Gå til innhold

Tykjen

Aktiv medlem
  • Innlegg

    74
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Tykjen vant dagen sist 20. september 2025

Tykjen hadde mest likt innhold!

Om Tykjen

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

Tykjen sine prestasjoner

Contributor

Contributor (5/14)

  • Dedicated Sjeldent
  • Collaborator
  • First Post
  • Conversation Starter
  • Week One Done

Nylige merker

32

Nettsamfunnsomdømme

  1. Kjøpte xgk og whisperlite forhandler repsett på finn for ei tid sidan. Mykje moro her. Til dømes XK dyse som ikkje lenger er å skaffe. Kjekk å ha om du likar å fyre med parafin utan å sveise maten fast i gryta.
  2. Kjøpte du brennaren brukt? Eller nokon annan ide om kvifor den hadde feil tal på ringane? Det skal opprinneleg være 3 flate og 4 ruglete ringar på whisperlite.
  3. La den stå og brenne på maks effekt ein time eller to. Så vurderer du kva du evt skal gjere av tiltak.
  4. Fin juletradisjon det der! Utan vindskjerm er det sikkert nok effekt i XGK ex til å få perfekte pannekaker ja. Den har god flammespreiing så resultatet blir nok bra. Men som test på om den er bra til matlaging så er ikkje pannekaker det beste.
  5. Spraye forgassarrens inn i slangen brukar å være effektivt til å løyse opp koks. Men eg tvilar på at du har koks i slangen. På omnilite skjer overgangen frå væske til gass rundt kammeret under dysa, altså etter slangen. Men viss det kjem lite bensin ut av slangen din så er det noko som blokkerer inni der.
  6. Standardpumpa fungerer visstnok greitt til godt ned på 30-talet.
  7. Eg hadde jo RX100 og ekstra batteri. Sikkert teit av meg å selge det, ja. No kjøper eg eit Canon G9X mk ii på finn.
  8. Eg har eit Fujifilm X-E2 og div linser. Særleg har eg hatt mykje glede av pannekakelinsa på 27mm. Det er ein kombo som er lett å bære. Men av og til hadde det vore bra med lommekamera som også kan ta opp video. Har ingen store ambisjonar, men det er jo kjekt med god biletekvalitet.
  9. G9X ser jo bra ut, skal tygge litt på det. Hadde Sony RX100 for nokre år sidan. Tok jo veldig bra bilete, men var veldig irriterande med den dårlege batteritida. Håpar batteriet på G9X er betre.
  10. Takk for svar! Har også systemkamera frå Fujifilm, det tar veldig gode bilete, men er ofte litt stort. Smarttlefonen tar også fine bilete, men på tur likar eg best å ha med ein gammal knappetelefon.
  11. Hei, ser at dette emnet har blitt diskutert i 2023, men kanskje marknaden er anleis no. Er på jakt etter eit lite kamera som også kan ta opp video. Lav vekt, godt batteri, enkel betjening er plussfaktorar. Fann eit Olympus TG-7 på finn.no. Er det anbefalt?
  12. Interessant. Eg har prøvd meg litt fram med å variere høgda på brennarplata. Bensin taklar det meste unntatt største avstanden. Er du plaga med gule flammar ved bruk av parafin så prøv å bøye plata litt opp. Det blir då betre innblanding av luft og blå flamme. Randulf Valle posta ein test av Nova der han fekk høge gule flammar og høge CO-målingar med Nova på parafin. Tippar at brennarplata var blitt pressa ned for å hindre at den løsner.
  13. @dsk litt utanfor dette emnet, men eg synest å ha sett at du skreiv at du har to Nova, ein som brenn best på parafin og ein som brenn best på bensin? Har du tankar om kvifor det er slik? Kan det være ulik avstand opp til brennarplata?
  14. Men den sprekka der skal vel ikkje være der? Kanskje tette den med sølvlodding og sjå om det kan hjelpe?
  15. Eg har ein 111T som eg fekk mikrolekkasje under på. Det var min eigen feil, varma den for mykje i eit forsøk på å fjerne koks. Då fekk eg ein liten gul flamme ut frå eine stigerøret. Fiksa det ved å sølvlodde. Fungerer fint no. Men eg synest ikkje den flammen du har der ser så ille ut. Prøv å brenne ein tank eller to og sjå om det endrar seg. Om du har mikrolekkasje som gir underbrenning så vil du merke det, det er ihvertfall mi erfaring.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.