Gå til innhold

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1071
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Lukke til med Barske Glæder... https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=14491&highlight=zapffe
  2. Tja... Kva skal ein seie om dette debattnivået her da? Det er vel ikkje så udokumentert da representanter for nevnte foreninger har vært ute i media og kommentert nettopp dette. Du skal forøvrigt få poeng for synsinga di da dette også er ein faktor som medverkar. Men det eine utelukker ikkje det andre her.
  3. Nei, eg "tog an ikkje". Realiteten er at GPS går på bekostining av kart og kompass. Og sjølv om folk har med båe deler så gidd dei ikkje lære seg bruk av kart og kompass da dei sett sin lit til elektronikken i GPS'en. Røde Kors og andre redningsgrupper kan bekrefte at folk kjem i nød på grunn av at dei stoler for mykje på nymotens utstyr og elektronikk. Dei fleste er nok litt meire ydmyke med eit kart og kompass på tur enn ein GPS. Med kart og kompass vil dei fleste forsøke å ungå drittvær, mens med GPS vil mange tenkje at det går nok bra, vi har jo GPS'en...
  4. Det samme vil gode kunnskaper om kart og kompass. Kart og kompass går heller ikkje tomt for batteri... GPS'en vil fort fungere som ei sovepute da folk trur den kan redde dei ut av alle kniper, noko som fører til at dei tek større sjanser. Er i stor grad enig med Springsteen her.
  5. Jotunheimen, Rondane, Dovrefjell og Romsdalen: Betre enn i fjor, men eg parkerer hagla i år også.
  6. Din kommentar til Snilens tur på Dzyarzhynskaya passer vel godt her og.
  7. Er usikker på om trådstartaren er ein del av mocumentaryen eller ikkje. Men om så ikkje er tilfelle, kan trådstarter da redgjera for kvifor naturlege forklaringer som hund, jerv og rev forkastast til fordel for ein søkt lanse/lammemannteori? Direktoratet for naturforvaltning har i samarbeid med Viltskadecenteret publisert eit hefte kalt "Spor og tegn" med informasjon om rovdyrs draps og skadeteknikker på sau. Skaff deg dette og les det! Det er heller ikkje uvanleg at sau kutter seg opp på kvist og brask ute i naturen. Men som ein representant for "bedrevitende sauebønder frå Oppland" har vel ikkje eg evnen til å sjå den konspirasjonen som du har nausta opp?
  8. Trur trådstarter allereie har bestemt seg for kva som drepte lammet: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=22023
  9. Unnskyld meg for å spørre, men er dette meint seriøst?
  10. Ok, takk for svar.
  11. Nokon som veit korleis det er å krysse Fortundalsbreen på veg til Tverrådalskyrkja når ein kjem frå Sota sæter? Er det greit å gå usikra der eller frarådes det?
  12. Eg betalte 20 tidlegare i sumar, men det er mogleg eg misforstod noko.
  13. Det er bru over Svoni likeved Maribu. Bruk sykkel frå snøheimvegen. Største problemet er moskus. Ein flokk av dei sperra vegen for meg ved brua på tur til Skredahøin i fjor.
  14. Dette innlegget er posta her og: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=21947 Heller mot rev. Reven kan fjerne hovudet. Ved oppdeling og bortfrakting fjerner den ofte hovudet og bogen fyrst. Hund kan heller ikkje utelukkast. Einaste måten å finne ut heilt sikkert på er obduksjon utført av kyndigt personell. Kva ein gjeng forumdeltakarar sitt å synser vil forbli nettopp det, synsing. Synes ikkje noko av det som står i bloggen indikerar den X-files statusen som bloggeren forsøker å gje inntrykk av.
  15. Økser og kniver er bruksreiskaper med andre nytteområder. Pepperspray er kun eit angreps/forsvarsreiskap.
  16. Både jerv og rev kan fjerne hovudet. Lammet kan være drept av eit dyr og spist på av andre. Foreksempel rev, grevling, rov og åtselsfugler.
  17. Ein del arkeologer meiner jeger og sankerfolka var sunnare, freskare og hadde like mykje fritid som vi har i dag. Tannråte, dårleg rygg og andre slitasjeskader kom fyrst med jordbrukssamfunnet. Dette baserast blant anna på skjelettstudier og funn av unødvendige pyntegjenstander frå den tidsepoka.
  18. Gruppa fekk ikkje ein gong forklart tydeleg til politi og redningsmannskaper kor mange mennesker som var i elva etter at ulykka var eit faktum. Ser for meg at den "spørre med handgestikulering måten" like godt kunne endt med samme resultat. At dei ikkje synfara var nok kardinalsynden. Men dei får nok også ein del ufortjent pepper for andre forhold av folk som har lite eller ingen erfaring med rafting. Blant anna politimannen som var intervjua på NRK 23 nyhetane laurdagskvelden. Dei lokale raftingselskapa har også eigne interesser i svartmålinga av private aktører i elva.
  19. Var i området der i går og det er ikkje nokon problematisk snøskavel på toppen i år.
  20. Fekk forklart at gruppa på Kyrkja hadde gått ruta rundt Panna og Kyrkjetjønna da forulykkede bestemte seg for å gå på ei meire direkte rute til toppen. Rutevalget vart vurdert som lite gjennomtenkt (diplomatisk omformulering frå mi si side....) av lokale kjelder. Det var vel ikkje kjente observasjoner av forulykka på toppen så om ulykka skjedde på veg opp eller ned er uvist. Men hadde han klart å ta seg opp der bør han ha fått støkk nok til å ta normalvegen nedatt???
  21. Gruppa prata knapt nok engelsk, difor den store forvirringa om antall forulykka rett etter ulykka. Utan at eg får sjekka det så tviler eg på at det er store mengder informasjon om rafting i Sjoa på russisk. Neppe mange lokalhelter å spørre som kan russisk heller. Men dei burde synfara elva.
  22. Gjekk opp mellom Store Langvasstind og Vestre Langvasstind for nokre år sidan. Noko laust og skakt men gjekk greit opp. Opp til Vestre Langvasstind er det ein tre/fire meter høg hammer som må klatrast. Turen videre mot Storstygge Svånåtinden (for eit navn...) er plankekøyring. Gjekk nedatt austryggjen frå Storstygge Svånåtinden, noko skakt der og men går greit for fjellvante.
  23. Eit poeng til er at om piggtråden ikkje er stram så vil dyra vikle seg inn i den. Det har vært ein del tilfeller der dyr har møtt ein smertefull sultedød fastvikla i ein piggtrådkvast.
  24. Les gjennom tråden, den var aldri i salg der. Eg fekk tak i eit pent fyrsteeksemplar til ein grei pris på eit antikvariat i Oslo. Følg med på www.antikvariat.net så kanskje har du flaks. NB: Kan ta laaaaang tid.....
  25. Dette er jo kun spekulasjoner men etter kva eg har lest om ulykkane ser Molladalssaken ut til å være eit tragisk uhell. Feil person på feil stad til feil tid. Ved Bukkelægeret var det ingen som såg sjølve ulykka men personen vart forsinka og ein kan anta at han stressa litt for å nå att resten. Snubler du ein gong nedover Bukkelægeret kan det fort være nok. Det faktum at han var fjellvant kan ha ført til at han følte han hadde god kontroll og tok større sjanser. I tilfelle Kyrkja står det i enkelte artikler at han falt på veg opp, i andre på veg ned. Ein meire nøyaktig posisjonsangivelse av ulykkesstaden ville gjort det enklare å dra eigne konklusjoner. Men det kan tyde på at han avveik frå den vanlege ruta for å finne ein eiga veg opp eller ned. I etterpåklokskapens ljos er det tydleg at det var eit uheldigt valg som førte han ut i feil terreng. Det er ofte tilfeldigheter og flaks som gjer at ting går bra. (Noko også M.H. poengterar i denne artikkelen: http://www.fvn.no/nyheter/article779930.ece ) Sjølv fekk eg nesten ein seilas med ei steinblokk på eit par tonn tidlegare i sumar. Hadde eg stått 30 centimeter til sida ville dei sikkert brukt ordet "fjellvant" i nekrologen min og sjølv om eg ikkje nødvendigvis er enig. Flaks redda meg, erfaring hadde mindre å seie. Eg har ein mistanke om at det er mange andre "erfarne" fjellfolk som vert redda av det samme.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.