Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 061
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Innlegg skrevet av Gal Krokfot

  1. Tør ikkje være bastant, men det vil overraske meg litt om Romsdalshornet på 1550 meter stikk opp på så
    lang avstand. I tillegg til toppar i siktelinja har også jordkrumminga ein del effekt på denne avstand.
    Karlskråtind, Kleneggen og Bruåbottmillo skal nok kanskje inn i dette reknestykket saman med Venjetind.

    Edit: Kanskje også Kvanndalstindan?

  2. Avhengig av takhøgde og tauglengde til rådigheit kan du feste tauge på bakken frå eine
    sida (hengarfeste, ambolt, svigermor eller liknande), over mønen og ned til bakken på
    andre sida. Ha nok slakk til at du kan leggje inn knute på vedlagt foto ved mønen.
    Sikre deg med prusik på veg opp og ned på taket. Slynge og carabinkrok inn på knuten
    ved mønen under arbeid.
    Om du kjem til å bruke litt tid på taket vil ei lita arbeidsplattform være til nytte. Forskjellen
    på om du står godt på eit tak eller ikkje går ved 30/31 grader (tørt tak sjølvsagt).

    Fortsatt på eiga ansvar... :)
     

    IMG_0635.JPG

  3. Klatretaug og klatresele er i utgangspunktet ikkje godkjent sikring for takarbeid (brukar det sjølv likevel).

    Legg eit par slynger rundt pipa og link deg inn på dei. Det burde halde, men sidan rådet mitt ikkje er reglementært vert
    det på eiga ansvar.
     

  4. 41 minutter siden, Omnilite skrev:

    Å-en i kortfellefestet er kun kosmetisk, er limt med dobbelsidig tape, så den er bare å feste igjen om den ikke fordufter når den en eller annen gang faller av. Ved reklamasjon på den kan en nok ikke forvente stort annet at en får en ny "Å'dings", enten tilsendt eller butikken setter den på.

    Joda, innser det eg også (og skriv det forsåvidt også - for å sjå kva eg eigentleg klagar over les post #1 og #3).
    Poenget mitt med å kommentere dette var at når bitar faller av eit produkt før ein har fått teke det i bruk styrkar det ikkje kvalitetsfølelsen noko vidare...
    Men rett skal være rett, Å'en falt tidleg av dei gamle Combatskia også og dei held i nesten to år etterpå.:? 

  5. Intensjonen med tråden var å få svar på om eg var "vanskeleg kunde" som forlangar nye ski/utbetring
    for tredje gong ved utløpet av reklamasjonstida. Svar fått og dimed kan debatten rulle vidare på merke/kvalitetstema.
    Som fleir allereie har gjetta er merke Åsnes. Dei to fyrste para var Åsnes Combat og siste var Åsnes Ingstad. Hadde
    allereie ved førre reklamasjon mista trua på Åsnes så om reklamasjonen no vert godkjent vil eg be om å få bytte merke.
    Fyrste opplevinga med Ingstad var at Å'en på kortfellefeste spratt av da eg slapp skia ned på bakken frå ein halvmeters
    høgde. Dette hadde sjølvsagt ingen praktisk betydning, men verka svært lite tillitsvekkande.

    Har søkt noko rundt på verdsveven og finn mykje dårleg reklame for Åsnes. Spørsmålet eg no stillar er om antall problem
    er "innafor" med tanke på antall ski dei har solgt eller om kvaliteten rett og slett er for dårleg? Eiga erfaring går i retning
    dårleg kvalitet, men nasjonalfølelsen min vil gjerne høyre at eit norsk skimerke (dog produsert i utlandet) borge for kvalitet.
    Så verdsvev, kan dykk opplyse meg? :)  
     

  6. Fyrste paret knakk på flat mark midt under foten.
    Andre paret knakk rett under hælen i svak oppoverbakke.
    Tredje paret vart stålkanten på veg ut oppdaga under omlegging av feller.

    Sjølve knekktidspunktet trur eg er uvesentleg da det berre er dråpen som får begeret
    til å flyte over. Brukar skia mine på toppturar (som dei er meint for) og difor sjeldan eller
    aldri i løyper. Køyrestilen er relativt pysete og forsiktig. Skavlar og dumper med påfølgjande
    fall kan likevel opptre, men mine gamle, lengre, smalare og mjukare fjellski til ein rimelegare pris
    tola over ti år med same behandling og er fortsatt heile...
    Forøvrig visar eit kjapt søk på verdsveven at eg ikkje er den einaste som har hatt problem med dette
    merke.

     

  7. Årsskifte 2011/2012 kjøpte eg meg nye fjellski. Skia eg kjøpte var dyre og reklamert med å være
    av dei beste fjellskia for topptur og ekspedisjon på marknaden.
    Mai 2013 knakk eine skia tvert av langt inne på Strynefjellet midt i vårløysinga. Reklamerte og fekk
    nye ski. April 1015 var eg på tur opp på Strengen (Surnadal) og dei nye skia knakk. Reklamerte på
    nytt og fekk nye ski, men denne gongen bytta eg modell og gjekk ned på lengde på grunn av misstru
    til merke. I går oppdaga eg at stålkanten var knekt på dei også.
    Spørsmålet er om det er urealistisk å forvente at dei skal ta det på reklamasjon enda ein gong? Det er
    tross alt fire og eit halvt år sidan eg kjøpte skia så dei har helde meg med ski tilnærma ut reklamasjonstida.
    Om dei aksepterer reklamasjonen vil eg også tru løysinga er å lime stålkanten. Ei løysing eg er skeptisk til
    da eg anser problemet for å være kvaliteten generelt på skia og liming truleg berre dekker over problemet
    midlertidig.
    Angåande bruken så brukar eg vel truleg skia mine litt meir enn gjennomsnitt, men meiner bruken min ikkje
    er spesielt hard. Spesielt ikkje med tanke på at det er/var toppmodellane til dette merke og dei marknadsdsførar
    seg mot både min bruk og meir ekstrem bruk.
    Har bevist ikkje nemnt kva merke det er prat om da eg ønskjer diskusjonen skal gå på kva ein kan/bør forvente
    av reklamasjon og ikkje kvaliteten på gjeldane merke (sjølv om deg også er ein interessant og aktuell diskusjon).

    Så bør eg gå til butikken å klage og om ja, dersom klaga vert akseptert skal eg være fornøgd med liming eller
    forlange nye ski?

  8. 19 minutter siden, Miss Winther skrev:

    Jeg kjenner deg ikke, men merker at hatten er høy og huden er tynn.
    Spørsmål etter "Case closed" skal jeg fortsette med, for å sile ut de jeg har satt i sjakk matt. ;)

    Interessant.
    Mogleg eg har heilt feil sjølvoppfatning, men eg vil tru svært få av dei som kjennar meg vil bruke karakteristikkane
    "høg hatt og tynn hud".
    Tips fire: dropp personangrep/karakteristikkar til fordel for tidlegare nemnte saklege argument for å sette folk sjakk matt. ;)

  9. 16 minutter siden, Miss Winther skrev:

    Og du må tåle TS's svar på eventuelle svar. Case closed. PS. Både du og GeiHar er helt off topic. Må jeg tåle det og?

    To tips:

    For det fyrste, om du skal avslutte ein diskusjon fungerer saklege argument som sett meiningsmotstandar sjakk matt betre
    enn eit "case closed".
    For det andre, når du fyrst har sagt "case closed", ikkje følg opp med eit spørsmål.

    Kva spørsmålet ditt angår. Eg synast ikkje Geihar var off topic og i den grad eg var/er det er du med å dreg det ut. Forumtråder
    som held seg strengt til topic er svært sjeldan vare både her på fjellforum og andre fora. Digresjonane kan også være like
    interessante som tema i seg sjølv.
    Så svaret på spørsmålet ditt denne gongen er ja, det må du tole.

    Bonustips: Ikkje ta alt så personleg. :)

    • Liker 1
  10. 11 minutter siden, Miss Winther skrev:

    Og hvis jeg er hårsår, så er det et problem for deg?

    Forsåvidt ikkje, men du stillar spørsmål på verdsveven og da bør du også tole svara. Du syntes GeiHar's svar var ufint,
    eg er uenig. Forum som dette brukast like mykje til å informere andre som ts, så når du som ts argumenterer for eit
    tema må du rekne med nokon vil argumentere mot. Lik det eller mislik det, men du vil få store problem på verdsveven
    (og i livet elles) om du ikkje kan taklar det.

    Hilsen værturisten. (Haha! VÆRTURIST! Fjellet er for alle, og det er det som er så bra. Du kan få bli med du og, og så kan jeg minne deg på at du kan dø på turen, i tilfelle tanken ikke streifet deg da du pakket pulken!)

    Om du les mitt innlegg ein gong til vil du sjå eg presiserer min manglande kunnskap til å "dømme" deg. Om du derimot
    følar tittelen passar står du fritt til å titulere deg akkurat som du følar.
    Så vidt eg kan sjå står det heller ikkje noko i mitt innlegg om kven fjellet er for og ikkje. Derimot har eg ein kommentar om
    erfaringsnivået til ein del fjellfolk. Noko Røde Kors, politi og fjellredningstenesta også poengterer i diverse avisoppslag med
    jamne mellomrom. Og surprise surprise... Også dei åtvarar om at folk kan døy ved å referere til tidlegare dødsulykker.

    Forøvrig går ikkje eg med pulk.
     


     
     

  11. Er det ikkje litt vel hårsårt å reagere på åtvaringar om at fjella potensielt kan ta liv?
    Kjennar ikkje ts turkompetansenivå, men på generell basis sitt eg med eit inntrykk av at mange
    fjellfolk no til dags er værturistar med lite erfaring med dårleg vær og den dagen metrologane bommar
    alvorleg kan det nok fort ligge strødd med "lettpakkarar" rundt omkring i etterkant.
    Er det da feil å påpeike at nemnte fjellområde kan være spesielt vind/værhardt og konsekvensane
    kan være døden i ekstreme tilfeller?
    Merk at dei tre studentane var erfarne.

    Nokre Karolinere hadde også ei noko uheldig utflukt i nærleiken i sin tid...

    • Liker 1
  12. Elva i Memurudalen heitar også Muru.

    Eg dreg litt på e'en i uttala, men so er eg midtdøl og ikkje norddøl.

    Opphavet til namnet er vel so interessant. Lars Ekre brukar fem sider på å drøfte det i "Stadnamn frå Midt-Jotunheimen".
    Alternativa er blant anna; Midt på vatnet/midtre dalen, midt på morgon(?), hest (merr), marr (sjø) og mara (som i skubbe eller
    grave).
    Sjølv kan eg føye til muru (mare) som i mareritt (vanskeleg elv) og murre (onomatopoetikon).
    Held ein knapp på enten hest eller mareritt (som forsåvidt også har hest som utgangspunkt).  

  13. Ein kan like eller mislike utviklinga, men å forsøke å forby seg bort frå den er nok ei
    relativt håplaus affære.
    Som Per Fredrik har eg verken GPS, SPOT, PLB (kva er det?) Inreach og ser heller ikkje noko
    behov for det. Har dog ein mobil som ofte manglar dekning. Det får greie seg for meg, andre får
    skjønne på for seg sjølve. Å forby alternativa derimot er ein blindveg.

    PS: Er det nokon som har ein link til hendinga?

  14. Vel, da har du Dovrefjell med mange enkle teltplasser og enda fleir toppar.
    Nemnte Gråhø brukar å ha ein stor vinterbrøyta parkeringsplass ved Skårålia der ein kan campe.
    Vegen inn Øldalen er brøyta nesten til Skjedalen om du vil forsøke Saukampen. Mukampen kan vitjast
    frå Murudalssida. Vegen er brøyta forbi Bjørnstad og Stulen med ein grei parkeringsplass å campe på ved
    oppkøyringa til Musætrin.
    Dreg du opp Bulia ved baksia sør for Otta kan du køyre inn til Busætrin og campe der før du vitjar Søre Svartkampen.
    I fjorvinter var det brøyta inn til Horgesætrin, reknar med det er brøyta i år også. Frå Horgesætrin er Jetta lett tilgjengeleg.

    • Liker 1
  15. 6 timer siden, Kjell Iver skrev:

    I fjor høst kom en Frp poltiker på banen med ønske om å fjerne vernet av Vefsnanassdraget. Nå er Høyre også på banen med samme planene. 

     

    Spørsmålet da er kva er poenget med å verne områder om vernet berre kan fjernast med eit pennestrøk?

    5 timer siden, Heriks skrev:

    Hipp hurra for fornybar energi altså, men man burde strengt tatt ikke få lov å bygge et eneste nytt på hverken vind eller vann før man hadde oppgradert og modernisert de gamle så man fikk maksimalt utnyttet de miljøødeleggelsene som allerede er godkjent og gjennomført.       

    Energibransja tenkjar vel heller at det er best å bygge ut mest mogleg mens dei enda får lov og så kan dei modernisere dei gamle seinare.

  16. Abonnerar på Fri Flyt utan at eg skal skryte alt for mykje av innhaldet. Abonnementet står vel fortsatt mest på grunn
    av gamal (u)vane. Har vurdert å bytte til Ute men av det eg har lest i det ikkje funnet det bryet verdt.
    Som DNT medlem har eg også Fjell & Vidde. Kan ikkje seie eg står ved postkassa og ventar i spaning på det heller.
    Generelt synast eg frifluftlivsmagasina er prega av alt for mykje reklame, inkludert utstyrstestar som eg er begrensa
    interessert i, overflatiske og gjentakande artiklar.

    Det abonnementet eg har mest glede av er Pondus, men det er vel kanskje litt på kanten av kva ts spør etter...

    • Liker 2
  17. Ukvalifisert synsing på gang no, men...
     
    Massa framfor er vel morenemasse. Om det da er den lagt opp av breen eller restar frå ei dødisgrop vitas ikkje. Ras frå fjellsidene
    rundt kan også være årsaken. Sidan den ifølgje kartet er over 20 meter djup må det være svært "luftig" masse sidan det ikkje er ein
    dam der. Angåande steinbrot er det innteikna taggar på kurvane på mine Uglandkart frå 1999 mens 2010 kartet frå Ugland ikkje har
    det. Taggane er vel for å symbolisere grop og ikkje høgde(?) sjølv om eg også tenkte gruve når eg såg dei.

    Forøvrig er det store områdar med steinbrot rundt Skjerrelhøa, Skjerellfjellet og Steinbudalshøa litt lengre sør i Rondane. Skjerrel
    er det gamle uttrykket på skiferhelle i dalen og det er da sjølvsagt også skiferbrot ein finn i det området. Kjøremsbua var vistnok
    bygd som overnattingsbu for skiferarbeidarane.
     

  18. Skia bør være glida på vanleg måte før du legg på feller. Alt av skismøring bør også bort fyrst.

    Etter bruk bør fellane få tørke elles kan dei mugne. Over sumaren bør du leggje dei på nettet eller folien som
    følgde med og ideelt sett skal dei vistnok ligge i frysaren.  
     

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.