magnum_mauser Skrevet 21. september 2021 Skrevet 21. september 2021 Her i huset er bolognes'n min ein høydare, både blandt små og store. Eg har laga denne retten i mange år og har etterkvart justert den til å bli nøyaktig slik vi synes den er best. Den er knallgod som saus til pasta, i lasange og som fyll i pizzasnurrer. Eg legger her ut ei relativt stor oppskrift, fordi eg lager utelukkande ein svær porsjon og so fryser vi ned og har mange middagar på lur - på kortere turer er det supert å ha med seg ein porsjon av denne, smaker supert med potetmos eller litt pasta. Ingredienser: 1,5 kg hjortekjøttdeig (alternativtkarbonadedeig 1,2 kg svinekjøttdeig 300 gram evangerbacon (eller anna godt bacon) 5 løk 7 gulerøtter 7 stilker stangselleri 7 dl rødvin 1,5 liter kjøttkraft 1 glass tomatpuré 2 bokser med hermetiske tomater (helst flådde heile tomater 1/2 glass med finhakka soltørkede tomater Fersk rosmarin 1 ss knuste fenikkelfrø 2 stjerneanis Framgangsmåte: Eg bruner alt kjøttet først, tilsett salt og pepper, slik at du ikkje må krydre deg ihjel på slutten av koketida. Grønnsakane skreller eg og køyrer i foodprosessoren, alternativt hakker du dei sjølv - men denne retten skal stå i ovnen i mange timar, so ikkje hakk det for fint. Finsnitt bacon og finn fram ein stor kjele og fres baconet, tilsett knust fenikkelfrø og finhakka rosmarin. Når fettet på baconet har smelta, tilsetter du grønnsakane og litt salt og lar dei svette i ca 10 minutter før du tilsetter kjøttdeigen og steiker vidare i 5 minutter. Deretter har eg tomatpuré i ei skål, tilsetter ca 1 dl av rødvinen og blander godt, dette heller eg deretter i gryta og lar den surre i 5 minutter til før eg tilsetter resten av rødvinen og lar dette småkoke i ein halvtimes tid. So tilsetter ein kjøttkrafta, finhakka hermetisk tomat og stjerneanis og har på lokk - men la det være ei lita glippe i lokket. Og herfrå kan ein enten fortsette å koke på plata, men eg føretrekker å sette heile gryta i ovnen på 140 grader og lar den stå 2-3 timar å kose seg. Deretter tilsetter eg boksane med hermetiske tomater, knuser dei og blander godt, før gryta får 2-3 nye timer - blir bolognesen for tørr, tilsetter du meir kjøttkraft/buljong undervegs. Den er ganske tyntflytande i starten, men når den er ferdig skal den ha kokt inn til ein ganske tjukk og god saus, den skal ha blitt redusert med ca 1/3. Fjern stjerneanis og smak til med salt/soya og pepper. Det er litt jobb første timen, men deretter lager den seg sjølv. Og det tar totalt frå 6 til 9 timer, men det er absolutt verdt ventinga 5
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå