Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 061
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Innlegg skrevet av Gal Krokfot

  1. Rute 1 på kartet til Vagvær er ei av normalrutene til Rasletind men rasfare bør vurderast. Vi løyste ut

    ras på den ruta no i påska.
     
    Har køyrt ned fonna Lompa omtaler ein gong. Den er brattare enn fonna på normalruta men kan greitt

    køyrast av kunnige. Nedfarten er som kommentert bratt og aukande helling nedover får ruta til å "forsvinne"
    noko som gje ein del ekstra sug i magen. Følast som å køyre mot ein stupkant sjølv om ein veit det løyser

    seg opp.
     

  2. @Pearl: Trur eg hadde satsa på buss til Mysusæter.
    @Larsdx: Har vitja både Rondslottet, Storronden og Veslesmeden dei siste vekane. Gjekk heile vegen opp på Storronden på fjellski

    helga før nemnte gruppe snudde. Rondslottet er steggjerntopp frå sør. Normalruta til Veslesmeden er grei men også sørsida ned til

    Indre Kaldbekkbotn (solside) på Veslesmeden var glasert. 

    Mykje spesielt føre i Rondane no, mogleg snøværet i helga endra det noko men helst har det blåst/smelta bort att allereie...

  3. Dassa litt rundt i Rondane førre helg. Greitt med snø i område rundt Rondvassbu (det er tross alt Rondane så det

    er litt begrensa kva ein skal forvente). Hardt på topper og i solsider. Møtte folk som hadde snudd på Storronden da

    dei ikkje kom opp utan steggjern.
    Det kom litt snø i helga som kan ha gjort det betre.
    Jo lengre nord i Rondane du kjem jo dårlegare er det med snø. Dei vurderer å halde Grimsdalshytta stengt i påska

    på grunn av manglande snø.
     

  4. Kan godt stemme. Har tre par steggjern og to av dei har ikkje gummibeskyttelse, men det er

    petzl og Black Diamond. Det tredje paret er Grivel og dei har gummibeskyttelse.

     

    Elles ser ikkje eg nokon forskjell på dei avbilda jerna bortsett frå at innfestingsskruen til plastikkplata

    er forskjellig. Men det kan være (sansynlegvis er) vekt og material forskjell.

     

  5. Bruk avgjer val.
    Skal du klatre is, gå skarpe toppar, gå på bre eller berre tusle rundt på ein hål gardsplass?
     

    Forskjellen på avbilda steggjern ser ut til å være gummibeskyttelsen på mellomleddet.
    Elles går forskjellen i material val (styrke og vekt), antal piggar, frontinnfesting, hælinnfesting,
    vertikale eller horisontale frontpiggar, plastikkløysing på undersida for å motverke klabbing,

    pluss ein del andre tekniske finurlegheitar.  
     

  6. Rypestammen synes jeg det virker som er på opptur i mange områder også.

     

    Er vel godt på sida av diskusjonsemne no, men.... :)

     

    Ein skal ikkje mange år attende i tid før det var heilt andre tal på felte ryper enn i dag. Skal bli interessant å sjå kva

    fellingsstatistikken seiar om 2014/2015 sesongen men det er ikkje nødvendigvis bra sjølv om det er betre enn 2012/2013

    sesongen...

     

    http://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/srjakt/aar/2014-08-11?fane=tabell&sort=nummer&tabell=190711

     

  7. Vel, no er det rettnok ikkje formelt vedteke enda sjølv om det ser ut til å gå i orden.
    Bevilgar meg likevel ein liten sup med noko brunt brennvin og håpar på det beste.

     

    Berre rypestamma tek seg oppatt til eit fornuftig nivå no, so skal hagla snart ut av

    skåpet og få litt fjell luft att.

     

    • Liker 1
  8. Jeg vil utfordre deg til å dokumentere dette?

     

     

    Diskusjonar på verdsveven er noko herk. Ein slenger ut ein påstand, logger av og når ein loggar på att eit par dagar seinare er påstanden

    "grusa" og diskusjonen er for lengst over. Men hansken er kasta og eg skal forsøke å plukke den opp...

     

    Les avsnittet under barnevenleg her: http://no.wikipedia.org/wiki/Tamhund#Statistikk

     

    Skroll nesten ned til midten og les kommentaren til Norsk Kennel Klub og Norges Jeger og Fiskerforbund her: 

    https://www.regjeringen.no/nb/dokumenter/otprp-nr-48-2002-2003-/id172933/?docId=OTP200220030048000DDDEPIS&q=&navchap=1&ch=14

    Sitat: En undersøkelse for vel 20 år siden, viste at de fleste hundebitt var forårsaket av hunder av rasen Golden Retriever. Grunnen var ganske enkelt den at da var rasen den tallrikeste i Norge. Nå er schäferen den vanligste. Sitat slutt. (Ok, 20 år gamal i 2002, men...)

     

    Dansk undersøking som plasserer GR høgt oppe på statistikk over både bitt mot folk og andre dyr:

    www.fairdog.dk/elements/.../2012_undersoegelse.pdf

     

    Sjølv las eg om det på VG, DB eller noko liknande men finn ikkje att den artikkelen.

    For andre interesserte er det berre å google hundebitt, statistikk og GR. Det er eit bikkjeslagsmål om temaet, sjølv på hundeforuma.

  9.  

    Uansett: Det finnes ingen grunn i verden til at en vanlig Golden Retriver skal påtvinges dette frihetsberøvende båndet. Den kommer neppe til å gjøre noe som helst galt, og i alle fall ikke av særlig graverende karakter. Svært mange andre raser er som den.

     

    Golden Retriver har tidlegare toppa bittstatistikken i Norge. Delvis fordi den er av dei mest utbredte rasane men også fordi GR er ei rase som lett

    kan ty til biting.

    Bandtvang er ikkje berre for å beskytte folk men i like stor grad (eller større grad) for å beskytte bufe, fugl og vilt. Og her er nok ikkje GR noko 

    mindre aggressiv enn dei fleste andre hunderasar.

    GR er med andre ord eit svært dårleg eksempel på kvifor bandtvang er unødvendig.

    • Liker 3
  10. Allereie den grunnregelen din om nord/syd sider vil ofte være feil for eksempelvis

    Rondane da nordsidene der som regel er avblåste og snøfrie. Men som Dag G

    og afe seier, vurderinga der og da er såpass essensiell at ein generell regel

    vert lite nyttig.

  11. Faller nesten av stolen no...
    At tømmerhogging er godt og fint arbeid er eg einig i, men at det er noko ein kan lære på nokre få timar???
    Motorsag er særs farleg reiskap og det er mykje som skal takast omsyn til når ein feller eit tre, spesielt i

    vanskeleg terreng. "Nokre få timar" med opplæring vil berre gje ein overflatisk gjennomgang. Og om ein skal

    byrje å dra hest inn i terrenget i tillegg...???

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.