervet mot Voss er det flott å sykle på den gamle jernbanelinja.

  13. Kan se ut som Hellenakken fotografert rett etter avgang fra Vigra, ettermiddagsflyet til Trondheim, kanskje

    Eg støtter forslaget om Hellenakken, men ikkje at dette er rett etter avgang. Flyet ser ut til å vere på veg vestover, og er då heller på tur inn mot Vigra, om enn relativt lavt til å vere eit rutefly?

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.