Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 061
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Innlegg skrevet av Gal Krokfot

  1. Da er turen gjennomført og det har vært fantastiske forhold stort sett heile vegen!

    Starta Onsdag 28. Mars frå Hjerkinn. Hardt skareføre frå Hagesæter og innover fjellet til nedkøyringa til Grimsdalen. Stikkinga var lagt nord for Tverrådalen i år også men på deler av den løypa så var det ikkje att snø. Nedkøyringa til Grimsdalen var prega av gjennområtten snø gjennom bjørkeskogen så der må nok skiene av og bæres nedover nå.

    Ifølge vertsskapet på Grimsdalshytta så var det ei alternativ rute over Kattuglehøe og Gråhøe som skulle være bedre.

    Dag to til Dørålen: Ingen snø i bunnen av Grimsdalen så det vart skibæring eit lite stykke bort til bjørkeskogen på andre sida av Grimse. Siden oppover mot Gravhøe der stikkinga går mot Øst fortsatte eg oppover mot toppen der det såg ut til å være meire snø. Fulgte stikkinga østover fire/femhundre meter lenger oppe og kom innpå att ved nedkøyringa til Haverdalen. Også her var nedkøyringa prega av svært råtten snø og mange store barflekker. Over Haverdalsåe og opp gjennom Dørålglupen var plankekøyring. Rundt Østre Stygghøa såg det ut til å være mye bæring.

    Dag tre: Litt meire ruskevær, grått og vind men turen fortsatte til Bjørnhollia over Høgronden.

    Lange skibæringsetapper denne dagen. Først frå Atna og over Skranglehaugan til Vidjedalsbekken. Siden eit godt stykke opp langs Neverbukollen. Dette kan lett unngås ved å gå ein stor halvsirkel oppom Vidalsflye. Frå foten av Høgronden, over toppen og ned på Sørsida til litt over høgda på Garvagh hytta var det klatring i ur. Det var ikkje nokon spesielt vanskeleg etappe men du bør være vant med vinterbestigninger for å ta denne toppen. Siden valgte eg ei litt meire vestleg rute ned frå Høgronden enn sommerturløypa (kom ned vest for Søre Oksle). Med dette så slapp eg å bære skiene eit godt stykke ned frå Søre Oksle og ned i Langglupdalen. Ned resten av Langglupdalen var det ishardt skareføre og eg tok knapt eit stavtak før eg stod nede på veien til Bjørnhollia. Dei som fulgte stikkinga rundt Bergedalen og ned Langglupdalen hadde hatt bra løype stort sett heile vegen.

    Dag fire: Gjennom Vulufjell, over Hornflågan, ned Hornflågådalen, over Gomyrin, oppatt Steinbudalen og ned Glitterdalen til Rondablikk. Masse snø, hardt skareføre, fantastisk gli og bra feste. Dog, på slutten av dagen så hadde sola bearbeida snøen nok til at eg begynte å få gjennomslag.

    Summa sumarum: Ein fantastisk tur, køyr på, dere kjem ikkje til å angre. Men dere må nok belage dere på å bære skiene ein del meire enn eg måtte. Hadde det ikkje vært for at eg må sitte inne å behandle mitt indianeransikt skulle eg slått følge. :wink:

    Solkrem er for pyser... :roll:

  2. Det er også muleg å starte turen langs Gjende og gå direkte opp på eggen derfra. Du vil da komme opp på eggen ca ein tredjedel frå toppen. Gjekk denne vegen (i motsatt retning) i fjor saman med ein kamerat som hadde sverga på at han ALDRI skulle gå Besseggen pga alle folka der. Men sjølv han var overvelda over kor fin turen var. Rett nok så gjekk vi turen langt ute i September da det nesten ikkje var nokon der.

    Det går eit råk opp denne ruta mellom Gjende og Besseggen, men råket er dårlegt og forsvinn fleire steder så ein bør være oppmerksom. Det er nok betre å gå opp denne ruta enn ned slik som vi gjorde.

    Ellers så har eg eit inntrykk av at dei fleste som svartmaler Besseggen ikkje har gått der sjølve.

    Knutshøe som er anbefalt over her er også ein veldig fin tur. Saman med f.eks Bukkelægret så er det alternative ruter med mindre trafikk.

  3. Har gått turen frå Hjerkinn og Sørover Rondane eit par ganger før på vinterstid og den kan absolutt anbefales.

    Syssler for tiden med tanken på å ta turen på nytt uka før påska og kan eventuelt legge inn turrapport etter det.

    Føret på denne tida av året bruker å være hardt skareføre, men med den hetebølga vi har hatt i år så er det kanskje

    fare for råtten snø?

    Stikkinga var flytta nord for Tverrådalen ved Grimsdalshytta pga ekstrem snøskredfare da eg gjekk der før påska 2006. Eg

    veit ikkje om dette var eingongstilfelle eller om løpa blir flytta fast. Men der stikkinga gjekk ned i 2006 var det ingen

    snøskredfare slik geir-a over her advarte mot.

    Vist dere har tid så bør dere også legge inn ei overnatting på Bjørnholia også.

    Er det bra vær og stjerneklart så bør dere også ta ein kveldstur i Dørålen for å lytte til rype. Eit av mine beste fjellminner

    er da eg gjekk opp gjennom Dørålen ein sein Marskveld for nokre år siden og rupa spilte alle sted opp gjennom bjørkeskogen.

  4. Hei!

    Planlegg ein tur til Falketind førstkomande Søndag.

    Har ikkje steggjern eller tau og liten kunnskap om brevandring, men er

    generelt bra fjellvant.

    Ruta er opp til andrevatnet (1227). Følge bekken frå Stølsnosbreen oppover og ta

    toppstøtet frå Øst.

    Kan denne turen gjennomførast på ein trygg måte?

    Og korleis bør vi gå etter Stølsnosbekken?

  5. Hva mener du med at Stavkirke og Bunad ikke er ekte norsk? Bunad er navnet på vår nasjonaldrakt. Stavkirker er særnorsk. Selv om kirker i andre land kan være bygd etter stav prinnsippet er de norske stavkirkene unike i sin utforming. Rakke ned på slike ting er forædersk.

    Stavkyrkjer, bunad, rosemåling og dei fleste andre såkalt "særnorske" tradisjoner er importert frå utlandet. Men mens andre land utvikla seg så låg Norge i bakevja utover middelalderen og beholdt dei gamle tradisjonane.

    F.eks den røde, norske nisselua er eit symbol henta frå den franske revolusjonen.

  6. Problemet som du vil oppdage når du møter en muslim er at de ikke respekterer deg, uansett hvor mye du som naiv tulling forsøker å respektere dem så vil de rappe proviant fra selvbetjeningshyttene over en lav sko. Koranen gir lovene, og koranen står langt over norsk lov for enhver muslim, hvilket forklarer mye av kriminaliteten.

    Kjenner fleire muslimer og har ikkje noko problem med dei.

    Alle innvandrere er heller ikkje muslimer. Men la oss ta utgangspunkt i muslimer. Vil det ikkje være positivt for Norge om muslimske innvandrere tek opp norske tradisjoner? Vil ikkje betre intergrering også skape større forståelse for dei norske tradisjonane og normane?

    Det er ein tysker og ein svenske som har vært det største probleme for DNT sine sjølvbetjeningshytter. Skal vi forby alle tyskere og svensker å oppholde seg i fjellet også?

  7. At det går an.

    Først så klager dere over at innvandrere er overrepresentert på kriminalstatistikken og ikkje lar seg intergrere. Deretter klager dere når innvandrere skaffer seg sunne interesser (les: gå i fjellet) og forsøker å tilpasse seg. Hykleriet lenge leve!

    Til opplysning: I fjellet gjelder allemannsretten. Den omfatter også alle mennesker dere ikkje liker uansett dumme årsaker. Eller ønsker dere eit diktatur/aparthaid system for å holde fjellet "rent"?

    Underteiknede går ein god del i fjellet og misliker stort sett å møte folk der, uansett om dei er svarte eller kvite.

    MEN eg respekterer alltid andre folks rett til å oppholde seg i fjellet der det måtte passe dei. Har eg eit problem med det så er det opp til meg sjølv å flytte meg. Det bør også enkelte andre på dette forumet tenkje over.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.