Gå til innhold
  • Bli medlem

odd

Passivt medlem
  • Innlegg

    2
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av odd

  1. Har vore mykje i alpane siste 20 åra, men har til sommaren lyst til å gå frå hytte til hytte med 5 og 7-åring. Det har eg ikkje gjort før, men kanskje andre har tips til aktuelle område? Varighet 3-4 dagar. Distanse mellom hyttene tilsvarande max 3 timar for vaksne. Høgde under 3000 meter. Via Ferrata er uaktuelt, men litt stigar innimellom handterer vi.
  2. Saudehornet er eit flott og variert fjell med mange alternative ruter. 1. Frå Kyrkjetinden er det soloklatring grad 3. Eg likar best svasko her. Fall er fatalt. Det er viktig å berre gå opp her, ikkje ned. 2. Frå Vassdalen sør for Vassdalskaret er det 3 ruter: Alle desse rutene møter rute 3. a) Austveggen. Denne endar opp i ei svært bratt renne like aust for Austegga (frå Kyrkjetinden) (Det er også mulig å gå seg inn på austegga ved ein liten topp avbilda lenger oppe, under renna). Denne ruta er best med øks og stegjern før juni. Seglet. Startar på samme måte som a), men tek markert til høgre langt nede i austveggen og går opp ein skrå flanke som endar på breen på nordsida i ca 1100 m. høgde. c) Ei tredje rute som endar på samme bre som men i ca 1000 m. høgde. Oppgang nærare Vassdalskaret. 3. Frå Skorgedalen (Vartdalsida) kan de gå opp ved pyramidene vest for Bukkedalstinden (vest for elva). Dersom de vil på Bukkedalstinden er det nokså grei klyving opp egga frå nord etter at de har kryssa elva igjen. Egga kan følgjast vidare sørover og bort mot breen på nordsida. I juli og seinare bør stegjern vere med. Junitur er fint med berre stavar og evt. ei øks. a)Turen opp breen gir seg sjølv, og du passerer utgangen av rutene 2b og 2c før du må klyve litt på austegga for å nå hovudtoppen. Det er også fullt mogleg å gå opp litt laus grus i ei renne nord for Vesttoppen og følge nordegga opp til denne toppen (som er toppen du når med rute 4). Denne ruta er litt meir utsatt enn rute a). 4. Frå Skorgedalen (Ørstasida) kan du gå opp i Vasskoppen og vidare opp på Vesttoppen via Skålaskaret. Skålaskaret kan også nåast frå Ørsta sentrum. Herifrå kan du gå Vestegga til hovudtoppen, evt i motsett retning. Fin og enkel tur, men vestegga er luftig. 5. Normalvegen frå Ørsta står skildra mange stadar, og kan gåast på ein god time av dei aller sprekaste. Desse rutene er alle normalt gått uten sikring, og bortsett frå rutene 1, 2a og delvis 3b, kan dei fleste gå desse rutene med normal varsemd.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.