Gå til innhold
  • Bli medlem

sigvmar

Medlem
  • Innlegg

    2
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av sigvmar

  1. Artig at så mange nevner Alfa King! Har ikkje erfaring med denne sjølv, men hadde frå tidlegare inntrykk av at dette var ein robust sko. Den nye utgåva ser ut til å vege 1.5 kg for paret, som tross alt ikkje er så mykje meir enn mine noværande LaSportiva på 1.2. Denne skal eg definitivt prøve på foten dersom eg kjem innom ein butikk som har den. Crispi Skarven er nok også på vurderingslista. Lundhags Syncro er ein sko eg ikkje blir klok på, kanskje fordi eg ikkje har noko erfaring med denne type sko. Ser den manglar Gore-Tex men likevel skriv alle anmeldelsar at dette er ein solid og tett sko som sitt veldig godt på foten, men er det virkelig nødvendig med 1.8 kg? Hmm.. Takker for alle svar så langt. Skal tenke meir på dette, samt gå i butikkar og prøve litt.
  2. Hei, Kort oppsumert: Eg ønsker nye fjellsko. Dei må være holdbare og vanntette. Lett vekt er eit pluss, men først og fremst må dei være holdbare og vanntette. Bruk: Ca. ein overnattingstur i månaden (telt eller hytte-til-hytte) inkl. toppturar og kortare skogsturar innimellom. Går opp til 30 km på ein dag. Eg er ikkje så altfor stor og sterk så eg har vanlegvis lett oppakning (10-15 kg, sjølv med telt). Skal bruke skoa på ein tre-vekers tur i sommar så eg bør begynne å gå dei inn snart. Tidlegare erfaringar: Hadde Crispi lærsko i over 10 år som eg stelte litt dårlegare enn eg kanskje burde, men likevel holdt dei så lenge. Etterpå kjøpte eg LaSportiva som eg stelte litt betre med, men som likevel byrja å lekke etter eit halvår (eg burde sjølvsagt reklamert, men no er det litt i seinaste laget). Eg kjenner også to andre som har hatt problemer med holdbarhet på LaSportiva-sko og slikt kjem gjerne ikkje fram i ein test. Eg har sett litt på f.eks. Arc'Teryx Bora Mid2 GTX Hiking. Den ser veldig bra ut, men virkest litt pes å gå rundt i en konstant søledam ettersom det kjem vatn inn mellom skoen og "fôrsokken". Ein anna sko er Alfa Orre A/P/S GTX M, men den har veldig lite omtale. På ein sko med liknande materiale har eg sett to tilfeller her inne av at stoffet rivnar. Eg har nærmast mista litt trua på moderne turutstyr (har problemer med vann-"tett" jakke frå Norrøna også). "Lett" er sjølvsagt bra men har produsentane pressa ting litt for lett? Er det nokon som har anbefalingar å komme med til ein oppgitt turgåar?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.