Gå til innhold

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1071
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Det vil bli ein lang dag men bør ikkje være noko problem om du er i grei form og er litt fjellvant.
  2. Vatnstanden går raskt nedatt om det ikkje kjem noko meire nedbør. Ta turen inn og sjekk korleis det er ved Storkroken. I verstefall får du leggje både tur og retur om brua ved Glitterheim. Det er sykkelutleige ved parkeringsplassen til Glitterheim så du treng uansett ikkje gå heile vegen inn og ut til Glitterheim (sykkelutleiga koster 150 kroner tur/retur). Eg er ikkje kjent langs Veo så korleis det er å ta seg over lenger nede (eller oppe) skal ikkje eg uttale meg om.
  3. Alle bekkane oppover mot mot Valdresflya er flaumstore. Fredag var det ekstremt, det hadde gått ned litt i går men er truleg langt over normalen fortsatt. Eg antek det er same situasjonen i Veodalen.
  4. Med auka trafikk i fjellet (og i ein del tilfeller lågare kunnskaps/erfaringsnivå) vil ulykkesantallet gå opp.
  5. Du vil finne reint drikkevatn langs heile den ruta du skisserer.
  6. Vegen er i utgangspunktet ope men forsvaret kan stenge den ved behov. Meire info: http://www.forsvarsbygg.no/newsread/news.asp?docid=10874
  7. Enkelte vil meine at politiet bør bruke ressursane sine på andre ting enn ATV jakt.
  8. Og kva andre løsninger er det for å redusere misbruket med ATV?
  9. Om du sørger for å tørke skoene ordentleg etter bruk vil noko av luktproblematikken forsvinne.
  10. Korleis er snøforholda på Innerdalstårnet no?
  11. Det er ikkje spesielt smalt nokon stader der men litt bratt. Når eg gjekk der for nokre år sidan var det lagt ut kjettinger på dei brattaste punkta. Det er sikkert greit for mindre høgdesterke men ikkje nødvendigt. Enkelte meiner Bukkelægeret er verre enn Besseggen andre motsatt. Uansett er det ein fin tur som kan anbefalast.
  12. Om nokon av dalane skal vernast bør det være på grunn av spesielt verneverdige naturforhold (dyr, planter, et cetera). Kva oppfattning folk har om gåturen opp gjennom dalen er temmeleg irrelevant for verneformålet. Er det nokon dokumentasjon på at vegane inn til Leirvassbu og Spiterstulen har spesielt negative konsekvensar for miljøet/naturen i Leirdalen eller Visdalen? Og før nokon byrjar å kverulere på det, eg forstår sjølvsagt at vegane har ei viss innvirkning. Spørsmålet er om innvirkninga er så stor at vi ikkje kan akseptere videre trafikk inn der?
  13. Framhevinga av Rondvassbu og Glitterheim er lite egna. Rondvassbu har vegen ope inn til Spranget, kun seks kilometer frå hytta og med ein stor parkeringsplass midt i eit viktigt villreintrekk. Glitterheim har veg langt inn i Veodalen.
  14. Er det nokon her som veit noko om skiføre rundt Trollstigen no etter at vegen har opna?
  15. Nokon som veit kor langt inn Lordalen ein kan køyre no og korleis skiføret er innover?
  16. Ja ja... Sånn går det når eg synser vilt og uhemma...
  17. Vell, etter å ha tatt ein ny kikk på bilete heller eg meire mot Klenegga. Har ikkje sett Klenegga frå nord men har sett Gråhøa frå nord og synes det ser litt vel alpint ut til å stemme med den.
  18. Tviler på at du ser så mykje av Jotunheimen. Vil gjette på at det kanskje er Gråhøa i Reinheimen du ser. Alternativet er Klenegga og Bruabottmillo.
  19. Nautgardstinden og området rundt er relativt enkelt men i slutten av Juni vil det nok være fottur og ikkje skitur som er mest aktuelt. Skal du raske med deg alle toppane du beskriv vil du få ein lang tur men den bør være overkommeleg for dei fleste. Du bør ha over gjennomsnittleg orienteringskunnskap så du kan finne vegen utatt i tilfelle dårleg vær. God tur.
  20. Neste gong du er i alpinbakken eller ved anna egna område kan du prøve det ut litt utanfor løypa. Du vil nok fort oppdage at det er behagelegare å investere i meire egna utstyr.
  21. Kjem an på når på året du har tenkt deg dit men om du drøyer turen til sumaren og tek ein sykeltur inn til Maribu og ned vegen mot Grøndalen har du relativt gode sjanser. I tillegg sparer du bortkasta penger på safari.
  22. Er enig i at elgjakta er dyr men det har i mindre grad noko med bestanden å gjera. Kvotane er ikkje sett av grunneigarane og kvotane vert som regel oppfylt. Ergo må større kvoter til.
  23. Hadde du gått over Murua innunder Sjugurdstind og fulgt den sida oppover ville du fått god skare. Samme med ryggen innover over bjørkeskogen.
  24. Når antall viltpåkøyrsler auker og jaktuttaket ligg på nesten 40.000 årleg (elg) så seier det mykje om elgstamma. Følg med ekstra godt i skumring og grålysning so auker sjansen din for å sjå elg. Dyr er vanskelege å få auga på om du ikkje veit kva du ser etter og ikkje aktivt bruker blikket etter dei. Og fordi om du ikkje har sett elg vil ikkje det seie at den ikkje har sett deg...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.