Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 061
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Innlegg skrevet av Gal Krokfot

  1. Litt info om albinisme: http://www.nrk.no/trondelag/albino-feber-etter-ny-elgoppdagelse-1.8005017

    Sjølv om vi har åtte månad med vinter og fire med dårleg skiføre her på berget er nok likevel kvit kamuflasje litt upraktisk for elgen. Ergo bør vi utrydde bjørn og ulv for å auke kvitelgens sjanse til å overleve... :)
    Frå spøk til revolver, dårleg syn og auka sjanse for sjukdom heng i hop med genfeilen. Meiner også å ha lest tidlegare at albinoindivid har dårlegare reproduksjonsevner men fant ikkje att informasjon om dette i farta.

    Evolusjon utviklar seg gjennom mutasjon ja, men albinoindivid i naturen er noko som til og med naturen sjølv tuktar med hard hand.

     

    For eiga del har eg ikkje noko interesse for elgjakt men aksepterer at nokon må gjere det for å halde bestanden under kontroll. Og at elgjegerane da feller albinoindivid på lik linje med anna elg finn eg heilt greitt. Syns det i så fall er verre der dei skyt ut berre storoksar (var eit større problem før, no er det meir regulert).

  2. No har vel menneske jakta på dyr i Norge omtrent like lenge som det har vært vilt her (etter siste istid). Soleis er nok menneska og jakt ein like naturleg del av naturen som bjørn, gaupe, jerv og ulv i Norge.

    • Liker 1
  3.  De fleste tørket nok av den en eller annen plass og satte den i en sprekk og tok den igjen neste dag.
     
    Må korrigere litt ved å sitere frå det fantastiske bokverket eg visar til i post #18:

    Det var noe alle sa at det var noe i veien med Wickström-folket. For eksempel hadde Wickström'ene for vane å bruke dopinnene fleire ganger.

    Papir fantes jo ikkje, så de brukte kløvde pinner å tørke seg med på do. Det var det vanlige. Men mens vanlige normale folk kastet pinnene ned
    første gang den ble brukt, pleide Wickström'ene å legge dopinnene tilbake og bruke samme pinne om igjen. Gikk noen dit, kunne det hende at
    det bare var brukte dopinner å finne i kassen.   Sitat slutt.
     
    (For korrektheitas skuld: A. Berg og R. Ottosen har lånt teksta frå Per Olov Enquist's bok Musikantenes uttog)

     

  4. Vel, elgbestanda må forvaltast og det vil seie jakt.
    Er det da betre at vi tek ut sunne, friske og forplantningdyktige individ i staden for evolusjonsmessige blindspor som albinoane?

    • Liker 4
  5. Den kan også brukes til å vaske fingrene med etter et dobesøk. Bruk heller myrmose enn annen mose når du tørker deg i r.. bak, etter at du har vært på do.

    Gamle og utprøvde metoder med andre ord. Ikke er det jeg som ville ha hatt en pinne bak nei. Bruk heller myrmosen som er naturens egen våtserviett. Den er behagelig, rensende og inneholder ikke noen kjemikalier: http://www.rolv.no/urtemedisin/artikler/spha_spp/art1.htm

    Men husk at den ikke kan erstatte dopapir og såpe helt.

     

     

    Også etasjemose (og delvis sigd og furumose) har antiseptisk effekt. Vil tru den fungerar like godt som myrmose. Reinlav og kvitkrull kan også brukast sjølv om dei

    ikkje har noko bakteriedrepande effekt. Dog, du vil nok foretrekke den halvfuktige og ikkje den turre versjonen...

    Men hypotetisk sett, kvifor kan ikkje mose og vatn erstatte dopapir og såpe?

     

    For den som vil ha meir dritinformasjon kan eg anbefale kioskveltaren "Med hjerte i døra" av Arngeir Berg og Rune Ottosen. Ei bok som vil gje deg svara på dei fleste spørsmål du aldri har tenkt på om utedoens historie og dermed også relativt mykje dritprat.

    Også dopinner (skjetsprek) er omtalt.

     

  6. Den siste tida har Nøtteliten lagt sin elsk på gevira som heng på veggane til pynt. Er det nokon som har noko erfaring med kva eg kan behandle gevira med så ekorn ikkje finn dei så smakfulle?
    Tips til behandling av delvis oppgnagde gevir mottas også... (Gips?)

  7.  

    De har valgt å ta med bare en enkeltpersons høringsuttalelse - men han er ikke scootermotstander. Tilfeldighet?

     

    Sjekk innlegg til Inger Gundersen.

     

    Forøvrig interessant å sjå innlegget til Politidirektoratet bekreftar mykje som vi skeptikarar har hevda.

  8. Det er nokre klatre/klive parti (enkelt om du er litt fjellvant men vanskeleg nok til at enkelte vil velje å snu) som kan bli relativt krevjande ved vått/glatt føre på Innerdalstårnet.

    Angåande råd vedrørande vær, sjekk værvarsel men ikkje stol på det...

     

    Nydeleg topp, god tur.

  9. Dette skal ikke skje og du bør få nye. Det skjedde med mine tre år gamle Åsnes Ingstad og jeg fikk nye kostnadsfritt.

     

    Det kjem an på kvifor det skjedde. Om han har tryna hardt eller køyrt på stein treng ikkje garantien være gyldig.

    Lettvektshysteriet går også på bekostning av kvalitet/holdbarheit.

     

    Når det er sagt, eg fekk sjølv nye Åsnes Ingstad på garantien når dei knakk etter to sesongar.

  10.  

    Katter gjør sinnsykt mye skade i nærområdene sine og da jeg tok jegerprøven ble alle, i plenum, oppfordret til å avlive alle katter man så i skogsområder, som var mer enn 150 meter fra et hus og uten halsbånd.

     

     

     

    En slik tolkning vil gjøre det ulovlig å sette ut ei musefelle også.

     

    Ellers er jeg enig i at katter er en mye større trussel mot fanuaen enn hva hunder noen gang kommer til å bli. Men katter slipper unna med det for de er så søte....

     

    Å sette opp musefelle er uttak av skadedyr og kjem inn under andre lovar enn jaktlova.

     

    Sidan katt og kattehald er drege inn i diskusjonen syns eg det er nokre moment angåande det temaet som bør være med i vurderinga.

    At huskatten kan være hard mot småfuglbestanden er det ingen tvil om. Men av dei fugleartane katten normalt vil ta er få eller ingen trua. Katten tek som regel av dei fugleartane som er best tilpassa å leve med folk og dermed av dei artane som er mest vanlege.

    Her er ei liste over trua fuglearter frå 2006 (nyare lister skal være ute) http://www.birdlife.no/naturforvaltning/nyheter/?id=94  og det er få av dei trua artane du vil sjå katten vanlegvis kjem heimatt med. Faktisk så er nedbygging av kulturlandskapet (som sauen er ein viktig bidragsytar til å oppretthalde) eit mykje større problem for mange fugleartar.

    Forsking på feltet visar også at katten (som andre rovdyr) ofte tek sjuke, svake og gamle individ.

    Katten er også effektiv mot rotter og mus som er skadedyr og smitteberarar. Tidlegare generasjoner har vist å verdsette dette (eksempelvis egyptaranes gudedyrking av katten) men diverre har moderne menneske distansert seg såpass langt frå naturen at dei ikkje evnar å sjå den verdien lengre.  

    For den som er interessert i å skaffe seg litt meir kunnskap om temaet har Eirik Newth skrevet ein blogg om dette der ein også finn ein del lenkjer vidare til meir stoff om temaet. 

     

    Den jegerprøveinstruktøren til 7homas burde aldri fått undervise.

    • Liker 1
  11. Ok, det var vist eg som rulla i gang negativiteten men eg trur ts har teke poenget no og om ikkje kjem han nok heller aldri til å gjere det.

    Foreslår at tråden vris om til konstruktive innspel på alternative turar og kva ein bør tenkje på før, under og etter tur.

     

    Synspunkt og innspel frå ts hadde sjølvsagt gjort det enklare og meir interessant.

    • Liker 4
  12. Ei bikkje med tennene i sauen derimot, skal kunne skytes hvis ikke varselskudd funker og eier er fraværende. Mener jeg. Og det var ikke tilfelle i gjeldende sak.

     

     

    Ein del bikkjer berre "leikar" med sauen. Konsekvens, dei sprengar/drep den men bit ikkje. Nødvergen gjeld vel ikkje da?

  13. Definisjonen på villmark er vel område som ligg minst fem kilometer frå større tekniske installasjonar, inkludert vegar. Dette er det nok lite att av i Norge. Men fem kilometer kan skjule mange perler sjølv om også mykje av det vi i dag oppfattar som urørt er kulturlandskap i forskjellige former.

    • Liker 1
  14. Men det rettferdiggjør ikke det at man bare kan skyte enhver løse bikkje, selv om det finnes sau i området.

    Det er nok mange flere hundehatere, enn dedikerte bikkjefolk her på forumet. Det er ihvertfall mitt inntrykk. Eller så er de fleste hundefolk her redde for ytre meninger, for man blir jo stemplet som dum og mislikt, kun fordi man HAR hund av enkelte her inne.

     

    Ok, eg er sikkert sjølv båssett blant bikkjehaterfolket no sjølv om eg ikkje er heilt einig i det. MEN eg ser ein del haldningar og oppførsel blant bikkjeeigarar som irriterer meg og som eg meiner bør ryddast opp i. Interessant i så måte å sjå både ASI og Robinson som truleg er sett i same bås som meg seinare skriv dei har bikkje... :)

    At mannen som skaut bikkja i denne saken truleg har gått for langt har både eg og fleire av mine meiningsfeller her vedgått i større eller mindre grad. Men når saken endar i retten er det kva som kan bevisast som tel, ikkje kva ein trur eller meiner.

    Kva syns du, Fenriken, retten burde ha konkludert med og kvifor?

     

    Nei det må være feil! Det er også bevist at det ikke var skadde eller døde sauer hos denne bonden. Hadde det vært det ville det ha blitt trukket frem som et godt argument for bonden, og saken ville vært en annen.

     

    Bikkja kan godt ha jaga sau utan at det er synlege skader på den. Men sjølvsagt, med død eller skadd sau hadde bondesonens forklaring stått betydeleg sterkare.

     

     

    @Gal Krokfot

    Håhå DU er tøff du som tør å sammenholde dyrevelferden i hundeholdet mot det industrielle landbruksdyreholdet!

    Men det blir jo for blåbær å regne mot de massive overgrepene som skjer i landbruket, både i avl og i dyrehold. Her kommer det kyr som har så store jur at de tråkker på dem, kyllinger lever sitt korte liv i et totalt unaturlig miljø for dem. Hvor ofte kommer de vinterfora sauene ut i løpet av vinteren? Hæ? Og alle geitene, og kyrne? Er det ikke naturlig også for dem å bevege seg mer enn noen få skritt i et fjøs?

    Men når en dyreeier innenfor landbruket ikke steller pent med sine dyr, så kan det dreie seg om svært mange. For kyllinger flere tusen. Og alle dagens regler for minimum dyrevelferd er kjempet igjennom nettopp imot argumentene fra landbruket. Det blir for dyrt med større hønsebur, det lønner seg ikke med større båser osv har vært motargumentene.

    Å sammenligne de to forholdene er som å sammenligne en fjert mot lukta fra møkkaspredningen på et stort jorde. Begge lukter ille, men mengden av skitlukt er forskjellig. Men jeg gidder ikke diskutere dette emnet mer siden det ligger godt på siden av tråden.

     

    Kor tøff eller ikkje eg er får andre avgjere men argumenta mine heng iallefall litt på greip.

     

    Kyr som trakkar på jura er vel å dra det litt langt men om du er ueinig med dyrevelferda der får du ta det opp med staten for det er dei som har praktisert ein temmeleg vinglate (og for bonden kostbar) politikk som gardbrukarane har gjort sitt beste for å tilpasse seg.

    Angåande sauehald (gjeld delvis også geit, hest og ku) er det enkelte her i distriktet (Gudbrandsdalen) som har gitt dei moglegheita til å gå ute vinterstid med påfølgande anmeldelse frå mattilsyn og meinigmann. Men dei fleste klipper sauen om hausten for å levere ulla og da trur eg eigentleg sauen er likeglad med å sleppe å gå ute vinterstid... 

    Broilerproduksjonen er ikkje bra, er einig der. Men også på det feltet har landbruket tilpassa seg politikaranes vedtak (les: storkapitalen og forbrukar).

    Og angåande den siste kommentaren din, verdsveven fungerer ikkje sånn at ein kan punktere ein debatt etter nokre dårlege argument med at dette gidd eg ikkje diskutere lengre... 

    Denne debatten er ikkje ei tynn rød linje ein må halde seg på men ein del av ei mykje større heilheit med forgreiningar vidt utover. Skal ein få oversikt å forstå litt av den bør ein sette seg inn i heilheita og tenkje gjennom alle sider som er relevante. Ikkje låse seg fast på eit spor.

     

    Hadde hunden kunnet blitt avlivet selv om den hadde vært i bånd? Nå venter JEG spent på det svaret!

     

    Ikkje at eg forstår kva dette har med saken å gjere men vist bikkja angrep sau (til tross for at den stod i band) er svaret ja.

    Men OttoStover, eg vil gjerne høyre deg svare på same spørsmål eg stilte Fenriken.

    Vi har ein saueeigar og ein bikkjeeigar (ingen av dei framstår 100 % påliteleg og det gjer i høgaste grad heller ikkje media som framstiller saka) med to forskjellige forklaringar.

    Faktum: Det er bandtvang.

    Faktum: Bikkja var laus på eit område med sau.

    Faktum: Saueeigar skaut bikkje.

     

    Ikkje faktum men poeng, opinionen var/er klart på bikkjeeigars side og sjølv om det heitar seg at Fru Justisia skal være blind er nok ikkje det heilt tilfelle. Mi meining er at om dei hadde noko dei kunne teke saueeigar på så hadde dei gjort det (og fortsatt etter mi meining, det hadde truleg vært fortjent).

    Kva konklusjon syns du retten burde enda på? Skal det dømmast på kva ein trur angåande saueeigar eller på kva som kan bevisast?

    Ein dom her mot saueeigar skapar jo også til ein viss grad presedens så neste gong kan ikkje saueeigar skote før bikkja fysisk har skadd ein sau.

    • Liker 2
  15. Det som jeg ihvertfall mener, er at det er for lite som skal til for å skyte en hund. Idag. Og hvorfor må en hund drepes, for at eieren skal få seg en lærepenge? Hvor er det riktig? (Se bort ifra akutt nødverge) Er jo eieren som har gjort noe galt. Eller i andre sammenhenger hatt ett uhell.

    En løs hund skal ikke være det samme som en død hund! Også i nærheten av sauer. Hva slags samfunn lever vi i?

     

     

    I enkelte (skulle gjerne hatt ein dobbeltstrek under enkelte...) tilfeller har saueeigarar såpass mange dårlege erfaringar med lausbikkje i saueflokken at dei berre sitt å ventar på ei sjanse til litt revansje.

    I denne spesifikke saka kan det sjå ut som om saueeigar er på tynn is i forhold til nødvergeparagrafen, men å bevise det når det står ord mot ord er vanskeleg. Det einaste som er bevist er at bikkja ikkje var i band.

    Eg er litt for gamal til å stole på medias vinkling i denne (og andre) saka så da må ein stole på at retten har vurdert alle aspekt og dømt etter kva som kan bevisast.

    Svært mange saueeigarar (og generelt gardbrukarar) er også bikkjeeigarar.

     

    I mine øyne bekrefter du ett inntrykk jeg har av mange bønders holdninger til dyrs liv. De betyr ingenting, bortsett fra pengeverdien.

     

     

    Om ein skal byrje å diskutere haldningar til dyr trur eg bikkjefolket skal gå svært stilt i dørane.

    Punkt ein er bikkjeavl. Vesentlege delar av bikkjemiljøet praktiserar ein avlskultur der ein bevist ettertrakter eigenskaper som er svært destruktive og plagsame for rasa. Enkelte raser er heilt øydelagt på grunn av eit bevist avlsarbeid.

    Punkt to er importpraksis. Mange bikkjefolk føler seg så heva over lova at dei kan importere dei bikkjene dei vil når dei vil utan omtanke for eventuelle parasitter, sjukdomar og liknande som måtte følgje med. Dette inkluderer frakt av eigne bikkjer over landegrenser og tilbake til Norge utan tilstrekkeleg vaksine. Ofte toppa med bitre aviskronikkar/artiklar når bikkja vert hekta i tollen og får ei dyr karantene.

    Punkt tre er alle dei som har bikkjer som aldri får nok mosjon. Eksempelvis folk med husky eller setter midt i Oslo der ein liten gåtur i parken kvar dag er einaste form for mosjon.

    Punkt fire er omtanke for andre dyr, inkludert sau. Denne krasjar sjølvsagt litt med punkt tre men det bør folk vurdere før dei skaffar seg bikkje. Lidelsen sau, fugl, småvilt og andre artar vert påført av ei ukontrollert bikkje er betydeleg. Eksempelvis vert det tidlegare lagt ut ein turrapport på dette forumet (forøvrig ein bra turrapport, men...) der bikkjeeigar fortel at bikkje tok 22 lemen iløpet av turen, fleire av dei gravd opp. Kvifor lar bikkjeeigarar slikt passere? Også lemen har vel ein verdi på lik linje med sau og bikkje? Mange kommenterte rapporten positivt, men eg såg ikkje ein einaste reaksjon på bikkjeoppdragelse og det er tydelegvis mange dedikerte bikkjefolk her...

    Lista kan sikkert gjerast lengre men poenget er at bikkjefolk som skuldar gardbrukarar for dårlege haldningar til dyr får feie litt for eiga dør. For der ser det ikkje bra ut...

    • Liker 5
  16. Mest vind på tur hadde eg nok på ein tur mot Liaberget (ved Kvitingskjølen) i mars. Det var jamt med vind og dårleg sikt heile dagen men da eg kom opp på ryggen siste biten vart det hysterisk. Måtte leggja meg på og bruke heile vekta mi mot vinden for å avansere. Da eg til slutt fekk kjempa meg opp på det eg trudde var toppen og innsåg det berre var ein fortopp ga eg opp. Tok av sekken for å finne fram kameraet med det resultat at jakka vart drege opp og over armane og låste meg fast. Krangla ei stund med vinden for å få på plass att jakka, fotograferte litt før eg skulle ta på att sekken. Det vart eit prosjekt i seg sjølv. Enden på visa vart at eg måtte leggje den på bakken og rulle den på meg...

    Heile tida held vinden eit avsindig lydnivå. Fjellets ro du liksom...
    Veit ikkje vindstyrka på dette men har tidlegare vært ute og kita ved 12 m/s med ein 12 m2 Frenzy (skal heller aldri gjentakast...) og det var ingenting samanlikna.

    • Liker 1
  17. Her er jeg enig med deg, og tenkte å skrive noe tilsvarende,men jeg syntes det ble litt negativt.

    Fyren forsøkte.

     

    Telte litt på knappane sjølv om eg skulle skrive det, men du oppsumerar greitt kvifor nokon burde gjere det:

     

     

     

    Men det største ankepunktet mitt, er: Det er i slike situasjoner det blir gjort feil, som får fatale konsekvenser. Derfor bør de unngås.

     

    Han kan ikkje lese kart, er ikkje vant til fjellterreng eller gå litt tunge turar. Syns det er uansvarleg å anbefale utfordrande turar til nokon med så lite erfaring. No er Besseggen, Bukkelægeret og Galdhøpiggen av dei mest befolka rutene i landet (og i tillegg relativt enkle) så eventuelle uhell der treng ikkje ha så store konsekvensar men andre utfordrande turar kan fort få det.

    Anbefaler ts å byrje med litt enkle turar og skaffe seg erfaring. Rom var ikkje bygd på ein dag... :)

    • Liker 2
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.