jarle Skrevet 7. juni 2006 Skrevet 7. juni 2006 ... du får om du overser "kan du da då?" frå mor di, og ber carvingskia dine opp gråurdaskardet! for dei mindre lokalkjende: gråurdaskardet utgjer nordenden av steinskvanndalen på kvamskogen, mellom bergen og hardanger. de finn både kart og utførleg beskriving av området på sidene til arnt, så det gidd eg ikkje ta for meg her... poenget er iallfall at jamvel om den jamne hytteeigar og campingvognraring kjem til å tru at du har sett feil på kalenderen, så er det framleis skiføre mindre enn ein time frå bergen sentrum! dette faktum oppdaga eg ifjor, då eg gjekk heile vegen til fots 1. juli... men det er nok litt mindre snø i år, for snøforholda var omlag dei same i år, ein månad tidlegare! i år var det iallfall med i planen å køyre litt på ski, og vermeldinga mandag var så bra at eg måtte berre. så det vart tur med far, fetteren til mamma, og faren til ein kompis. to gjekk til fots heile vegen. sjølv bar eg altså skia mine ca 450 høgdemeter, før eg gjekk dei siste 350 på ski... føret var til dels trått, men mest veldig bra til juni å være... så det vart vel iallfall 200 gode høgdemeter nedkjøring, inkludert ei skikkeleg bratt fonn ned mot gråurdvatnet. og dermed var dagen perfekt. dei raude stripene rundt leggane minner meg forsåvidt og om turen framleis...
tf Skrevet 7. juni 2006 Skrevet 7. juni 2006 Du skriv ikkje kva målet for toppturen var, men bildet ser ut til å vera teke frå toppen av Fuglafjellet, i retning Fotasperrnuten ...?!? Torbjørn
jarle Skrevet 7. juni 2006 Forfatter Skrevet 7. juni 2006 ops... glemte det ja... men det stemmer,,, er vel eneste muligheten for 350 høgdemeter frå gråurdaskardet og det som er litt artig er at frå vegen ser jo kvamskogen snøfri ut no, men all snøen berre gøymer seg bak kanten! om du køyrer litt opp i steinskvanndalen ser du fonna øverst i skardet, og derifrå gjekk eg vel omtrent 5 meter til fots!
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå