Jepp! Eg trur eigentleg vi er einige @REs, barn har godt av å vere ute, og historisk sett er det jo ikkje akkurat vogn og innliv som er det naturlege. Å sitte i meis er nok bra på mange måtar, men ein nyfødt baby treng god hodestøtte, og bør sitte med krum rygg for å unngå belastning på korsryggen. I ergonomisk korrekt bæretøy (som kangaen du har lagt ut bilde av, eller sjal, mei tai eller formsydd sele) sit babyen med rumpa lavare enn knærne, og har faktisk ein meir naturleg stilling enn om den ligg heilt flatt.
Menneska er godt utvikla for å bli bært i ulendt terreng, så forutsatt aldersadekvat bæretøy kan ein ta med seg barna ut på tur med god samvittighet!