Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Min første turrapport her på forumet, betre seint enn aldri:

 

I går var bedriftsidrettslaget der eg jobbar på den (stort sett) årlege skidagen. I år var turen lagt til Kvitekoven, 1657 moh, på austsida av Jostedalen, i Luster kommune.

Her er lenke til kart, så kan dei som ikkje er lokalkjende følgje med: http://ut.no/map/page/maptool/161251?zoom=15&lat=61.636798858643&lng=7.3791198730469&activeTripUuid=bf7ea874-ba35-4940-835f-74a9fa0c158e. Zoom ut to hakk, så har du bra oversikt over heile turen.

Avreise frå Gaupne (ca. 3 mil lenger sør, nede ved fjorden) litt etter 9, og ca. kl. 10 spente me på oss skia på Myri (ca. 460 moh, etter mykje diskusjon), der brøytinga av bilvegen sluttar. Der stod det forresten, av alle ting, ein gul, gammal, tysk bubil med nokre ungdommar som truleg var ute i mykje same ærend som oss. Det såg kaldt ut.

 

Kan sitere ruta frå invitasjonen me fekk til turen: "Frå Myri blir det lagt opp ei rute via stølen på Geisdalen,

vidare innover Vetle-Geisdalen, post-10341-0-09862000-1363296325_thumb.j 

forbi Vetle-Geisdalsvatnet, post-10341-0-06213800-1363296343_thumb.j 

og opp på Geisdalshalsane. Fint utsyn mot Nigardsbreen her! post-10341-0-63645700-1363296379_thumb.jpost-10341-0-26191400-1363296399_thumb.jpost-10341-0-15127500-1363296438_thumb.jpost-10341-0-64450600-1363296466_thumb.j

Deretter blir kursen lagd austover mot Kvitekoven (1657 meter over havet), som blir endepunktet for turen. post-10341-0-53874200-1363296495_thumb.jpost-10341-0-61189700-1363296561_thumb.j

 

Returen attende til utgangspunktet Myri blir mest truleg same vegen."

 

Me ankom toppen ca. kl. 14. Så godt som vindstille og strålande sol, men med ca. 15 minus tok me ikkje veldig lang pause.

 

Returen nedatt til Myri vart endra noko - me følgde dalen nedatt mellom Kvitekoven og Geisdalsnosi (vist på kartet), vidare ned i Geisdalen, og nedatt til bilane på Myri.

 

Etter ein lang og god dag var folk trøytte og slitne, men veldig fornøgde etter ein fantastisk flott tur  :cool:

Annonse
Skrevet

Takk for det :) Ja, det var spørsmål undervegs om alle ville vere med til topps, men det var ingen som var interesserte i å snu før dei var til topps. Jostedalen har mange fine turar, så der er du nok hjarteleg velkommen tilbake.

Skrevet

Takk for det :) Kan jo informere om at ikkje heile bedrifta var med om eg har uttrykt meg slik, vi er ca. 50 tilsaman.

Var nok mange som hadde større problem nedatt enn opp, meg sjøl inkludert. Men det gjekk bra til slutt :)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.